Ansiktsløft for Øyane ASVO

Etter 27 år som Øyane ASVO AS, satsar gjengen på Tongane i Etne vidare med nytt namn, ny logo og nye nettsider. Frå nå av blir det Spira utvikling AS.

Det var på høg tid med eit namneskifte, seier dagleg leiar Paul Fuglestein. 

- Bedrifta er blitt ei ganske anna verksemd enn det ho var då Øyane ASVO blei stifta i  1996 . Det var på tide med eit ansiktsløft av profilen vår, og eit namn som fortel noko meir om kva me er og kva me gjer.  Namnet Spira utvikling speglar mykje av det me står for: det peikar framover og gir ei forventing om noko nytt, og noko som er i utvikling,    seier Fuglestein. 

1.februar er den offisielle dagen for namnebyte.  Dei nye nettsidene blei lanserte 29.januar.  

Utvikling gjennom arbeid

Bedrifta på Tongane i Etne tilbyr tilrettelagde arbeidsplassar og er blitt ei verksemd med eit breispektra forretningsområde; 

Som vaskeri leverer Spira utvikling til kundar i store delar av Haugalandet, Sunnhordland, Hardanger og Ryfylke.   Utover dette har bedrifta både snikkeravdeling, transport, hjelpemiddel, mekanisk avdeling, leverer jobbfrukt, og produserer og sel produkt for Litledalen Lys. 

Bak all denne aktiviteten står 55 tilsette, med variert bakgrunn og behov. Den nye profilen har gjennomgåande mennesket i fokus. 

- Det er ikkje berre bedrifta som har vore i utvikling. Me har eit samfunnsoppdrag i å gje menneske moglegheit til å utvikla seg gjennom arbeid. Alle tilsette hjå oss skal oppleva meistring og arbeidsgleda. Det er vårt viktigaste mål, seier Fuglestein 

Ein milepæl

Spira utvikling AS er eigd av Vindafjord og Etne kommunar, og tilbyr varig tilrettelagt arbeid (VTA), arbeidsførebuande trening (AFT), samt kommunalt tilrettelagt aktivitet i inkluderende arbeidsmarknadsbedrift (KTA). Bedrifta har dei siste åra satsa tungt på fagrettleiarar som har ansvar for dei som er i arbeid under desse ordningane. 

- Me har bygd opp eit godt apparat med to, snart tre, fagrettleiarar som sørger for solid utvikling og rettleiing av medarbeidarane våre. Det er dei som står i front og brøytar vegen for alt som skjer hjå oss, seier Fuglestein. 

Onsdag 31.januar blir det kakefest og markering av den nye merkevara i lokala på Tongane. 

- Dette må naturlegvis markerast! Det er ein milepæl for oss alle, samstundes som me kan feira at ein omfattande prosess er gjennomført. Dette vil bli eit godt merkevarenamn som er verdt å feira, seier Fuglestein. 

 

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden