Løftar opp treningsgleda

I Etne kan du få Norges beste karateutøvar som personleg trenar. Hans Kristian Havreberg og faren Geir Arne Havreberg utvidar no treningssenteret dei driv i Stordalen, og opnar ny avdeling i Ljoshallbygget i Etne.

Ideen bak treningssenteret Havreberg Gymmet heime hjå far og son Havreberg i Stordalen i Etne var å gi eit ekstra treningstilbod til dei som satsa fullt og heilt på idretten. Dei såg at mange klubbar sleit med å tilsetje kvalifiserte trenarar og ønska å bruke sin varierte bakgrunn til å følgje opp idrettstalent – både lokalt i Etne, men og nasjonalt via digitale kanalar. 

– Difor bygde me om løa heime på garden, og fekk på plass eit treningsområde på 200 kvadratmeter. Her har me utstyr til både styrke, kondisjon og kampsport-treningar. Senteret har blitt ein stor suksess, både hjå dei som ynskjer ekstra oppfølging og dei som berre vil trene åleine. 

Hans Kristian og Geir Arne har aldri planlagt korleis treningssenteret skal utvikle seg, her har senteret utvikla seg i takt med interessa som kom frå lokalbefolkninga og dei trenarane når digitalt. Til hausten utvidar dei med ny avdeling sentralt i Etne, nemleg i Ljoshallbygget, som er prosjektet til Brødrene Mæland og Helgevold Elektro.

Far Geir Arne Havreberg (t.v) og sonen Hans Kristian Havreberg kikkar i dei nye lokala der treningssenteret skal etablere seg i Ljoshallbygget. (Foto: Marcus Rødne) 

Dei nye lokala i sentrum er klare til innflytting, og går alt etter planen er avdelinga klar til opning i september. Framleis er den store og lyse hallen på 250 kvadratmeter tom, men til hausten reknar Havreberg med at huset er fullt av treningsutstyr, ivrige mosjonistar og dei som trenar for å nå tøffare mål. 

– Tanken er at avdelinga i sentrum skal konsentrerast rundt dei som kjem innom senteret og ynskjer meir generelt treningstilbod. Så kan me ha meir spissa fokus på blant anna kampsport-trening, med samlingar og kurs i Stordalen. Me måtte berre trø til når sjansen om det sentrale bygget kom, me blir meir synlege her, seier duoen. 

– Etterspørselen har berre auka på, og me brukar all ledig tid på senteret no, fortel Hans Kristian, som sjølv og trenar 15-20 timar i veka. 

Som aktiv karateutøvar har både han og trenar-faren mange reisedøgn i året, så mange at dei ikkje har våga å rekne på det eingong. I fjor flytta til og med Hans Kristian til Barcelona for ein periode, alt for å finne VM-forma. Det seier seg sjølv at dagane og arbeidsvekene fort blir fylte opp.

– Me er avhengige av at drifta her rullar av seg sjølv, me kan ikkje alltid vere tilstades, og har flinke folk med oss. Målet er nok at me kan tilsetje fleire i tida framover, det trur me det er marknad for, seier Geir Arne. 

Hans Kristian Havreberg fekk i fjor kongepokal i NM for fullkontakt-karate, i tillegg har han hausta fleire internasjonale og nasjonale titlar gjennom sine seks år på landslaget. Far Geir Arne har heller ikkje eit ukjent karatenamn. Med 15 år på landslaget og 45 år med trenarerfaring, 12 av dei som landslagstrenar, veit han kva han snakkar om, når det kjem til både trening, teknikk og kva som krevst for å bli toppidrettsutøvar. Han er også mannen som har bygd opp det stadig veksande karatemiljøet i Etne.

I dag er det Idar Golf (sitjande) som er innom treningssenteret i Stordalen for ein time med personleg trenar. (Foto: Marcus Rødne)

Både far og son Havreberg er opptekne av at det aldri er for seint å starte treninga, og at alle har behov for brei og skadeførebyggande trening. 

– Karatemiljøet her er veldig bra, og me ser mange unge talent som må trene variert for å tole treningsmengda og unngå skadar. Karate er ein kompleks sport som krev både kondisjon, styrke og rørsle, seier Geir Arne. 

– Me vil legge grunnlaget for at alle kan få sunne og sterke kroppar som kan halde på med den aktiviteten som dei ynskjer. Det som har vore litt ekstra kjekt med senteret i Stordalen, er at me har hatt ei uhøgtidleg stemning der folk har våga å kome på trening. På senteret vårt skal ikkje trening berre vere for dei superspreke, me skal ha eit tilbod til alle. Det håpar eg me klarer å bevare når den andre avdelinga opnar og, seier Hans Kristian. 

Geir Arne fortel om han på 75 år som støtta seg då han kom inn på senteret for første gong, og som i dag nesten kjem joggande inn døra når han skal på trening.

– Det har overraska oss kor mykje dette betyr for folk, og det er givande å sjå kva utvikling folk har. Me skal ikkje vere eit fancy treningssenter, men ein plass der heile familien kan trene saman, fortel Geir Arne. Han får støtte frå sonen, som også er i gang med mastergrad i idrettsvitskap. 

– Me starta ikkje dette for å tene pengar, målet er å vidareføre lidenskapen for trening, seier Hans Kristian.

Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden