Toppidrettsutøvaren

Han blei konsernsjef som 29-åring og blir snart bankdirektør for bedriftsmarknaden nord for Boknafjorden. Anders Hundseid (32) har visstnok eit ekstra gir.

Oppvekst på gard og livet som toppidrettsutøvar har resultert i nokre verktøy og god kapasitet Anders Hundseid (32) bruker i toppjobbane. Foto: Hanna Maria van Zijp

Konsernsjef-kontoret på Fatland er noko spartansk. Det er ein strålande mars-dag, og sola når akkurat dei spirkvite veggene. Ei utgåve av Bondevennen er strategisk plassert på skrivebordet. Einaste dekor er åtte gule post-it-lappar som matchar gardinene. 

Ein mobil pip jamleg. Duren frå slakteriet går jamt og trutt. Begge blir overdøyvd av låtten til Anders Hundseid (32). 


Han skulle inn å få fiksa eit handledd som hadde skrangla litt. Det som skulle vera ein kjapp kikholoperasjon, viste seg å vera litt meir omfattande. 

Anders vakna noko forundra med gips opp til overarmen. 

– Då hadde dei sydd menisken i handleddet. To månader med gips! Ler han. 

Skrangelet var altså ei laus sene han hadde gått med i nokre år, som sikkert ville ordna seg etter kvart. 

– Det var derfor det hadde vore så grævla vondt, ja! Hehehe! 

Anders fekk sjukemelding, men han jo kunne ta telefonen med andre handa. Resten var greitt gjennomførbart, ifølgje konsernsjefen:

– Det var jo å skriva på tastaturet med éin neve i to månader og tørka seg med venstro! 

Anders Hundseid

  • Bonde, konsernsjef og noregsmeister i skyting
  • Styreleiar i FG Kjøttsenter AS og Fikse skyttarlag
  • Styrenestleiar i Kjøtt- og fjørfebransjens landsforbund
  • Bachelor i økonomi, administrasjon og leiing frå Noregs miljø- og biovitskaplege universitet NMBU, med utveksling til San Diego State University
  • Bur på heimegarden i Etne med kona Hanna, og barna Olav (5) og Helle (1,5)
  • Tar snart over som direktør i Sparebank1 SR-Bank med ansvar for bedriftsmarknaden på Haugalandet, Sunnhordland og Vestland


Anders Hundseid ser nemleg stort sett moglegheiter. Han bruker lite tid på det som ikkje funkar, og er veldig positiv til det som funkar. Når det eine handleddet er ute av drift, er det for eksempel «jækla godt å ha bil med automatgir!». 

Og sjølv har han eit ekstra gir. Korleis han har fått det, trur Anders har meir med miljø enn arv. 

Oppvekst på gard og livet som toppidrettsutøvar har resultert i nokre verktøy Anders bruker i toppjobben. Det kjem godt med når han i mai blir direktør for bedriftsmarknaden i Sparebank 1 SR-Bank. Der vil han ha ansvar for Haugalandet, Sunnhordland og Vestland. 


– Kroppen har jo mykje energi. Då er det vanvettig kjekt å ha den garden og tutla med på kveldstid, seier Anders. Foto: Hanna Maria van Zijp

 

Og det var der Anders byrja karrieren for ti år sidan, då som finansrådgjevar. Tidlegare hadde han blitt noregsmeister i ei spinnvill grein innan skyting kalla stuparen, og hadde gått over til økonomi og leiing. Deretter var han konserncontroller i Fatland i fire år, før han tok over konsernsjef-rolla. 

Og, som mange næringslivsleiarar i regionen, er Anders også bonde og småbarnsforelder. 

Korleis er det mogleg? 

Han held seg i god fysisk form, Anders har sprunge etter storfe i Etnefjella sidan han var fem. Noko av svaret ligg i svitsjinga mellom heilt ulike ting – for eksempel garden. 

– Eg har jo inntrykk av at jo meir tid du bruker på det ein har lyst til, jo lettare er det å oppnå det. 

For Anders var ein av dei tinga det å ta over familiegarden. 

– Eg har mykje flinke folk med meg når eg har desse jobbane, men eg har hatt timane mine der. 

Med ammekyr, hus og heim, er det mykje ansvar. Samstundes gir gardsarbeidet mykje energi. 

– Det er gjerne det som gjer at eg har eit ekstra gir. Når du svitsjar mellom ting, så har du gjerne ein evne til å få meir ut av dagane. Du får litt variasjon i det du held på med. Du føler ikkje det som eit offer, forklarer Anders. 

Trikset er å bryta opp alt tankearbeidet, med e-postar, telefonar, strategiar, prosjekt, kontraktar, og alle dei andre dokumenta tilsvarande fleire bøker til dagen. Hardt gardsarbeid blir avkopling. 

– Kroppen har jo mykje energi. Då er det vanvettig kjekt å ha den garden og tutla med på kveldstid, seier Anders. 


For å oppnå meir som 32-åring enn dei fleste gjer i løpet av eit liv, krev ei spesiell kapasitet – og kanskje ei forventningsavklaring. 

– Du må akseptera at ein del ikkje blir heilt optimalt. Du må ha ein evne til å svitsja litt, til å ikkje la alt gå inn på deg, gå vidare utan å henga seg opp i detaljar, resonnerer Anders. 

Ingenting er rett fram for nokon. Som toppidrettsutøvar har Anders vore sjuk i periodar på grunn av hard belastning. Konfliktar kjem. Og somme relasjonar blir vanskelege å oppretthalda over fysisk distanse. 

Trikset er å bruka energi på dei rette tinga. 

– Det er mange timar i døgeret om ein berre veit korleis ein skal bruka dei. Eg har aldri lagt meg ned og sagt dette går ikkje. Og det er veldig mykje eg kunne ha brukt energi på, seier Anders.

– Kva ting er det du ikkje bruker energi på? 

– Diskusjonar, for eksempel. Det er ikkje eit poeng for meg å overtala nokon om dei trur sterkt på ein ting. Då må det testast ut, og så får me heller prøva eit anna alternativ viss ikkje det går. Eg bruker ikkje tid på ting eg ser ikkje kjem nokon veg, seier Anders. 

 

– Eg elskar jo å skapa ting. Sjølv om eg ikkje er opptatt av titlar, likar eg å vera med og påverka, ha innflytelse og få ting til. Foto: Hanna Maria van Zijp


Han har med andre ord ikkje tid til å vera perfeksjonist, slik han var som toppidrettsutøvar. Som konkurranseskyttar er det sjølvsagt marginane som tel. Anders har både nasjonale og internasjonale merittar som skyttar. Høgdepunktet kom i 2010, då Anders vann fleire konkurransar, noko som han hadde drøymt om sidan han kunne gå. Då blei han blant anna noregsmeister i felthurtigskyting. Øvinga, som også blir kalla stuparen, går ut på å hiva seg ned og plaffa ned tre figurar. I høljande austlandsregn brukte han nøyaktig 8,19 sekund på det. 

– Frå toppidretten er du skrudd saman sånn at du jobbar med dei lågthengjande fruktene først, der du ser det er mogleg å gjera noko. Du får eit fokus, eit indre driv. Du har tunnelbrillene på, meiner han. 

Sjølv hugsar ikkje Anders så mykje av dei dagane. Men det han hugsar, er at spørsmålet etter kvart meldte seg etter han hadde nådd det store målet som 19-åring. Kva skulle han gjera nå? 

 

Det å sjå at andre lukkast viste seg å vera like givande som å stå på pallen sjølv. Anders heiv seg over studiar i økonomi, administrasjon og leiing. Ikkje overraskande var Anders «ikkje heilt A4 heller» som student. Det eine var korleis han greidde å kombinera krevjande verv med fulltidsstudiar. Og så var det den viljestyrken som viste seg i flyet over Atlanteren. Anders skulle til California på utveksling då det svartna. 

Billetten var nemleg av den rimelege sorten. For å komma seg til San Diego, tok han fem fly. Reisa byrja på Haukeliekspressen og tok godt over eit døgn. Over Atlanteren hadde han reist i godt og vel 30 timar.  

– Det enda med at det var så lang reis at eg svimte av i flyet. Då hugsar eg det var ei flyvertinne som kom med ei gassflaske til meg, hehehe!

– Det var ein rimeleg tur, men det kosta litt, ler Anders. 

 

Opphaldet i San Diego var ei krevjande tid i ein akademisk kultur heilt annleis enn den norske. Under forelesningane kunne Anders, som ikkje kunne så godt engelsk frå før då, bli dratt fram framfor alle studentane for å presentera noko, «heilt random», som han seier. Andre øvingar var også litt framande, han måtte blant anna skriva eit motivasjonsbrev i det eine leiingsfaget. Studentane blei utfordra på å reflektera rundt ambisjonar, verdiar og kva dei stod for. 

Han forstod ikkje heilt vitsen med det.

– Eg syntest berre det var vås! 

Han vil ikkje utdjupa kva som stod i motivasjonsbrevet, men det viste seg å vera ei nyttig øving som peika ut ei retning, som gjorde ein meir medviten om korleis ein vil bruka tida si. Det viste seg å vera meir nyttig enn han hadde rekna med. 

– Det er litt artig, fordi ein del av det eg skreiv der, er faktisk noko av det eg har enda opp med ti år etterpå. Leiarjobb, driva eit stort firma, utdanning, og andre verdiar eg set pris på med familie, fortel Anders. 

Ein viktig del av suksessen har vore foreldre som har stilt opp frå dag éin, med alt frå oppfølging til gardsarbeid. I tillegg har kona tatt ansvaret for dei to små heime. Sikkerheitsnettet er stort. 


Anders Hundseid ser parallellar mellom toppidretten og næringslivet. Mengdetrening er viktig begge stader, ifølgjer toppleiaren. Foto: Hanna Maria van Zijp

 

Framover er målet å vera ein god rådgjevar og sparringspartnar. Som bankdirektør innan bedriftsmarknaden ser han fram til å vera med og utvikla både banken og bedrifter vidare. Dritspennande, seier Anders om mandatet i Sparebank1 SR-Bank. 

– Eg elskar jo å skapa ting. Sjølv om eg ikkje er opptatt av titlar, likar eg å vera med og påverka, ha innflytelse og få ting til.

Med høg inflasjon og energiprisar er det nok av ting å ta tak i for bedriftene på Vestlandet, ser han. 

Det gler han seg til. Anders tar med seg giret frå garden, erfaringane frå idretten og sju års bedriftsutvikling i Fatland. 

 

Det har gjort noko med han. 

– Du snakkar av og til som om du er 74? 

– Hehehe! 

Anders gjer litt hovudrekning. Joda, han jobbar mykje med folk som er ein eller to generasjonar eldre. Men svaret ligg i matematikken. 

– Eg har vore ti år i arbeidslivet. Men i antal timar har eg nok jobba i 20 år, altså dobbelt så mykje. 

– I toppidretten krev det 10 000 timar å bli god. Då eg trente på det meste, gjekk det to-tre tusen timar i året. Det tar fem til ti år å bli noregsmeister eller europameister eller kva det er, resonnerer Anders. 

Han ser det same i arbeidslivet. Mengdetrening er viktig. 

– Skal du bli god i næringslivet og, så er det det same som gjeld – og eit visst antal timar og erfaring, oppturar, nedturar, meiner Anders. 

– Og støy frå slakteriet?

– Og støy frå slakteriet. 

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden