Tilbyr gründerar gratis kontorplass

Vindafjord kommune tilbyr no gratis gründerkontor på Medvind-bygget i Ølensvåg, Målet er å hjelpe dei som er i startfasen av eiga bedrift.

Gratis gründerkontor

I lokala til Medvind24 Næringshage i Ølensvåg kan du som gründer no få tilgang til kontorplass og eit nyttig nettverk. Her kan ein søkje om kontorplass på inntil tre månadar om gongen.  


– Dette er eit lågterskel-tilbod til dei som ynskjer å starte opp bedrift i ein spanande næringskommune, seier Halfdan Krohn Brekke som er kommunalsjef samfunnsutvikling i Vindafjord kommune.  

 

Bidrag til suksess 

I første omgang er det eitt kontor som blir tilbydd gründerane, og Krohn Brekke håpar dette er eit bidrag som kan hjelpe til suksess ute i bedriftene.   

– Dette er vår måte å hjelpe bedriftene med å senke kostnadane noko, seier han og viser til at interesserte gründerar berre kan ta kontakt med næringshagen dersom dei vil teste ut tilbodet om gratis kontorplass.  

– Det er heilt naturleg å plassere kontorstaden i næringshagen, som også har førstelinjeteneste til oppstartsbedrifter. Dei gjer ein kjempegod jobb med å ta i mot spørsmål, og hjelpe dei som ynskjer å starte opp bedrift.  

 

Nyttig nettverk  

Krohn Brekke er også oppteken av at kontorplassen i næringshagen kan opne dørene til eit nye nettverk for mange.  

– Ikkje berre får ein gratis kontorplassmen ein får og positive input frå eit variert næringsliv og miljø på huset. Det er alltid verdifullt når ein skal starte opp ei bedrift, og treng å kome i kontakt med eit større nettverk.  

Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden