Dommersnes i vinden

Våren 2021 startar eit lite industrieventyr på Dommersnes. I løpet av eitt år skal Kværner støype elleve vindturbinskrog ved kaien i Vikebygd.

Image
Ordførar i Vindafjord kommune Ole Johan Vierdal håpar den komande aktiviteten på Dommersnes vil gi ringverknadar i lokalt næringsliv. Foto: Maria Djuve Vågen.

- Me håpar at aktiviteten på Dommersnes kjem til å ha stor betydning for lokalmiljøet. Kanskje blir det eit nytt industrieventyr, sa ordførar i Vindafjord kommune, Ole Johan Vierdal då han opna folkemøtet i Vikebygd onsdag ettermiddag. Han legg til at det blir kjekt å sjå ein meir permanent aktivitet på kaien ved Dommersnes.

Vindafjord kommune saman med Equinor og Kværner inviterte til ope folkemøte onsdag 22. januar om den komande aktiviteten på industriområdet Dommersnes. Hausten 2019 blei det kjent at Equinor og partnerane på felta Snorre og Gullfaks investerer 5 milliardar kroner i utbygginga av havvindparken Hywind Tampen som vil bestå av elleve vindturbinar. Kværner blei tildelt ein kontrakt på 1,5 milliardar for prosjektering, anskaffing,  konstruksjon og installasjon av flytande betongskrog til vindturbinane. Skroga skal byggast ved Kværners verft på Stord og Dommersnes i Vindafjord. Aktiviteten ved Dommersnes kjem i hovudsak til å dreie seg om glidestøyping av botnseksjonane til vindturbinane.

Elleve små troll

Prosjektleiar i Kværner Erik Stormyr kunne innleie med å fortelje om den lange betonghistorien til Kværner, der dei blant anna har vore leiande på betongkonstruksjonar til norske plattformer. Spesielt drog han fram plattforma Troll A som er den største leveransen deira som samla sett vog ein million tonn.

- Om ein ser Troll A i kontrast med dei elleve vindturbinane som kvar veg rundt 22 600 tonn etter ferdigstilling blir dei jo litt små, men summerer me dei veg dei jo ein god del likevel. Så turbinane blir nå kalla dei elleve små trolla på folkemunne hjå Kværner.

Nedre del av skroga skal byggjast i dokken på Kværner sitt verft på Stord. Deretter blir dei taua til Dommersnes for vidare støyping.

- Det vil vere ein god del aktivitet heile døgnet og ein del trafikk sjøvegen når me startar opp. Når me startar støypinga av eit skrog må me halde det gåande kontinuerleg til det er ferdig støypt, seier Stormyr og stadfestar at det vil ta opp mot eitt år å støype alle fundamenta.

- Dommersnes har vore ein viktig byggestein for oss då me leverte anbod i denne prosessen, legg han til og viser til at 60 til 70 prosent av betongarbeidet kjem til å gå føre seg på Dommersnes.

Aktiviteten ved Dommersnes vil i hovudsak vere støyping med betong, marine operasjonar, og montering av stålkonstruksjonar på turbinskroga. På landområde vil det vere betongproduksjon, logistikk og kontor.

Lokale ringverknadar

I følgje ein studie utført av Multiconsult, vil heile utbyggingsprosjektet kunne gi ringverknadar på 1550 til 3000 årsverk til norsk næringsliv. Kværner estimerer ein ringverknadseffekt på rundt 800 årsverk for sin kontrakt, noko som også gjeld effekten av innkjøp og samarbeid, der industriområdet Dommersnes er medrekna.

- På Dommersnes kjem det til å vere om lag 70 til 100 personar under produksjonstida. Då vil det og bli behov for kost og losji for desse. Det vil og bli behov for betong, bemanning, transport og logistikk, kranar, elektro-, røyr-, og snekkartenester, fortel Stormyr og legg vekt på at dei enno er i planleggingsfasen og har ikkje bestemt kvar dei skal gå til innkjøp av desse tenestene.

- Me kan jo ikkje legge skjul på at me håpar aktiviteten vil gi ringverknadar i lokalt næringsliv. Med aktivitet kjem fleire folk, og det kan spele inn på alt frå busselskap til butikkar, matservering og overnatting, seier Vierdal.

- Me veit at aktiviteten ved Dommersnes kjem til å vere i produksjonstopp om lag eit år, og vil gjere det me kan for at Kværner blir nøgde med tilrettelegginga, understrekar Vierdal.

Olje- og gassplattformene blir dei første i verda som skal forsynast med kraft frå ein flytande havvindpark. Vindturbinane får ein kapasitet på 88 MW og vil forsyne om lag 35 prosent av det årlege behovet for elektrisk kraft på dei fem plattformene Snorre A, B, og Gullfaks A, B og C. Utsleppa blir med dette kutta med 200 000 tonn per år, om lag det same som 100 000 personbilar.

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips