Opnar Isvik café

Lege, geitebonde og restauratør Terje Kleiven opnar ny kafé i Frøken Fryd sine gamle lokale. Ny sjefskokk er på plass til mjuk lansering 16. desember.

Sjefskokk Astrid Elise Alendal og gründer Terje Kleiven er klare for opning av Isvik café i Vikeveien 32 neste helg. Foto: Steffen Jenssen og Geiteprodukter

I tillegg til alt det andre, er Terje Kleiven eigedomsutviklar. Det er eigedomsselskapet Isvik Helse AS som nå opnar kafé i Frøken Fryd sine tidlegare lokale.  

Eit års testing

Etter at frøkna la ned for nesten eit år sidan, har lokalet stått tomt, og saknet etter møteplass vore stort. Som eigar av bygget, har Kleiven & co. tatt grep. Lokala er pussa opp og tilpassa ny drift. Ny sjefskokk er på plass, og nye tilsette på veg. Førebels plan er eit års drift for å testa ut konseptet i Isvik. Frå før driv Kleiven pop-up-restauranten Caprae heime på garden i Skjold. 

Etterspurnad etter servering

– Det har vore ein del etterspurnad etter serveringsbedrift i Isvik, både frå fastbuande og folk på gjennomreise, seier Kleiven. 

Isvik café, som vil få 44 sitjeplassar og rullerande meny etter sesong, vil altså få ei mjuk lansering i adventstida, med graut og pannekaker. Frå nyttår vil kafeen vera open måndag, tysdag, torsdag og fredag. 

Lokala i Isvik er pussa opp og klare til å ta imot gjester. Den store opninga blir på nyåret. Foto: Steffen Jenssen og Geiteprodukter

Brenn for Isvik

Men det er meir enn det økonomiske som driv Kleiven. Han ønskjer å styrka staden. 

– Me som eig bygg her, likar ikkje tomme lokale i Isvik. Me vil at Isvik skal vera handelssenteret vårt. Då er det viktig å ha eit miljø der folk kan komma og møtast, seier Kleiven. 

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden