Hywind-prosjektet gir lokale jobbar


Første etappe av bygginga av Hywind Tampen-understella er no ferdig ved Aker Solutions sitt verft på Stord. Nyleg starta transporten av dei 11 betongfundamenta til Dommersnes i Vindafjord, der resten av glidestøyp og mekanisk utrusting skal gjennomførast. Rørlegger Haraldseid i Skjold er ei av bedriftene som har fått kontrakt på Hywind-prosjektet.

– Me har hjelpt dei med å ruste opp det gamle røyrnettverket, slik at ein er sikra både nok vatn til produksjonen og ikkje minst rask nok leveranse. Røyra var gamle, så dette har blitt ein stor jobb for oss, som har pågått sidan sidan oktober og fram til no, framover vil det bli noko mindre, fortel dagleg leiar Knut Inge Haraldseid.

Han viser til at Skjold-bedrifta som har 11 tilsette har mange større bedriftskundar, blant anna innan slakteri - og oppdrettsbransjen, i tillegg til ein god del privatkundar i regionen Skjold, Tysvær, Vindafjord og Etne. Han rosar store utbyggingsprosjekt slik som vindmølleprosjektet på Dommersnes.

– Det betyr kjempemykje for oss og mange andre bedrifter, området på Dommersnes har vore brakk i mange år, det er kjekt at det skjer noko no, det er dette me får levande bygder av, meiner han.

Ølen Betong er den bedrifta lokalt som har fått størst kontrakt på prosjektet, i tillegg har Brødrene Flatebø hatt grunnarbeidet og Vakt og Alarm i Etne jobben med vakt-tenester.


Avgjerande prosjekt

Vakt og Alarm har hovudkontor i Etne og tilbyr både vakt - og vektertenester, samt velferdsteknologi. Jan A Vinje er styreleiar i bedrifta og fortel at dei har kontrakt på Hywind-prosjektet med vakthald, der ei grunnbemanning på fem personar går i turnus heile døgeret, ein jobb som skal vare i 14 månadar.

– Dette er ein hyggeleg fastjobb for oss, veldig stor er den ikkje, men den er likevel viktig for oss, fortel Vinje og viser til at større prosjektjobbar er særs viktig som grunnlag i vaktdelen i bedrifta.

– For oss er dette heilt avgjerande, hadde me ikkje hatt slike store prosjekt, eller store bedriftskundar som til dømes Westcon hadde situasjonen vår vore heilt annleis. Jobbar som går over tid er viktig både for oss som bedrift og for dei tilsette.

Rekordstor havvindpark

– Hywind Tampen er eit viktig prosjekt for omstillinga av norsk industri. Me er særs tilfredse med at me midt i ein krevjande pandemi har greidd å halde framdrifta og no er klare for neste fase, seier Kenneth Simonsen, fungerande konserndirektør for Renewables i Aker Solutions i ei pressemelding.

Equinors Hywind Tampen er verdas største flytande havvindpark og Aker Solution sin kontrakt med Equinor omfattar bygginga av 11 flytande betongskrog til vindkraftturbinar. Oppdraget inkluderer prosjektering, anskaffing og konstruksjon av betongskroga og marine operasjonar. Dei første 20 meterane av fundamentet er bygd i tørrdokken ved Aker Solutions sitt verft på Stord. Når dei 11 understella blir ankra opp opp på Dommersnes, skal glidestøypen halde fram til ein høgde på 107 meter. Ein del av arbeidsomfanget på Dommersnes vil også vere å gjennomføre mekanisk utrusting av understella, før dei blir transporterte til Gulen for installering av vindturbinane. Siste fase er uttauing og installasjon offshore, som skjer i et 50/50-partnerskap med DOF Subsea.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden