Stålvilje

Den tradisjonsrike familiebedrifta Westcon inntar stadig fleire bransjar. Det krev banebrytande teknologi, stå-på-vilje og ei aning kreativitet.

Arne Matre står i spissen for Westcon si havbruk-satsing Hexacage. Som dagleg leiar i dotterselskapet, er Matre opptatt av heilskaplege løysingar for heile oppdrettsbransjen. Foto: Westcon

– Verftsindustrien er vande med komplekse, samansette konstruksjonar.

Det seier Arne Matre, nyslått dagleg leiar i siste grein av søsterselskapa til Westcon, nemleg Hexacage. I løpet av sine 45 år i bedrifta, er Matre arkitekten bak fleire forretningsområde, som blant anna Løfteteknikk og nå Hexacage. 

Etter ein idé av Matre, har Westcon utvikla eit oppdrettskonsept som løyser mange av utfordringane i havbruksnæringa. Sidan innovasjon innan havbruk ofte har vore konsentrert rundt einskildproblem som lus, utslepp eller rømming, ville prosjektgruppa i Westcon løfta blikket på heile produksjonen. Dei har analysert alle problemstillingane og gjort det dei kan best: Designa ei komplett løysing i stål. 

 

Anlegget består av stålbygde merdar med ei servicecelle, ifølgje avisa Grannar. Alt vatn blir filtrert for lus og larvar, og eit spesialutvikla dysesystem strøymer vassmassane i forhold til fiskens vekstfase, skriv avisa. Målet er at anlegget ikkje skal føra til naturinngrep, men ha lang levetid, skapa lønsemd for kundane og sikra gode forhold for fisken, fortel Arne Matre. 

– Ingen har sett alt dette i samanheng. Me ser me har løysingar som kan hjelpa, seier Matre.  

– Me er vande med stål, seier han om materialvalet. 

Det vil også passa kundane, som er oppdrettarar med konsesjon. Stålet enkelt å endra på etter kvart som kunden sine behov og krav endrar seg. Kapitalkostnadene går ned, og skapar økonomisk berekraft som ikkje er mogleg med tradisjonelle løysingar, ifølgje Matre. 

 

 Det er berekraftig så langt som det er mogleg få det, seier han. 

Men ikkje berre det. For Westcon Group markerer Hexacage også eit skifte for bedrifta. Dei siste åra har dei jobba systematisk med forretningsutvikling innan ny teknologi som skal rusta bedrifta for framtida. 

– Nå har me eit bein til å stå på innføre eit fagfelt der me har mykje kompetanse. [JL1] Det skapar alternative jobbar til fagfolka våre, seier han. 

Han viser til det grøne skiftet. 

– Me har sagt at javel, det vil me vera med på, og føra bedrifta inn i ei ny tid. Ein av dei tinga som skal til, er at dei som jobbar i oljeverksemdene, treng grøne jobbar. Me har spelt på dei me kan, og utnytta det best mogleg. 

 

– Korleis kom du på ideen? 

Matre drar litt på det. Som styremedlem i ei oppdrettsbedrift har Matre vore tett på næringa sine utfordringar. 

– Eg var opptatt av at dersom ein skal komma med noko, må ein også kunna spara kostnader og gjera drifta sikrare anlegga, som ligg i fjordar og mellom øyar. Sidan alle merdar vanlegvis ligg kvar seg, må røktarane ut i arbeidsbåt. Dette systemet legg beslag på store sjøareal, seier Matre. 

Matre såg til biene, som byggjer sekskanta honningceller. Det gjer at ein kan overføra krefter frå ei celle til ei anna, slik at anlegget kan opererast som éi eining. Det forenklar jobben for røktarar, som heller kan gå mellom. 

– Me ser at dette kan me betre enn det næringa sjølv kan i dag. Me har jobba veldig godt i lag for å knekka koden, seier Matre. 

For å utvikla konseptet, har Westcon med seg gode partnarar på både fiskehelse, oppdrett og berekraft, blant anna forskarmiljø ved universiteta i Stavanger og Bergen. Underleverandørane er nøye kuraterte, med god erfaring og kvalitetsmessige leveransar innan havbruk. Målet er minst mogleg risiko. Nå skal konseptet testast for alvor, med produksjon over tid i eit pilotprosjekt. 

– Me skal treffa blinken på første forsøket. 

 

– Kvifor er de så gode på å omstilla dykk? 

Matre har ikkje noko klart svar på det. Er det genane i familiebedrifta? 

– Det er vel noko med når du driv med totalløysingar? tenkjer han høgt. 

Kreativiteten trengst når komplekse oppdrag skal løysast best mogleg. 

– Å driva bedrift betyr å at du må stå på, ha med kreativiteten, og heile vegen justera deg. Det gjer at du får utvikling. Du ser på oppgåvene du får, og ser på kva du kunne ha gjort meir effektivt, og på den måten held deg i forkant, seier Matre. 

– Me likar når kunden er krevjande. Det skjerpar oss, og me presterer og leverer god kvalitet. Kundane skal kunna stola på oss. 


Ein annan måte Westcon vil vera i forkant, er innan både subsea, maritim og havvind. Bedrifta jobbar tett saman med både nye og eksisterande kundar, der målet er å kutta utslepp på kort og lang sikt. Dei har inngått kontrakt på installasjon og produksjon av den svenske vindturbin-prototypen SeaTwirl. Då målet er at planlagte havvind-parkar skal vera påkopla straumnettet i 2030-31, vil meir omfattande kontraktar vera aktuelle først om eit par år. Eit anna eksempel er elektrifisering av sokkelen. Leiar for grøn teknologi i Westcon, Jørgen Jorde, trur dei første kontraktane kjem i år, og kjempar for å landa nokre av desse. Han er klar for å innta nye og eksisterande bransjar. 

 

– Innføre grøne løysingar beveger det seg fort. Det alle syntest var veldig vanskeleg i fjor, er enkelt i år, seier leiar for grøn teknologi i Westcon, Jørgen Jorde. Foto: Kristian Risanger– Vårt største konkurransefortrinn er vår breie portefølje av tenester. Me har gode system for prosjektstyring, og kan enkelt skalera opp ein prosjektorganisasjon som kan bidra på store, komplekse prosjekt. Me jobbar på tvers og tett med søsterselskapa våre, seier Jorde. 

– Dessutan er me godt lokalisert nær både Sørlege Nordsjø og Utsira, Stord, Haugesund og Stavanger, seier Jorde, og refererer spesielt til havvind-moglegheitene i regionen. 

Sjølv sit Jorde med arbeidet innan grøn teknologi i Bergen. Satellittkontoret skal snart utvidast med ytterlegare éin person som skal jobba med studiar, prosjektutvikling og tilbod innan fornybar energi og grøne løysningar. 

Med seg til Westcon har Jorde lang erfaring frå blant anna Sjøforsvaret, frå botnfast og flytande havvind samt utdanning som skipsingeniør. Jorde ser gode moglegheiter for innovasjon dei neste åra. 

 

– Verda står ovafor klimaendringar som me ta tak i. Det er mogleg om me brettar opp ermene. Det me ser, er at nokre kundar er i forkant med å gjera tilpassingar, og har blinka ut teknologi dei skal satsa på, fortel Jorde. 

– Westcon ser på kva konkrete løysingar kunden kan implementera på kort og lang sikt. Innføre grøne løysingar beveger det seg fort. Det alle syntest var veldig vanskeleg i fjor, er enkelt i år. Og ein del kostnadseffektive løysingar er enkle å implementera, seier Jorde. 

Noko av det grøne skiftet gir samfunnsmessig kostnad på kort sikt, men med havvind får samfunnet billeg kraft tilbake over tid, held han fram. 

– Fleire og fleire får tilgang på rimeleg og grøn energi. Det gir god sosial fordeling av byrda og kostnadsfordeling av det grøne skiftet, seier Jorde. 

– Kva rolle ønskjer Westcon å ta i det grøne skiftet? 

– Me ønskjer definitivt å følgja kundane våre og marknaden inn mot grøne og lønsame løysingar. Då er me avhengige av gode rammer og truverdige planar frå det offentlege som reduserer risiko og er føreseielege, seier Jorde. 

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden