Glimt frå Næringsgiv 2024!

Næringsgiv 2024 blei nok ein suksess. Takk til alle som kom! - Og for dei som ikkje var der; her får du glimt frå næringsfesten på Olalia 23.mai.




23. mai var  det næringsfest på Olalia!  Arrangør er Fikse Næringsforening, med samarbeidspartnarar Medvind Næringshage, Grannar, Sparebank 1 SR-Bank, Haugesund Sparebank og Sparebanken Vest. I år sette me søkelyset på det som har våga å satsa på eigne vegar, og som har hatt viljen til lukkast på eiga hand og med utradisjonelle val.

 Sjekk kven som var påmelde nederst i saka!

Heile programmet finn du her!

På programmet:

Svein Arne Åsheim - Med livet som innsats

Etter 10 år som politi, tok Etnebuen vegen vidare via livvaktskulen, og har dei siste åra arbeidd som livvakt i teneste for toppolitikarar og andre "VIP'ar". Foto: Grannar

Grannar skreiv i portrettintervjuet om Åsheim, 2.desember 2023: Svein Arne har vore tilsett i PST sidan 2012, og har brukt tusenvis av timar til å passa på dei folkevalde som sit øvst i makteliten. Statsministrar, statsrådar og prominente gjester frå utlandet som har vore på statsbesøk i Noreg. Gjennom livvakttenesta har han kome tett innpå livet til både Erna Solberg og Jonas Gahr Støre, han har fått servert fiskesuppe på termos frå Siv Jensen, og deltatt i programmet Lindmo saman med Hadia Tajik. Han er mannen som sørgjer for at regjeringsmedlemmene er trygge når dei skal frå A til B i samfunnet, og det viktigaste av alt: Han er til å stola på. Som livvakt jobbar han tett på dei profilerte politikarane, og det er ikkje få personlege samtalar han har overhøyrt frå baksetet i dei svarte bilane. Kva desse samtalane handlar om, er det ingen andre enn dei som var i bilen som veit. Politikarane skal aldri vera i tvil: Svein Arne er tett som ei potte.

23.mai fortel han om vegen frå vanleg Etne-gut til å vera "på" 24/7 i livvakttenesta. 


Ingeborg Johansen -  Å fyra opp kråkene

Ingeborg fyrer ikkje for kråkene, men fyrer dei opp til å bli gode bossplukkarar. 34-åringen frå Etne  kom opp med den ville ideen om å trene opp kråker og skjærer til å hente søppel. Målet er å redusera tida som brukast på å rydda boss utandørs, redusera kostanadane for ryddinga og redusera boss på avvege. Ideen har vunne fleire prisar, og nå jobbar ho med testversjonen. "DeBoss" har fått mykje merksemd, både for den innovative forretningsidêen, men også grunna Johansen sitt brennande engasjement for gründerskap. 

– Eg blei overraska då eg starta opp med dette og fann ut at det jo finst eit heilt apparat rundt dei som vil skape noko sjølv. Dette veit me for lite om, og me veit for lite om kva som krevst for å stable ei eiga bedrift på beina.

På Olalia vil Ingeborg fortelja om si reis, frå skule-lei til bossgründer.  


Rune Bjerga - Å le seg til suksess

Frå å vera klassens klovn via ein omveg i eigedomsbransjen,  har Bjerga etablert seg som ein av Vestlandet sine mest ettertrakta komikarar.

Mens boligprisene faller og mange sliter med å solgt husene, valgte eiendomsmegleren i DnB NOR Eiendom i Stavanger en original utvei.  Et firesiders langt dikt avsluttet arbeidsforholdet: - Jeg tenkte at det er umulig å bli sint på en arbeidstaker som sier opp på en slik måte, sier Rune Bjerga til Nettavisen.

Bjerga jobbar i dag 100 % i humorens teneste, både gjennom eigne show og oppdrag for næringslivet. 23.mai gir han oss eit skråblikk på gründerskap og utradisjonelle val - som til dømes å velja humoren som yrkesveg. Stavanger-mannen kjenner godt til distriktet vårt, og har vore på show-besøk fleire gonger. Me blir ikkje overraska om han trør til med visse anekdoter om lokale kjenningar. 

Arne Hjeltnes - konferansier

Me gjentar fjorårssuksessen med Arne Hjeltnes som los gjennom heile dagen. Vossingen er eit kjent fjes frå mange tv-suksessar, og er også forfattar, humorist og næringslivsmann. Eit av hans ferskaste prosjekt er TV-serien "People of the North" som mellom anna vil via episodar til natur og næringsliv i Etne og Vindafjord.

Me får snuttar frå Hjeltnes eigne diktbøker undervegs, før han avsluttar med revolverintervju av lokale gründarar som har våga å satsa for seg sjølv - og viljen til å lukkast med det. 


Prisdryss 

Som alltid skal me også feira lokalt næringsliv med prisdryss til bedrifter som har utmerka seg. Årets Bedrift og Årets Gründer blir delt ut av Næringsgiv sine samarebidspartnarar; Sparebank 1 SR-Bank, Haugesund Sparebank og Sparebanken Vest.

I fjor gjekk prisane til Knudsen Dørfabrikk og John Karsten Hustveit. 


Desse tar turen til Næringsgiv 2024: 


Namn
Firma
Albin Jønsson
Sparebanken Vest
Anders Sørheim Hundseid
Sparebank 1 SR-Bank
Andreas Berg
Headhunting AS
Andreas Jansen 
Haugaland Transportskole AS
Andreas Lundegård
Vindafjordbonden AS
Anette Lauareid Hovda
Styret i Fikse / Electio
Anne Marit Helgevold Heggebø
Helgevold
Anne Sofie Sandvik
Norconsult Norge AS
Anne Aasheim Stople
Hans og Grete
Arild Selland
MCE AS
Arne Hjeltnes
Konferansier
Arve Berge
Br. Midthaug AS
Carina Opedal
Spira utvikling as
Christine R. Brataas
Omega 365 Design
Daniel Holten
MCE AS
Edna Trovanelli
Omega 365 Design
Eirik Molland
 Br. Midthaug AS
Eivind Lien
Vindafjordbonden AS
Elin Vik
Sparebank 1 SR-Bank
Erle Mæland Aasheim
Styret i Fikse / MCE AS
Erling Ronæs 
Etne Senterforening
Erling Åsheim
Sparebanken Vest
Espen Vestbø
Haakull&Ersland
Ester Osvåg
Etne Senterforening
Filippo Ballarin  
Etne kommune
Halfdan Krohn-Brekke
Vindafjord kommune
Heidi Haugland
Ølen Regnskap AS
Helene Kringlebotten
NAV Vindafjord Etne
Håvard Matre
Omega 365 Solutions AS
Ingeborg Johansen
The Boss
Janne Larsen Sævareid
Larsen Bakeri 
Jarle Matre
Arriva Shipping
Jens Sefland
Heimdal Forvaltning
Jon Nielsen
Admmit
Julie Haaland
Heimdal Forvaltning
Kjetil Ohm
Knapphus Kjøkkensenter
Kristian Risanger
Fotograf / Omega 365 Design
Kristoffer Teigland
 MCE AS
Lars Hovda
SMV
Lars Olav Larsen
Haugesund Sparebank
Leif Grindheim
Legria AS
Leif Harald Strand
TG Bygg As
Leif Inge Løland
Sparebank 1 SR-Bank
Leif Thorsen
Favo AS 
Linda Bjelland Skjold
Ottar Skjold Maskin AS
Linda Bøthun 
Zenit Linda Bøthun 
Linda Merete Himle Løype
Ølen Regnskap AS
Line Andersen
Medvind24 Næringshage
Magnhild Gravelsæter Våge
Sparebanken Vest
Maren Tungvesvik Tveiten
Sparebanken Vest
Marit Bråstein Bakkedal
Ølen Regnskap AS
Marit Synnøve Frantsen
Haugesund Sparebank
Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim
Etne kommune
Morten Helland
Medvind24 Næringshage
Nils Mikal Emberland
Sparebanken Vest
Norun Skrunes
 iteam 2 as
Odd Eirik Osmundsen
Eurojuris
Ole Johan Vierdal 
Vindafjord kommune
Paul Rune Velde
Tveit Regnskap AS
Roar Knudsen
Knudsen Dørfabrikk
Runar Aarekol
Sparebank 1 SR-Bank
Rune Bjerga
Rune Bjerga Underholdning
Rune Furseth
Nor-Log AS
Rune Ramsvik
Sparebankstiftinga Etne
Rune Sørheim
Biovind
Simen Thorvaldsen
Haakull&Ersland
Sindre Matre
Arriva Shipping
Siren Grindheim
Ernst Hansen Transport AS
Siri Stenberg
NAV Vindafjord-Etne
Siri Tungesvik Vestbø
Haugesund Sparebank
Stian Furseth
Admmit
Svein Arne Aasheim
PST
Thomas Gausvik
TG Bygg As
Tore Solberg
Nordlo Haugesund AS
Torleif Vestre
Haugaland Transportskole AS
Torleiv Åreskjold
Favo AS 
Torstein Langeland
Haugesund Sparebank
Trude Flydal Flatebø
Ølen Regnskap AS
Eiolf Berge
Ølen Betong
Vegard Nordveit
Styret i Fikse / Knapphus Kjøkkensenter
Yngve Bergesen
Vindafjord kommune
Øystein Berge-Olsen
Bit & Bygg AS
Øyvind Nordtveit
Knapphus Kjøkkensenter
Åsmund Andersen Sekse
Etne kommune