Om styrearbeid og eit hagelag til nye høgder

Organisasjonsnettverket inviterer tillitsvalde i frivillige lag og organisasjonar til kvelds med fokus på styrearbeid og føredrag frå Etne Hagelag. 10. september på Helsehuset på Bjoa. Link til påmelding nederst på sida!

Etne hagelag blei kåra til Årets hagelag 2024. På organisasjonsnettverket si samling 10. september får me høyra meir om korleis hagelaget jobbar og vegen til å bli landets beste. Frå venstre: Inga Klokkerstuen Wangensteen, Marta Onstein og Sigrid Løvereide. Foto: Det norske hageselskap.  I I samarbeid med SØK-stiftinga inviterer Medvind Næringshage til ei kursrekke for tilltsvalde i lokale lag og organisasjonar.   Målsetninga med prosjektet er å styrka kompetansen innan lag- og  organisasjonsarbeid, erfaringsutveksling og nettverksbygging for alle som er involverte i frivillig arbeid. Les meir om prosjektet her!

Meld deg på samlinga på Bjoa 10.sept her!

I første kursrekke set me fokus på styrearbeid, og inviterer til kurs og inspirasjonsføredrag. 

  • Tid: 10. september, kl. 18.00 – 22.00
  • Stad: Helsehuset på Bjoa
  • Pris for denne samlinga:
    • Kr. 200,- per deltakar frå lag og organisasjonar i SØK-området (gamle Skånevik Ølen Kraftlag sitt konsesjonsområde)
    • Kr. 400,- per deltakar frå andre lag og organisasjonar

Program:

  • Styrearbeid for lag og organisasjonar v/kurshaldar Lars Einar Hollund, Idrettsforbundet
  • Prat og kveldsmat
  • Nye høgder for hagelaget!  Korleis hagelaget i Etne blei landets beste v/ Etne Hagelag

Påmelding innan 9.sept!

Me tar atterhald om endringar i programmet!