Ekstremsport i Skånevik

Familiebedrifta i Skånevik har bygt maskinar sidan 1958. Nå er SMV klare for det grøne skiftet med siste skrik innan batterikraft, tryggleik og autonomi.

Etter 26 år i sjefsstolen, er Lars Hovda klar for det grøne skiftet i SMV. Frå Leknestangen kikkar Lars mot Kvinnheradsalpane, dit han drar når han kan. Foto: Hanna Maria van Zijp

– Me lagar jo mykje rart. 

Administrerande direktør i Sunnhordland Mek. Verksted (SMV), Lars Hovda (55), peikar på futuristiske teikningar av gule maskinar. 

SMV designar, byggjer, testar og leverer maskinar til aluminiumsproduksjon – og er ein av marknadsleiarane i bransjen. Frå kontoret på Leknestangen utføre Skånevik sentrum ligg nemleg eit sunnhordlansk lite Tesla som driv innovasjon i det grøne skiftet. 

 Denne endebrekkaren blir brukt til arbeid i elektrolysehallar, og blei levert til Hydro Årdal. Foto: SMV

Sidan starten for 65 år sidan, har SMV bygt over 300 køyretøy. Familiebedrifta blei starta av Anders Hovda i 1958. Barnebarnet Lars har jobba der i nesten 30 år. Han tok over administrerande direktør-jobben som 26-åring. 

– Det er jo lenge. Sikkert altfor lenge, meiner sikkert nokon, kommenterer Lars. 

Resten av Hovda-klanen er også arveleg belasta. Fjerde generasjon er allereie inne på både teknologi- og produksjonssida. Som maskiningeniør og bedriftsøkonom, er Lars opptatt av utvikling og skapa gode arbeidsplassar. 


Hovuddelen av kundane er smelteverksindustrien, som utgjer 70-80 prosent av portefølja. SMV har dessutan kundar innan vasskraft og maskinsikring. Dei har også kundar innan olje og gass, spesielt seismikkindustrien. 

Mange av kundane har noko til felles: Dei får skreddarsydde løysingar. SMV analyserer kunden sine behov og ambisjonar, som ofte går på HMS og effektivitet. 

– Det me driv med her, er ekstremsport i ingeniørkunst. Maskinane skal vera tilgjengelege 365 dagar i året på eit smelteverk. Dei går i ganske tøffe forhold med støv, varme og røff behandling som gjer at det må vera robuste løysingar. 

 

Denne sykkelen vitnar om den mekaniske kunnskapen gjennom generasjonane i SMV. Den blei kjøpt til faren Paul, som pussa han opp. Foto: Hanna Maria van Zijp

Målet er forbetring og utvikling for kvart prosjekt. Og dei prosjekta startar i ein stor teknisk avdeling som driv produktutvikling, ingeniørarbeid og prosjektleiing. Ingeniørane som har kome gjennom nålauget, har kome rett frå høgskulen eller har fagbrev i botn. Det er folk som kan teori og praksis, med ein eigen motor og interesse. Lars er opptatt av å skapa eit godt utviklingsmiljø. Eller, som han formulerer det: 

– Så må me blåsa på dei glødno sånn at interessa utviklar seg vidare. 

– Når du byggjer så mykje skreddarsaum over så mange år, så har du prøvd så mange forskjellig løysingar at du har erfaring med kva som er nokonlunde gangbart, sant? Seier Lars. 


 Han er opptatt av å skapa fagleg utvikling for den einskilde, og at hen skal få ekte ansvar. 

– Du har eit bibliotek av løysingar. Og du kjem ingen veg vidare viss du ikkje gir rom for litt prøving og feiling i organisasjonen, seier Lars. 

Spenstige val kan gi full klaff. Eller dei kan krevja justeringar eller at prosjektet går ein heilt annan veg. 

Akkurat det blir viktig framover. I tillegg til tid og helse, har stadig fleire kundar miljøkrav. SMV er klare for å skapa løysingar for grøne skiftet i aluminiumsindustrien. 

– Spennande og krevjande, seier Lars om dei neste åra. 

 Teamet er klar for matpause. Svein Hovda (med briller) møter bror Lars (frå høgre) i kantina. Foto: Hanna Maria van Zijp

Spennande på grunn av nye moglegheiter, fagleg utvikling og posisjonering for SMV.  

– Då får du plutseleg lithiumbatteri inne ein elektrolyse. Der har du brannfaren hengjande over deg, resonnerer Lars. 

For dei uinnvidde betyr det at brannen ikkje kan sløkkast med vatn, for då kan heile sulamitten eksplodera, forklarer han. 

– Så då må me inn og gjera ei skikkeleg risikovurdering, seier Lars. 

Det krev tidleg inngripen, og at maskina kan diagnostisera seg sjølv. 

 

På sikt vil ny teknologi gjera det mogleg for operatøren å sitja i eit kontrollrom, på grei, sunn avstand. SMV har merka stor etterspurnad etter autonome køyretøy og fjernstyrte løysingar. – Alle dei tre-fire aktørane på marknaden bruker ressursar på dette. Samtlege vil nok vera på marknaden med både batteri og nokre autonome løysingar i løpet av kort tid, seier Lars.

Lars er klar på at batteri er framtida. 

– På batteriløysingar tar me mål av oss å ha med gode samarbeidspartnarar og vera konkurransedyktige på løysingar og levetidskostnader, og me får stadig tilbakemeldingar på at maskinane har låge vedlikehaldskostnader. Det kjem av kvalitetane som er bygd inn i maskinane våre, legg han til.

 

For dei beste referansane er kundane. Jungeltelegrafen er den beste kanalen. 

– Me sel på referansar, seier Lars. 

Lars meiner suksessen kjem frå både produkt og kundeoppfølging. Dersom noko skjer seg, er SMV på plass hjå kunden. Lars meiner det handlar om å forstå at heile leveransen først er ferdig når det funkar, ikkje etter at produktet er levert. 

– Det er viktig å gjera jobben ferdig og at du ryddar opp etter deg. 

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden