Handverkaren

Hestekviskraren

Hovslagar Eirinn Steffensen skor hestar over heile regionen. Men ho er like opptatt av gode sko som resten av hesten.

«Hestenerd», kallar ho seg. Hovslagar Eirinn Steffensen er eks-bergensaren som emigrerte til Etne, og starta for seg sjølv for å kunna nerda på fulltid. At hesteinteressa har følgt henne heile livet, var ein viktig grunn til at Steffensen ville utdanna seg i hovslagarfaget.  

Hestar treng ofte hovstell 

Det kan ikkje gjerast av kven som helst.  

– Det er utruleg vanskeleg å få tak i hovslagarar. Spesielt gode hovslagarar med utdanning, forklarer ho 

– Kva er ein god hovslagar?  

– Ein som er god med hesten i den sårbare stillinga der dei må løfta foten, som er god på å sjå korleis ein kan vedlikehalda best mogleg, seier Steffensen. 

– Det er nokon som ikkje berre driv melk- og brød-skoing, men som er opptatt av korleis maksimera komforten for hesten 

– Me jobbar med levande dyr. Dei har rett på komfortable bein.  


Handverkaren

  • Næringslivet i Etne og Vindafjord er enormt mangfaldig, verdiskapinga skjer på både kontor og verkstad. 
  • I denne serien løftar Medvind24 fram heile spekteret av handverksfag i regionen. 
  • Kjenner du nokon me bør snakka med? Tips oss på post@medvind24.no!

For det er det det handlar om. Om dyrevelferdom den beste kunden, nemleg hesten, den mest takknemlege kunden ein kan ha, ifølgje SteffensenDen treng hovstell kvar eller annakvar månadDårleg oppfølging på fotfronten får større konsekvensar enn manglande pedikyr. Som på oss menneske, vil godt stell og gode sko hindra smerter, feilstillingar og skader. Hestane Steffensen jobbar med, er gjerne brukt på gard, i sprang og dressur – eller til pynt, som ho seier 

Det er også ein marknad i det store islandshest-miljøet på Haugalandet. Kundane er fordelt over Vestlandet. Steffensen har funne ein balanse på faste kundar som ho held sko-intervallet på. Resten av timeplanen blir sett opp deretter.  



Hovslagarfaget er ikkje vegen til å bli millionærSteffensen si drivkraft er dyrevelferd og moglegheit til å vera tett på hest daglegtillegg til dei to hestane ho har sjølvÅ sjå at eigaren får større forståing, og at hesten fungerer betre saman med hen, er givande.  

– Eg får prata masse om hest dagleg. Så eg er fullt utprata når eg kjem heim, ler Steffensen.  

Steffensen meiner kunnskap er nøkkelen. Sidan ho tok den kursbaserte utdanninga i 2017, har hovslagaren investert tid og pengar i kursing årleg, med spesialisering i hov og musklar 

– Dei heng jo saman frå topp til tå. Det er interessant å vita korleis hovane pregar kroppen – og motsett, forklarer ho.  

Målet er ei mest mogleg heilskapleg forståing for heile dyret, også det som skjer over kneet’, som ho seierHestemassasje, anatomi, rehabilitering og laserterapi er av kurs og sertifiseringar Steffensen har tileigna seg. Kunden får ein heil pakke med Steffensen i stallen.  


 


Men laser?  

– Det er ein kald-laser som aukar energien i celler, og skapar raskare rekonvalesens og mindre smerter for hesten. Laseren kan brukast på sår, sener eller ledd, forklarer Steffensen. 

For:  

– Eg er hestenerd og likar å grava meg ned i ting og læra meir om dei, forklarer ho 

– Den augneblinken du trur du er ferdig utlært, då kan du pensjonera deg, seier Steffensen.  

Meir kunnskap er også viktig for å forstå hesten sin kommunikasjonDet kan førebyggja skader og smerter.  

– Dei prøver, men kan ikkje vårt språk. Før hunden var vår beste venn, så var det hesten 

Dei skuldar ikkje oss så veldig mykje, me skuldar dei mykje. Hestar er fine dyr som fortener det beste, seier Steffensen.  

Kunnskap om hest har gitt Steffensen nokre aha-opplevingar gjennom karrieren.  

– Du kjenner på dei, les litt på kroppen om dei får spasmar i muskelen eller trekk seg litt vekk. Dei eg trudde var ulydige, hadde vondt. Berre tenk deg korleis du reagerer når du sjølv har vondt, resonnerer Steffensen.  

At Steffensen les hesten sitt kroppsspråk meir presistskapar tillit blant kundane – både folk og dyr. Eigaren kan vera trygg på at hesten er i dei beste hender. Ikkje alle vil la ein hovslagar vera åleine med hesten. Kundar som seier at ‘akkurat deg kan eg la sko hesten utan å vera der, er derfor den beste attesten for Steffensen.  

Og derfor tar Steffensen seg alltid god tid til eit oppdragI tillegg lønner det seg å vera roleg som person. 

–  Eg er open med eigaren om det er vanskeleg, om hesten treng beroligande. Det er viktig å setja av god tid til han, ha mykje pausar. Eg pressar aldri hesten ut av komfortsonen. Dei få gongene det ikkje har vore trygt, at hesten har vore fare for seg sjølv og andre, har eg sagt at me prøver igjen ein annan dag, at dette vinn ingen på, seier Steffensen, og legg til:  

– Det er veldig få av dei tilfella. Så lenge hesten ikkje har vondt i kroppen, går det stort sett bra.  


 

Sjølv har ho sjeldan vondt i kroppen, trass at hovslagarfaget er fysisk krevjande. Det vil seia, om ho har det, så går det sjeldan ut over jobb.  

– Tidlegare kunne eg jobba svært lange dagar. Nå hjelper ungane meg med balansen. Du må vera på plass i barnehagen, seier Steffensen. 

Dersom ungane er dårlege, er terskelen derimot låg for å vera heime. Kundane forstår veldig godt akkurat det 

– Dei fleste eg skor for er mødrer, seier Steffensen 

Elles blir det lite langfri i bransjen. 

– Eg har ikkje vore på ferie sidan 2019! I år skal eg halvannan veke til Kristiansand saman med ungane, seier ho.  

Men ho er heldig i jobben som hovslagar, presiserer ho 

– Eg jobbar med noko eg er lidenskapleg opptatt av. Viss eg berre får slappa av litt mellom slaga, så går det fint.  

Framover er målet å kunna tilby fleire typar heilskapleg behandling av hesten, med rehabilitering i tillegg til hovstellHo ser føre seg eit senter for rehabilitering for både hest og hund. På grunn av mangelen på læreplassar i hovslagarfaget, ser Steffensen føre seg å bli godkjent lærebedrift om nokre år.  

I år vil ho fordjupa seg i smiing av hestesko. Kurset er bestilt og Steffensen er klar for å konkurrera på stemne.  

Elles held ho på ambisjonen ho har hatt sidan starten:  

 Eg vil bli så god som mogleg, behandla flest mogleg, læra mest mogleg – og vita meir korleis hjelpa dyra å ha lange, sunne liv 


Denne saka vart først publisert i næringslivsmagasinet Tempo som Fikse Næringsforening gir ut.


Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden