Kontakt oss

Kari Aakra
Daglig lederKari er dagleg leiar i næringshagen og har jobba her sidan 2014, då hun starta som prosjektleiar for kommunikasjonsprosjektet Medvind24.no. Kari har bakgrunn i journalistikk og kommunikasjon. Ho er over gjennomsnittet glad i å bli kjent med folk, og det kjekkaste som finnest er å bidra til at andre lukkast. Trivst særs godt seg prosjektarbeid, marknadsføring og nettverksbygging på vegne av lokale bedrifter og aktørar. Kari er sterk i trua på alle prosjekt der gode krefter drar i lag, og vil gjerne vera med å bidra til ny knopskyting eller samarbeidsprosjekt for lokal verdiskaping. «Til lags åt alle kan ingen gjera», heiter det. Dette er noko Kari aktivt prøver å motbevisa kvar einaste dag på jobb.
Telefon: 971 88 516
E-post: kari@medvind24.no

Morten Helland
ForretningsutviklerMorten er vår forretningsutviklar og alt-mogleg-mann. Han har lang fartstid frå tomteselskapa, og er ein kløppar på tomteutvikling, næringsareal og bustadareal. Han er også ein av grunnleggjarane bak Etne senter, og kan difor det meste om handel, butikkdrift og sentrumsutvikling. Morten har eit enormt nettverk, og veit stort sett alltid kven ein bør kopla seg på for å koma vidare med prosjektet sitt. Skal du til med eiga bedrift, ny forretningsidé eller innovative prosjekt, kan det vera lurt å starta med ein prat med Morten: då får du garantert gode råd, og nokre viktige spørsmål du truleg ikkje hadde tenkt over før. Morten er sparringpartner og rådgivar nr 1, med ei gjennomføringsevne i verdsklasse.
Telefon: 458 65 508
E-post: morten@medvind24.no