Smaken av ost

Basile Lacave har jobba på ubåt i det franske forsvaret og som dykkar i offshore-bransjen. No satsar han alt på å lage sin eigen plantebaserte ost i Etne.

Basile Lacave er uredd og modig. No vil han lage plantebasert ost i Etne. Foto: Kristian Risanger

I dag deler Basile ut smaksprøvar på sin eigen plantebaserte ost på Åkrafjordtunet. Små brødskiver med rause bitar av den gule og freistande osten ligg klare i butikken, og kundane som er innom i Åkrafjorden lar seg lett freiste. Her, i sjølve sentrumet av lokalmatproduksjon i Etne, får Basile låne kjøkken til å lage sin heilt eigen ost basert på cashewnøtter.

Osten minnar om chevre i konsistens, men er altså laga av nøtter. (Foto: Kristian Risanger) – Osten minner litt om brie og litt om camembert, og konsistensen minner litt om ein chevre-ost. Råvara er sjølvsagt annleis, men framgangsmåten er jo lik. Dette er eit alternativ som passar for alle, og ikkje berre for veganarar eller dei som er laktoseintolerante.

Ein dag håpar han at osten blir produsert av berre lokale råvarer, men enn så lenge er cashewnøtter det beste alternativet. 

– Det er jo og kjekt å kunne støtte dei landa som treng å auke salet på nøtter, slik sett er dette og ein god måte å jobbe klimavennleg på. 

– Men namn til osten har eg ikkje funne endå, det må eg jobbe meir med, seier Basile og ler. 

Ny industri

Aurelija Zakare smakar på den platenbaserte osten. (Foto: Kristian Risanger)Det heile starta då han for tre år sidan fekk servert vegansk brie av ei veninne, noko som gav meirsmak.

– Og du tullar ikkje med fransk ost med ein franskmann altså, akkurat som du ikkje tullar med det italienske kjøkkenet med ein italienar. Så eg var spent, men det smakte verkeleg godt, seier Basile. 

Dermed var den første interessa vekt for at det faktisk gjekk ann å produsere plantebasert ost som smakte godt. Basile har stor respekt for den tradisjonelle osteproduksjonen med mindre, lokale ysteri der ein lagar ost av mjølk frå anten ku eller geit, men dette var noko heilt nytt og noko som passa betre for han. 

– Eg er ingen bonde, og har ingen dyr eller tradisjon i familien med osteproduksjon. Så for meg vart det valet enkelt, dette kan eg lage kor som helst i grunnen. Dette var annleis og innovativt, og her kunne eg få bruke gleda eg har av å lage mat. 

– Dette er jo ein industri som verkeleg blømer i utlandet, som døme var det eit selskap i Sveits som produserte 20 000 plantebaserte produkt i veka. Til mitt hell er me jo ikkje komne så langt i Norge som ute i Europa. 

Nyttig nettverk

Målet er at ein til sommaren skal kunne få osten servert på utvalde restaurantar, som blir den første marknaden for Basile og osten hans. 

– Det er allereie fleire som har vist interesse, så det blir spanande å sjå korleis det går. Det er og fleire butikkar som har hatt inne smaksprøvar, og eg har vore på Ullandhaug i Stavanger og på landbrukskonferansen i Etne og vist produktet fram. Det er har i stor grad vore gode tilbakemeldingar. 

Basile har og vore i kontakt med tradisjonelle ysteri som villig har delt av sin kompetanse og kunnskap. Han set pris på å få vere ein del av eit nettverk, spesielt sidan denne type osteproduksjon er så ny i landet.

– Eg har jo lært mykje av det som har skjedd i utlandet, men vil og gjere ting på min måte. Det er viktig å vere trygg på kvaliteten, spesielt når ein jobbar med bakteriar og mat. 

– Det er jo og litt spanande at denne osten kanskje er noko gravide kan ete utan at den treng å bli varma opp til dømes, det er noko me må finne ut meir om. 

Gründer-par

Gründeren er oppteken av å skape noko, og blir trigga av å bygge noko opp frå starten. 

Basile Lacave brenn for matproduksjon og bruk av gode råvarer. Plantebasert ost er noko ganske nytt her til lands, men derimot større i Europa. (Foto: Kristian Risanger)– Ein må alltid tenkje i store linjer, det trur eg er viktig. Stoppar ein ved alle detaljer så kan det bli vanskeleg å bygge opp. Ein må uansett ha eit produkt som er godt nok, elles vil selskapet døy. Eg som er perfeksjonist må jobbe ein del med meg sjølv her for klare å gå vidare når det er «godt nok».

– Gjennomføringsevne er det aller viktigaste trur eg for å lukkast. Framleis er det eg driv på med prega av hobby, men eg håpar jo eg snart kan satse fullt, seier han, som deler heim med ein annan gründer. 

Sambuar Ingeborg M. Johansen har nyleg starta selskapet DeBoss, der ho trener skjorer og kråker opp til å samle søppel mot at dei får noko godt i andre enden.

– Det er veldig kjekt å vere to om dette heime, då kan me støtte kvarandre og vere til hjelp. Ingeborg er utruleg flink, og eg ser jo at me er konkurransedrivne begge to. Me får eit kick av gode resultat, seier Basile. 

Bergtatt av Norge

Som bakgrunn har Basile blant anna jobba sju år som mekanikar på ubåt i det franske forsvaret. Då lærte han at han likar seg aller best når utfordringane blir for store, når alt går på skinner kan det derimot bli litt kjedeleg. 

– Eg likar godt å finne eit problem og så løyse det. Det er motiverande å drive eige selskap, og ha ansvar for alt sjølv. Eg passar nok betre til det enn å vere tilsett ein plass, her har eg og eit klårare mål om å oppnå vekst. 

I 2014 budde Basile i Canada, men var i Norge for å oppleve Tall Ships Race i Fredrikstad. Han vart bergtatt av naturen og menneska og tenkte at her skulle han flytte om han slutta i forsvaret. Det heile henda i flyttemelding i 2016, og ein ny kvardag som elev på dykkarskule i Oslo. I ettertid har det blitt mange år i offshore-bransjen, og etter kvart flytting til Etne. 

– Eg likar meg aller best på landsbygda, så dette angrar eg ikkje på. No kan eg forhåpentlegvis skape fleire lokale arbeidsplassar, det passar meg perfekt. 


Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden