Informasjonsmøte med NAV
Korleis kan lokalt næringsliv bidra til at fleire flyktningar kjem i arbeid? NAV Vindafjord-Etne inviterer til informasjonsmøte 6. juni, kl. 08.30 på Medvind i Ølensvåg.
Er du nysgjerrig på kva det vil seia å ha ein person med flyktningbakgrunn i praksis eller arbeid i di bedrift?
Aldri før har det blitt busett så mange flyktningar i Vindafjord og Etne. For at endå fleire av desse skal koma seg ut i arbeid, treng me mange lokale bedrifter med på laget.
Fleirtalet av flyktningane er frå Ukraina, men det blir også busett flyktningar frå andre land. Vaksne flyktningar deltek i kommunen sitt introduksjonsprogram som skal førebu til arbeid eller utdanning. Nye retningslinjer slår fast at minimum 15 timar i veka i introduksjonsprogrammet skal vera arbeidsretta. Dette for å få fleire i arbeid. For å lukkast med dette treng me samarbeid med fleire lokale bedrifter. Flyktningane har variert bakgrunn med ulike kompetansar og erfaringar som dei ønskjer å bidra med i den norske arbeidsmarknaden. Kanskje kan ein praksisperiode vera starten på ein karriere i akkurat di bedrift?
NAV Vindafjord Etne, Fikse Næringsforening og Medvind Næringshage inviterer lokalt næringsliv til informasjonsmøte.
Praktisk info:
- Tid: 6.juni, kl. 08.30
- Stad: Orkan møterom, Medvind Næringshage, Ølensvåg.
- Arrangementet er gratis
- Påmelding via denne linken
På programmet:
- Generelt om busetting og integrering av flyktningar
- Praksis i introduksjonsprogrammet
- Erfaringar og tips
- Eksempel på deltakarar
- Oversikt over deltakarar sin kompetanse og erfaring
- Språk og førarkort
- Verkemiddel gjennom NAV
- Tid til spørsmål og samtale