Skipar til jobbmesse for sambygdingar

Det er akutt mangel på folk i mange bransjar – men løysinga kan vera nærmare enn du trur. Nå inviterer NAV Vindafjord og Etne lokalt næringsliv til jobbmesse for flyktningar og andre arbeidssøkjarar.

– Målsettinga er raskaste veg til jobb. Då er me avhengig av samarbeid med bedrifter, seier Miriam Aareskjold, avdelingsleiar for integreringstenesta i NAV Vindafjord og Etne. Her saman med orogramrådgjevar Ashraf Sabbagh i forkant av fjorårets jobbmesse for flyktningar og andre jobbsøkjarar.

Påmeldinga er i gang for jobbmessa 20. mars, som vil føregå på Sjøperlo i Ølen. Avdelingsleiar i integreringstenesta ved NAV Vindafjord og Etne, Miriam Aareskjold, meiner messa kan ha fordelar for alle partar. 

– Me har busett rekordmange flyktningar. Mange er i arbeidsfør alder, og dei vil i jobb, seier Aareskjold. 

– Målsettinga er raskaste veg til jobb. Då er me avhengig av samarbeid med bedrifter. 

Fleirtal frå Ukraina

På grunn av dei høge tilkomstane av ukrainske flyktningar vil det vera eit klart fleirtal av jobbsøkarar frå Ukraina, men jobbmessa vil vera open for alle interesserte jobbsøkarar.

Deltakarane har variert bakgrunn med tanke på både utdanning og arbeidserfaring. Bedriftene vil treffa engasjerte jobbsøkarar som ynskjer å bidra i det norske samfunnet, ifølgje NAV. 

Direkte kontakt mellom kandidat og bedrift

Mange som deltar skal førebu seg godt på næringslivet dei møter. Blant anna vil dei ha med oppdaterte CV-ar, for overlevering til aktuelle bedrifter som vil vita meir om potensielle kandidatar. 

– Mange aktørar er synlege lokalt, men det er noko med å få synleggjort behovet i arbeidsmarknaden. Me har eit stort mangfald fagkompetanse som trengst, og det er ikkje alltid lett å vita bedriftene sine rekrutteringsbehov akkurat nå. Jobbmesse er ein god moglegheit for direkte kontakt mellom kandidat og bedrift, seier Aareskjold. 

Motiverte og lærviljuge

– Kva slags kandidatar vil bedriftene møta på messa? 

– Dei vil møta mange veldig motiverte potensielle arbeidstakarar. Det er ei stor gruppe menneske som kan vera her ei stund, som vil bidra og som er viljuge til å læra nye ting, fortel Aareskjold, som oppfordrar bedrifter i Etne og Vindafjord til å melda seg på då fristen går ut 12. mars. 

NAV vil bistå bedriftene

NAV og Aareskjold har tru på å få folk i arbeid, der ein for eksempel kan byrja med oppgåver som krev lågare språknivå i starten, for deretter å ta arbeidet til eit nytt nivå. 

– Kva råd har du til bedrifter som vurderer å ta inn nye sambygdingar? 

– Gå i dialog med NAV frå start. Me har mentortilskot som for eksempel kan frikjøpa ein kollega for ekstra tid til opplæring. Då kan folk få utvikla språk samstundes som ein jobbar. Det er også mogleg å prøva ut ein praksisperiode i starten, og så ta vurderinga om det er aktuelt med tilsetjing, meiner Aareskjold. 

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden