Kombinerer klasserom og yrkesliv

Elevane som går VG2 Anleggsteknikk på Ølen vgs skal kombinere praksisplass i lokale bedrifter med teori i klasserommet. Pådrivaren bak studietilbodet, Linda Bjelland Skjold i Ottar Skjold Maskin, og kollegaene i entreprenørbransjen gler seg no til å få elevane inn i bedriftene.

Robert Nordtveit frå bedrifta Bjarne Nordtveit AS, Dagfinn Knutsen i Tveit Maskin, Sigbjørn Gjellestad frå Vats Anlegg og Linda Bjelland Skjold frå Ottar Skjold AS er klare til å invitere inn engasjerte vgs-elevar på praksis i bedriftene. (Foto: Kristian Risanger)

Det nye tilbodet i Ølen, med eit andre-år på anleggsteknikk, er nemleg lagt opp slik at elevane får tre dagar med praksis i lokale bedrifter, og to dagar i klasserommet i Ølen. 

–  Det har lenge vore kamp om dei gode lærlingane i bransjen, og det var skuffande då eg oppdaga at det ikkje er nok skuleplassar til dei som ynskjer å ta utdanning som blant anna maskinsjåfør. Snittet for å kome inn på dei vidaregåande skulane i Øksnevad og Os var høgt, og plassane for få til å møte behovet i bransjen, seier Skjold. 

Det var då ho fekk ideen om å utfordre fylkeskommunen om å få etablert fleire linjer, og ikkje minst knyte sterkare kontakt mellom den vidaregåande skulen og næringslivet. Sjølv meiner ho at ho berre sådde nokre frø. 

–  Ja, dette er ikkje mi forteneste åleine, det var viktig at dei andre lokale bedriftene og vart med og ikkje minst at me fekk med oss Maskinentreprenørenes forbund (MEF) og deira opplæringskontor OKAB. Dei hadde erfaring frå liknande prosjekt på Austrheim vgs, som har fagutdanningsmodellen som er brukt for å starte opp i Ølen, fortel Skjold. 

–  MEF gjorde eit styrevedtak om å jobbe for etablering av ei linje her lokalt, og jobba godt inn mot politikarane. Resultatet er jo at ein får ei linje både i Ølen og på Haugalandet vgs. Det var betre enn me kunne våge å håpe på. 

 Linda Skjold i Ottar Skjold Maskin håpar denne ordninga kan lette på rekrutteringa. (Foto: Kristian Risanger)

God rekruttering

Hjå Ottar Skjold Maskin har dei hatt eit mål om  å ha inne to lærlingar til ei kvar tid, dei siste åra har dei ikkje nådd dette målet, rett og slett fordi det har vore mangel på lærlingar som ynskjer plass lokalt. No håpar dei dette vil endre seg, og at dei dermed kan ruste seg betre med tanke på framtidig rekruttering .

–  Me trur jo at ein vil få tettare kontakt med ungdommane når me får dei inn allereie siste året dei går på skule. Og me trur dei får sjå meir om korleis bransjen fungerer når dei får praksisplass ute i bedrifter, og ikkje inne på skuleområdet. 

Skjold får brei støtte i næringslivet. Totalt har 15 bedrifter frå Bømlo og Stord i nord til Suldal og Sauda i sør sagt seg villige til å ta inn praksiselevar frå Ølen vgs. Fleire av desse bedriftene høyrer til i  Vindafjord og Etne. Dagleg leiar i maskinentreprenør-selskapet Brødrene Flatebø i Etne, Per Magne Flatebø, meiner og tilbodet er positivt for næringa. 

–  Dette trur eg vil bety veldig mykje for oss lokalt, det vil sikre oss betre rekruttering og større tilgang på lærlingar, meiner han. 

 

Tidleg kontakt

Sigbørn Gjellestad i Vats Anlegg og Robert Nordtveit frå entreprenørfirmaet Bjarne Nordtveit er begge samde i dette. 

–  Me veit jo at det er viktig å bli kjent med ungdommane tidleg, gjerne så tidleg som på ungdomsskulen, slik at dei kan finne ut meir om kva dei er interessert i og kva dei vil velje. Eg trur og fleire ungdommar ynskjer å ta denne utdanninga lokalt viss dei får sjans til det, seier Nordtveit.

–  Det er viktig at me kan bidra til denne ekstra rekrutteringa lokalt, slår Gjellestad fast. 

Nokre av bedriftene har takka ja til ein utplassert elev om gongen, medan andre har opna for å ha fleire inne samstundes. Uansett kjem elevane til å rullere mellom bedriftene, og dermed få innblikk i både større og mindre bedrifter. I første omgang er det ein halv klasse som startar opp ved Ølen VGS, noko som tilsvarer åtte elevplassar. Dette kan bli utvida dersom behovet blir større. Dagfinn Knutsen i Tveit Maskin er ikkje i tvil om at det finst eit behov ute i næringslivet. 

–  Dette har vore ei utfordring lenge, no kan elevane få praksisplass og seinare læreplass i nærområdet der dei bur. Det er mykje utvikling i næringslivet her, og alle slit med same utfordringa. 

Også dagleg leiar hjå A&B Andreassen, Andreas Andreassen, meiner dette vil gi bransjen lokalt eit ekstra kort på hand. 

–  Me ser på dette som eit godt rekrutteringstiltak, slik at me sikrar oss fleire maskinsjåførar framover, seier Andreassen, som i dag leiar ei bedrift med 11 tilsette, og har eit forholdsvis ungt miljø. 

 Sigbjørn Gjellestad frå Vats Anelgg og Robert Nordtveit frå Bjarne Nordtveit AS meiner det er viktig å få tidleg kontakt med ungdommar som er interessert i bransjen. (Foto: Kristan Risanger)

Mange val

Avdelingsleiar ved yrkesfag ved Ølen vgs, Olav Hogne Espe, gler seg over at fylkespolitikarane fann rom for å starte linja i Ølen, og at den no er søkbar for elevane som skal velje retning før 1. mars i år. 

–  Linja kvalifiserer til læreplass i anleggsmaskinførarfaget som dei fleste siktar mot, men også mot andre fag som anleggs-røyrleggar, asfaltfag, vegdrift og vegvedlikehald for å nemne noko, seier han. 

Han viser til at begge skulane på Øksnevad i Rogaland og Os i Vestland har hatt over-søknad, og ikkje klarer å stille med så mange fagfolk som bransjen treng. 

–  Me har jobba mykje med å få fram behovet her, det var kjekt at dei satsa på oss, seier Espe.

 

Søkjer lærar

No er Ølen vgs ute på leit etter læraren som skal ta ansvar for flokken på anleggsteknikk. Det er veldig spanande, meiner Espe. 

–  Det blir jo avgjerande kven den læraren blir, og korleis han vil jobbe for å styrke samarbeidet med næringslivet og bedriftene. 

Espe meiner ein godt kunne ha starta med ein full klasse og 15 elevplassar for interessa si skuld. Likevel er det godt å kunne starte litt mildt, for å kome skikkeleg i gang. 

–  Den største skilnaden er nok at så mykje av praksisen blir ute i bedriftene, her vil dei sjå meir om korleis yrket fungerer i praksis og korleis bedrifta fungerer. Og ofte kan ein jo og få læreplass i same bedrift. 

 

 

 

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden