– Me trur me er over det verste

Trass i dyrtid og rekordhøge renter er både Lars Olav Larsen og Siri Tungesvik Vestbø i Haugesund Sparebank optimistiske for framtida i regionen.

Lars Olav Larsen og Siri Tungesvik Vestbø i Haugesund Sparebank er optimistiske for framtida i regionen. (Foto: Hanna Maria van Zjip)

Lars Olav Larsen har kontorplassen sin i Ølen og er banksjef i Vindafjord, mens Siri Tungesvik Vestbø er avdelingsleiar ved Haugesund Sparebank si avdeling i Etne. Avdelinga i Etne er berre vel eit år gamal og Vestbø kan gle seg over god mottaking. 

– Det er jo litt motstraums dette med å opne fleire avdelingar tett på folk, men det ser ut til at mange likar det godt at dei kan kome innom og snakke med oss, og ikkje berre bruke banken digitalt, seier ho. 

– Kanskje det er spesielt viktig no i denne dyrtida? 

– Me har sterk tru på den personlege rådgjevaren, og at me kan bidra til å rydde i økonomien og ta nokre gode val. Det gjeld både privatpersonar og bedrifter, slår Vestbø fast. 

Robust næringsliv

Larsen peikar på at næringslivet i regionen er robust og trass i ei tredobla rente på to år har det gått betre enn venta med bedriftene. 

– Betalingsviljen er sterk i regionen, sjølv om mange har måtta snudd på flisa og vore forsiktige med nye tilsetjingar og nye investeringar. No vonar me rentetoppen er nådd, og at nivået vil flate ut. Det betyr mykje, ikkje minst psykisk, at ein er ferdig med det verste, seier han. 

Effekten av å truleg nå rentetoppen ser også Vestbø godt i privatmarknaden. 

– Etter ei renteauke går det óg alltid lang tid før ein ser effekten, og får auka kostnaden sin. Den siste renteauken såg me ikkje effekten av før etter jul og på nyåret i år. No ser det ut som at renta har stabilisert seg, og kanskje til og med går ned i løpet av året.

Ho meiner mange er veldig gode på økonomistyring, og set tæring etter næring. Likevel meiner ho óg at ein del hermar etter naboens investeringar. 

– Det må ikkje bli slik at ein må ha ny bil, eller kjøpe noko fordi naboen har det. Ein må vere mindre opptatt av kva andre har, og ta eigne val basert på kva ein har råd til. 

Fleire usikre faktorar

I tillegg til renteauken meiner banksjef Larsen det også er andre faktorar som speler inn økonomisk framover.

– Framover blir det og viktig for mange bedrifter korleis utviklinga i straumprisar og på drivstoff blir. Det er gledeleg at mange satsar på det grøne skiftet og elektrifisering, men det er slett ikkje alle næringar som kan basere seg på det endå, seier han, og håpar politikarane held fram med den viktige straumstøtta for å få bedriftene heilt over kneika. 
 Larsen meiner lokalt næringsliv har vore heldige, og meiner det låge talet på konkursar talar for det. For å skape vekst og utvikling meiner Larsen fokuset bør vere på rekruttering og få tak i meir menneskeleg kapital. 

– Her er det sjølvsagt også ulike situasjonar, men rekruttering av rett kompetanse er nok den største utfordringa framover. Ein treng fleire folk dersom ein skal utvikle bedrifta og skape vekst, slår han fast. 

Larsen rosar også det lokale næringslivet der han meiner bedriftene heiar på kvarandre, og skaper rom for at det er lov å lukkast. Når ein tek med ei låg arbeidsløyse i totalbiletet ser det ganske lyst ut.

– Me har eit ganske unikt næringsliv, og landbruket står sterkt i både Vindafjord og Etne, det skal me ikkje gløyme. Målet må vere at dei óg får betre inntekt, og dermed skaper aktivitet for mange andre bedrifter rundt dei framover. 

Trur på rådgjeving

Banksjefen håpar óg ei betring i privatøkonomien vil auke aktiviteten i bedriftene, blant anna ved at endå fleire tar steget for å bygge seg nytt hus, kjøpe tomter eller gjere andre større investeringar som kanskje har vore lagt på is no ei stund. Det håpar Vestbø også, i tillegg til at ho trur mange privatkundar har godt av å få økonomisk rådgjeving i banken. 

– Det treng jo ikkje handle om plassering av pengar eller aksjemarknaden. Det kan like godt vere råd om å opprette rekningskonto, setje opp eit kvardagsbudsjett eller gode sparemetodar. Me i Noreg er i verdstoppen på forbruksgjeld, det er ikkje noko me ynskjer å vere best på, seier Vestbø. 

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden