– Kandidatar er ferskvare

Kunsten er å vere så offensiv i rekrutteringa at ein får dei beste kandidatane, og gjerne dei som ikkje allereie er på jobb-jakt, meiner Andreas Berge og Joackim Tjøsvoll i det lokale rekrutteringsselskapet Fønvind.

Joachim Tjøsvoll (t.v) og Andreas Berg ser at mange lokale bedrifter har behov for hjelp i rekrutteringsprosessar. (Foto: Kristian Risanger)

Nokre menneske har ein tendens til å nesten kome gjennom dataskjermen og teams-møtet, berre fordi dei brenn så mykje for det dei snakkar om. Dei er så engasjerte at ein nesten kan tru dei er i same rommet. Dette er ein av dei samtalene. 

– Det er eit enormt behov ute i bedriftene, mange slit med å klare å rekruttere rette personar midt i ein travel kvardag. Dette er jo jobben vår, me tar gjerne hundrevis av telefonar i ein søknadsprosess, og me har tid til å gjennomføre det på ein god måte, seier Andreas Berg som er lokalisert i Sandeid medan partner i Fønvind AS, Joackim Tjøsvoll held til i Sauda. 

– Mange som gjer jobben sjølv får ein så lang prosess at dei beste kandidatane allereie er på veg vidare når jobben er landa, då klarer ein ikkje å lande eit så godt resultat som ein gjerne kunne fått til, meiner Joackim og lener seg engasjert fram på stolen.

Felles gründer-draum

Karane i Fønvind veit kor viktig det er med godt nettverk og mange telefonar for å finne rett person til rett jobb. (Foto: Kristian Risanger)

Dei to gründerane traff kvarandre då dei jobba i eit anna rekrutteringsselskap, og fann fort ut at dei tenkte likt, og drøymde om det same. Dermed var vegen kort til å starte opp for seg sjølv, både for å fjerne eit fordyrande mellomledd og gi kunden eit betre tilbod. Det som starta som to sjølvstendige selskap er no blitt eit samarbeid, noko som igjen gir større nettverk og gjennomslagskraft når det trengs.

– Me fann tonen med ein gong, for å seie det slik. Me er nok ganske like, fortel Joackim og ler godt. Sjølv kan han sjå tilbake på 15 år i oljebransjen, før sambuaren fekk jobb i Sauda og flyttelasset gjekk til industribygda i indre Ryfylke. 

– Når ein skal jobbe med rekruttering så er det jo ikkje så nøye kor eg bur, me tar jo det meste på telefon eller via teams. Mange har og lågare terskel for å seie ja til ein kaffi med oss, enn når bedriftene sjølve ringer. Det er meir ufarleg å ta ein prat med oss, meiner han. 

Det blir mange samtalar i løpet av ei veke. Dei fleste kandidatar vil snakke på kveldstid eller i helger, og alle som dei møter kan vere potensielle kandidatar eller jobbe i­­­ selskap som treng bistand. Det er sjeldan dei koplar heilt av, men meiner sjølv jobben også gir rom til å drive med andre aktivitetar og dermed kan ein ha fleire bein å stå på. 

Må bli synleg

Andreas Berg og Joachim Tjøsvoll er klare på at det er jobbsøkjar sin marknad no. (Foto: Kristian Risanger)Fleire bein å stå på har i alle fall Andreas Berg i Sandeid. Mange kjenner nok han frå jobben som bilbergar hjå Etne Auto eller som brannkonstabel og stasjonssjef i det lokale brannvesenet.

– Rekruttering tar tid, og me ser at mange lokale bedrifter treng hjelp. Dei fleste lagar ei Finn-annonse som dei legg ut og så håpar dei at rette personen les den. Og det er ikkje noko gale i ei Finn-annonse, men ein treng så mykje meir no for å klare å hente dei beste. Det er jobbsøkjar sin marknad, seier han og får engasjerande nikk frå Joackim. 

– Når annonsen har vore ute i 42 dagar, og ein skal hente inn søkjarar på intervju så er allereie dei beste forsvunne, seier han og viser til at bedriftene og må fram på sosiale medium, dei må vise seg fram og fortelje korleis arbeidskvardagen deira er. Alt handlar om Google og kor søkbar du er der, slår han fast.

– Kandidatane er ferskvare, dei er ledige i dag, men ikkje sikkert dei er det i morgon. Her må ein fylgje søkjarane raskt opp, både dei som me er interesserte i å ta ein prat med, og dei som ikkje er aktuelle. Dei fortener og eit skikkeleg og raskt svar, slik at dei kan søkje seg vidare. 

Bruker nettverket

Andreas og Joackim legg ned mykje arbeid i å bli kjent med selskapa, dei les seg opp på bransjen og snakkar med folk som jobbar i bedriftene. Skal ein finne rett person til rett jobb må ein ha kunnskap og kompetanse. Forsikringa for dei som nyttar seg av rekrutteringshjelpa er at selskapet ikkje tar betalt dersom dei ikkje finn nokon som leiinga i selskapet ynskjer å tilsetje. 

– Me kan hjelpe til i heile prosessen, eller berre i deler av den. Somme gonger er me berre med som sparringpartnar på sidelinja, andre gonger tar me ansvar for alt frå annonseskriving til intervjufase. Me bruker nettverket vårt og kanalar som LinkedIn aktivt for å spreie stillingar og skape engasjement rundt jobbane som er ledige, fortel Andreas.

Utfordringa på mindre stader er ofte at bedriftene stel kompetanse frå kvarandre. 

– Det er mykje kannibalisme der ute. Me må bruke nettverket i heile landet, og me tar mange telefonar for å høyre «kjenner du nokon». Får me tak i interessante personar så kjem og spørsmålet om kor ein eventuell partnar skal jobbe. Det handlar om å skaffe jobb til to, og me gjer det me kan for å lande avtalen, seier Joackim. 

Fiksa både hus og jobb

Det er få grenser for kor engasjerte rekrutteringsselskapet kan bli. Midt i ein søknadsprosess for ei bedrift i Sauda vart det ei utfordring å finne bustad til den beste kandidaten. Dermed gjekk Joackim på visning, filma leilegheita og sikra både ny bustad og ny jobb. Andre gonger må ein bruke tid på finne ut kva som er rett og kva som er gale framstilt om kandidaten, ofte må ein lese mellom linjene. 

– Me hadde ein kandidat som hadde hol i CV-en og referansane var rett og slett dårlege. Ved første augekast så var det ingenting å satse på, men så var det noko som sa meg at dette var ein kjernekar. Eg tok nokre telefonar til andre som jobba i selskapa der referansane var, og fann ut at referansane ikkje var dei beste til å uttale seg. Kandidaten hadde opplevd mobbing på arbeidsplassen og hadde berre behov for ein stad der han var trygg. Han fekk jobben me hadde tilgjengeleg, og det fungerte veldig godt, seier Joackim. 

– Ein må skape relasjonar og vere glad i folk, slår han fast.  

Satsar på HR

Framover er målet å bli meir enn eit rekrutteringsselskap. Karane i Fønvind vil gjerne bidra med HR på meir langsiktig basis, og dermed kan dei ta over fleire oppgåver internt i selskapa. 

– Eg tar ei HR-utdanning no, og målet er å knyte kundane tettare til oss via eit abonnement eller liknande. Rekruttering og dei tilsette er den største investeringa bedrifta gjer, då er det og viktig at flinke folk blir verande og at ein investerer i eit godt arbeidsmiljø, seier Andreas.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden