Om styrearbeid og bassengbygging

Organisasjonsnettverket inviterer tillitsvalde i frivillige lag og organisasjonar til kvelds med fokus på styrearbeid og føredrag om Sjøkanten Trivsel, 11. september på Klubbhuset i Ølen. Link til påmelding nederst på sida!

Skåneviksbuen har bygd basseng ved rå dugnadskraft og frivilligheit. På organisasjonsnettverket si samling i Ølen 11.september får me høyra korleis det gjekk til når bygda skulle byggja basseng. Foto: Sjøkanten Trivsel.

I samarbeid med SØK-stiftinga inviterer Medvind Næringshage til ei kursrekke for tilltsvalde i lokale lag og organisasjonar.  Målsetninga med prosjektet er å styrka kompetansen innan lag- og  organisasjonsarbeid, erfaringsutveksling og nettverksbygging for alle som er involverte i frivillig arbeid. Les meir om prosjektet her!

Meld deg på samlinga i Ølen, 11.sept her!

I første kursrekke set me fokus på styrearbeid, og inviterer til kurs og inspirasjonsføredrag. 

  • Tid: 11. september, kl. 18.00 - 22.00
  • Stad: Klubbhuset i Ølen
  • Pris for denne samlinga:
    • Kr. 200,- per deltakar frå lag og organisasjonar i SØK-området (gamle Skånevik Ølen Kraftlag sitt konsesjonsområde)
    • Kr. 400,- per deltakar frå andre lag og organisasjonar

Program:

  • Styrearbeid for lag og organisasjonar v/kurshaldar Lars Einar Hollund, Idrettsforbundet
  • Prat og kveldsmat
  • Når bygda byggjer basseng! Om bassengprosjektet i Skånevik v/Sjøkanten Trivsel

Påmelding innan 10.sept!

Me tar atterhald om endringar i programmet!