Lokalt næringsliv i internasjonal tv-serie

Denne veka er Arne Hjeltnes med tv-team i Vindafjord og Etne for å spele inn serien People Of The North. – Ein må vise fram kva ein har av attraksjonar og opplevingar, seier Hjeltnes.

Arne Hjeltnes, kokk Frida Ronge og Fatland-sjef Anders Hundseid er klare for å vise fram både bedrifter, næringsliv og kultur frå Vindafjord og Etne i tv-serien. Det blir filma i kommunane heile veka. (Foto: Privat)

Dette er andre sesong i serien der Hjeltnes er programleiar, og skal visast i 140 land. Truleg kan sjåarane få med seg episoden om Vindafjord og Etne ein gong i 2024. Programmet blir laga både på norsk og engelsk, i USA har blant anna tv-kanalen PBS kjøpt inn serien. 

Vise fram kva ein har

Arne Hjeltnes er imponert over kommunane han no har besøkt.

– Dette er ein heilt spesiell region, både næringslivsmessig og med tanke på gründerskap. Me har møtt folk som driv bedrifter her, me har kost oss med gode, lokale råvarer og ikkje minst med den flotte naturen. Eg trur reiselivet her har stort potensial, seier Hjeltnes. 

Etter besøket på Næringsgiv tidlegare i år, har Hjeltnes blitt ganske godt kjent i kommunane. 

– Me har eit breitt nedslagsfelt i serien, me prøver å få med oss både innhald frå næringslivet, kultur, historie, reiseliv og mat i episodane. Målet for nokre kommunar er å auke talet på innbyggarar, andre for å styrke reiselivet, til dømes. 

– Kva tenkjer du kommunar som har eit rekrutteringsbehov bør gjere?  – Eg trur det er viktig å vise fram at det er arbeidsplassar her, men arbeid er ikkje heile livet. Ein må vise fram alt ein har, kvifor ein skal stoppe i dette området, og kvifor ein skal bli buande her. 

Enormt behov for folk

Anders Hundseid i Fatland er ein av dei som er blitt intervjua. Tv-teamet var både innom Underbakke der Fatland starta opp. Planen er også filme inne hjå Fatland. 

– Eg trur det er viktig å få fram gründermiljøet og all verdiskaping som skjer lokalt, med om lag 25 milliardar i omsetnad i distriktet. Det er viktig å vise fram spekteret av bedrifter og bransjar me har her. Me har jo eit enormt behov for folk framover, meiner han. 

– Me har jo allereie 20-30 nasjonalitetar i Fatland, så internasjonal rekruttering er og veldig viktig for oss. Målet vårt er å vere førstevalet både for kunden og bonden, så det blir spanande å sjå kva me får ut av dette. Fatland får kanskje vist seg frå ei side folk ikkje er så vane med å sjå frå før, seier Hundseid. 

Lokalt spleiselag

– Dette blir ein god måte å styrke omdømmet og rekrutteringa i kommunane og næringslivet på, seier Nils Einar Steinstø i Fikse Næringsforening. 

Steinstø var initiativtakar til å blir med i prosjektet. 

– Det heile starta då Arne Hjeltnes skulle kome til Næringsgiv, me kom i prat og han fortalde om serien han jobba med. Då var eg raskt frampå og lurte på om regionen her kunne vere aktuell. Etter kvart klarte me å samle inn nok midlar via eit spleiselag med kommunar og næringsliv, fortel Steinstø.

Det er 300 ulike yrker å velje mellom i desse kommunane, og Steinstø meiner serien blir ein fin måte å styrke det lokale omdømmet på. 

– «Alle» har fin natur, men me har óg eit levande næringsliv med mange gründerar, flinke folk og positive kommunar, seier Steinstø.  

Vikingskipet på fjorden

Filmteamet har blant anna vore innom Nesheimstunet, AutoStore, Vikedalsdalen, rosemålar Unni Marie Lien, Etne Betong, Vikingskipet i Etne, Møbelringen og Skakkekokken. 

– I Etne fekk me Vikingskipet ut på fjorden, det var flott at Erik Gravelsæter fiksa det. Jan Terje Rafdal var med Arne Hjeltnes på rotur i det flotte skipet, skryt Steinstø. 


Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden