– Ingenting kjem rekande på ei fjøl

Det heile starta som ein hobby på kveldstid. I dag leiar gründer og mekanikar Per Inge Sandvik ei service-bedrift som bikka 10 millionar i omsetnad i 2023. No har dei og flytta inn i nye lokale i Liaheia Næringspark.

Mekanikar Bjørn Smith (tv) og dagleg leiar Per Inge Sandvik kan gle seg over rekord-omsetnad i 2023. (Foto: Kristian Risanger)

Det var altså ikkje sjølvsagt at bedrifta Sandvik Service Solutions AS i dag skulle ha fire fulltidsstillingar og tre som jobbar deltid, i tillegg til fleire som blir leigde inn for å ta «toppane» av arbeidsmengda. Dagleg leiar Per Inge Sandvik har bygd stein på stein i bedrifta, ryktet om ein dyktig mekanikar som løyser dei fleste utfordringane har vore avgjerande for suksessen. 

– Eg har jo ikkje drive med så mykje marknadsføring, og eg har heldigvis ikkje hatt behov for å selje så mange timar. Kundane har så langt kome av seg sjølv , der er me heldige, fortel Per Inge. 

Då dei flytta frå lokala i Gjeresdal og inn i Liaheia Næringspark ved årsskiftet vart det og raskt fleire store aktørar som tok kontakt. Eit stort mål med flyttinga var og å auke lagringsplassen, både inne og ute. Mykje jobb gir også behov for stor plass. Denne dagen var det ikkje færre enn fem potensielle kundar som ringde på ein time. 

– Det kan me like. Januar er jo ofte litt treig, men det brakar nok snart laus igjen, seier den sindige mekanikaren.

Per Inge Sandvik har lagt ned mange timar på kveldstid for å bygge opp bedrifta Sandvik Service Solutions. (Foto: Kristian Risanger)

Frå hobby til bedrift

Han og kona Linda Nesheim Sandvik har busett seg i heimbygda hans, på Urabø i Vikedal. Det var og her bedriftsideén starta i det små. 

– Eg var jo i arbeid som formann på teknisk avdeling i Nortura, og treivst med det. Likevel så vaks denne hobbyen, etter kvart så var det mange som ringte og ville ha hjelp på kveldstid. Eg har alltid likt å ha mange prosjekt, og ikkje minst likar eg å skru. Då var det naturleg å tenkje at ein kanskje kunne tene pengar på hobbyen og. 

Sandvik starta opp med å fikse på båtar, bilar og maskiner. Han kjøpte og opp øydelagde maskinar og motorar, som han fiksa og selde i ettertid. 

– Etterkvart vart det jo altfor travelt, og eg måtte velje kva eg ville gjere. Så då starta eg enkeltmannsføretak i 2019.

– Kva trengs eigentleg for å satse på eiga bedrift? 

– Ein kan i alle fall ikkje vere skvetten, ein må kanskje vere litt «tosjen» om ein vil satse, eg veit ikkje, seier han og ler godt.

Krev ekstra innsats

Timane etter oppstarten har blitt mange, og kveldar og helger gjekk i starten med til fakturering og administrative oppgåver. I dag er han glad for at han får meir hjelp, kona Linda skal og no starte opp i ei administrativ stilling i selskapet.

– Det er frykteleg mykje å halde styr på når du driv for deg sjølv. Heldigvis har eg Tveit Rekneskap til å køyre rekneskap og lønn for meg. Det er mykje ubetalt arbeid som må leggast ned for å få ting på stell, då er det bra at Linda og vil starte i selskapet. Fordelen er nok og at me vil sjå meir til kvarandre som familie då trur eg. 

Mesteparten av vekst og utvikling handlar om den ekstra innsatsen ein må legge ned i oppstarten, meiner Sandvik. 

– Ingenting kjem flytande på ei fjøl, det er hardt arbeid og ein må ofre ein god del. Eg føler eg er over den første kneika, men eg syns framleis det er vanskeleg å ha ansvar for så mange tilsette og sikre at dei har jobb heile tida. Ein likar seg best når det er litt for travelt, og ein har litt for få folk. Det er mykje betre enn andre vegen.

Søkjer Reodor Felgen-typar

– Når det er sagt så er eg alltid på jakt etter flinke folk, og då helst Reodor Felgen-typar som likar å finne ut av ting som ser ekstra vanskeleg ut. Dei må vere sjølvgåande og like utfordringar. 

I dag har selskapet oppdrag for store selskap som AF Gruppen , DeepOcean, Rangsells og mange små og store entreprenørar. Bedrifta tilbyr service og reparasjonar, samt sveising og utleige av utstyr og maskiner. Deira mobile verkstad gjer det og mogleg å reise ut til kunden for å gjennomføre oppdraget der. Hjå Sandvik Service Solutions skrur dei på det meste. 

– Namnet vårt seier jo noko om at ein ynskjer å finne gode løysingar på det meste. Me ynskjer aller mest at kundane våre får mindre driftsstans, og ikkje minst god hjelp til å unngå same problema seinare. 

I tillegg til mekaniske tenester er selskapet også sakkyndig verksemd. Noko som betyr at dei kontrollerer løfteutstyr, gravemaskiner og kranar. Det er arbeid som er lett å ta innimellom andre jobbar, og dermed sikrar betre flyt i arbeidsmengda over tid. Med ein omsetnadsrekord i 2023 på over 10 millionar ligg det meste til rette for vidare vekst. 

Mekanikar Bjørn Smith trivst på jobb i selskapet, no er dei og på jakt etter fleire flinke fagfolk. (Foto: Kristian Risanger)

Dei artigaste jobbane

– Eg tenkte kanskje me kunne klare å kome over 10 millionar i fjor, men eg var slett ikkje sikker, og me klarte det heller ikkje før heilt på tampen. Dette året trur eg at me skal vere strålande nøgde om me klarer så mykje, eg har ikkje så store forventningar til dette året. 

– Kvifor ikkje?

– Me ser at det er rolegare i mange bransjar, spesielt alt som handlar om gjenvinning og riving å gjere, truleg råkar dyrtida den delen av næringskjeda først. 

– Noko av nøkkelen er å aldri takke nei til ein jobb? 

– Stemmer det, eg får stadig kjeft av dei andre her. «Per Inge har aldri lært å seie nei», seier dei. Eg har heller aldri tenkt at det er ein jobb me ikkje får til. Dei jobbane du burde sagt nei til, er jo dei artigaste å sjå tilbake på.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden