Styrkar satsinga mot næringslivet

– Me skal vere ein god sparring-partner for bedriftene, både med tanke på økonomiske utfordringar og forretningsutvikling, seier Anders Hundseid som i mai startar i jobben som direktør for bedriftsmarkedet i Sparebank 1 SR-Bank.

Anders Hundseid (t.v) er ny direktør for bedriftsmarkedet i Sparebank 1 SR-Bank. Både han og banksjef Magne Christiansen er klare for å gi bedriftskundane eit endå betre tilbod. (Foto: Kristian Risanger)

Sparebank 1 SR-Bank er i full gang med å vidareutvikla det regionale finanshuset i Ølen som skal bistå bedrifter i lokalt næringsliv. Ei viktig brikke i dette arbeidet er tilsetjing av Hundseid som bedriftsmarknadsdirektør for små og mellomstore bedrifter på Haugalandet og i Sunnhordland. Hundseid kjem frå stillinga som konsernsjef i det privateigde slakteriet Fatland, og startar formelt i den nye jobben 6. mai. Bedriftsavdelinga søkjer no etter fleire gode rådgjevarar til Haugalandet.

– Me er på jakt etter dyktige personar som har stort engasjement for utviklinga i næringslivet. Det er viktig med kjennskap til ulike bransjar, og kva utfordringar bedriftene står ovanfor. I tillegg må ein vere utadvent og interessert i kundane våre, det er kjempeviktig, seier banksjef Magne Christiansen bestemt og oppfordrar folk til å ta kontakt om dette kan vere noko for dei. 

– Anders er rett mann på rett plass her, han har med seg viktige erfaringar frå jobben i Fatland og er ein framoverlent rådgjevar som ynskjer å få ting til. Det er gull verdt for oss. 

Anders Hundseid meiner banken si teknologiske utvikling gir næringslivet eit fortrinn. (Foto: Kristian Risanger)

Godt rigga bank

Hundseid har tidlegare  jobba i same bank og kjenner systemet godt. No er han særs nøgd med den satsinga han ser blir retta inn mot næringslivet. 

– Banken har gjort store steg, og har både breidda og verktøya som må på plass for å hjelpe bedriftene med det dei treng. At banken har tatt store steg innan teknologi, gjer at banken er i ein særklasse når det gjeld gode og raske løysingar for kundane, seier Hundseid.

Han meiner bedriftene treng kapital til å gjere nødvendige investeringar, i tillegg til at dei treng ein rådgjevar til å sjå på kva utfordringar ein møter framover og korleis ein kan legge til rette for å betre rammevilkåra.

– Eg likar å jobbe med bedrifter, det er kjekt å kunne bidra til at selskap løyser utfordringar og klarer å snu utviklinga til å bli meir positiv, og at dei nyttar dei sjansane som dukkar opp. Eg har nok med meg nokre erfaringar frå tidlegare, ikkje minst det å kunne stå i nokre stormar. 

– Det er lettare å forstå kompleksiteten og konsekvensane av ulike val i bedriftene når ein sjølv har vore med på opp– og nedturar, seier han. 

Komplett tilbod 

Banken samlokaliserer seg no med Tveit Rekneskap / Forretningspartner og kan difor tilby kunden ein komplett økonomisk pakke, frå rekneskapsføring, lønn og fakturering til økonomisk rådgjeving og banktenester. 

– Dette gjer det enklare for kunden, her kan ein få hjelp til det meste ein treng. Alle bedriftene har ulike behov, og det er viktig at me kjenner kunden godt. Det gjer både rekneskapsføraren og bankrådgjevaren, no kan dei og jobbe tettare for å skape betre utvikling.

– Det er alltid kjekt om ein klarer å skape færre kontaktpunkt for bedriftene, meiner Christiansen.

Magne Christiansen er glad for at Anders Hundseid no er på plass i banken, no søkjer Christiansen også fleire dyktige rådgjevarar. (Foto: Kristian Risanger) 

Rekruttering og innovasjon

Han og Hundseid er klar på at den siste tida har vore krevjande for mange bedrifter, med dyrtid med straumprisar, innsatsfaktorar, høg skattebelastning og rentenivå som har nådd nye høgder fleire gonger. 

– Dei som gjettar kvalifisert meiner at det skal roe seg utover hausten, og at me mogleg då ser ein rentenedgang. Det får me håpe. Me ser at den største utfordringa for lokalt næringsliv framover uansett er rekruttering. Det er vanskeleg å få tak i rett kompetanse når ein treng det. 

– I tillegg må me hjelpe bedriftene slik at dei ser moglegheitene til å drive med innovasjon og utvikling i eit stadig meir byråkratiserande samfunn. Det blir truleg den andre store utfordringa, meiner Hundseid. 

Dei viser og til at banken lener seg på brei kompetanse elles i organisasjonen, og at bedriftene dermed kan få hjelp med dei fleste dilemma via dei lokale kontaktpersonane.  

– Me hentar inn ekspertise lokalt når det trengs, seier Christiansen.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden