Virvelvinden

Hotelldirektør Inger Karin Larsen sit sjeldan ned, akkurat slik ho likar det. Å brenna for Skånevik krev lange dagar.

Inger Karin Larsen har drive Skånevik fjordhotell i over tjue år. – Min jobb er å rigga hotellet så godt at andre har lyst å driva det i framtida. Foto: Hanna Maria van Zijp

Inger Karin Larsen (69) sit i foajeen på Skånevik fjordhotell. Eller, ho sit iallfall ned innimellom alle førespurnader frå gjester og tilsette. Utanom blazeren og fagleg pondus, er det ikkje så mykje direktør-aktig over hotelldirektøren. Denne rolla krev at ein er høgt og lågt, like mykje i rekneskapen som i oppvasken. Inger Karin trivst med alle hattar. Dessutan har ho evna til å halda opp til tre samtalar på éin gong. 

– Du har alle jobbar på hotellet? 

– Ja, men eg har ikkje alle jobbane åleine, heldigvis. 

Telefonen ringjer, den første av mange gonger i løpet av ein liten time.  

– Skånevik fjordhotell? Ja, hei! 

Gjesten i andre enden får hjelp, effektivt og hyggjeleg.  

– Kor mange spørsmål får du i løpet av ein dag? 

– Det er mange. Det er mykje som skjer på vanlege dagar, seier ho. 

Ein mann kjem inn. 

– Fann du papira? Ja, flott. 


Inger Karin har vore i sjefsstolen på hotellet i snart 20 år. Før det har stordabuen ein rik cv, med nærings- og reiseliv som overskrift. Ho har hatt mange år på Stord verft, vore statssekretær i Nærings- og handelsdepartementet, jobba med næringsutvikling i Kvinnherad og vore næringssjef på Bømlo. I samarbeidsrådet for Sunnhordland var Inger Karin i ni år. Ho har leia arbeidet med etterbruk etter OL på Lillehammer med statsing på reiseliv i Hedmark og Oppland. Og for mange år sidan tok ho sommarjobb på Skånevik fjordhotell. Det var då Inger Karin forelska seg i Skånevik, som la grunnlaget for drivkrafta i hotellsjef-jobben. 

Inger Karin Larsen svarer på ein av telefonane som kjem i løpet av ein dag. Ho gir alt for Skånevik fjordhotell, sidan ho meiner at bygda treng eit hotell. Hotellet er ein viktig møteplass i sentrum, mellom generasjonar, hyttefolk, tilreisande og fastbuande. Foto: Hanna Maria van Zijp 

Når Medvind møter Inger Karin, kjem ho frå eit 42-timarsskift. Den helga hadde hotellet fleire arrangement med ei rekkje gjester. At oppvaskmaskina streika, var ikkje verdas beste timing. Mykje av helga gjekk til nettopp oppvask. Det trykket er ikkje for alle som går inn i sitt syttiande år (ho skal iallfall slutta før ho blir 103). 

– Har du ein enorm arbeidskapasitet? 

– Heilt vanvittig! 

– Ja?

– Neida, eg har ikkje det, hehe. Eg er vel som alle andre. Og eg har begynt å bli godt vaksen, så eg har vel ikkje den beste kapasiteten, men eg har ein beinhard vilje. Kanskje for sterk vilje til tider, seier ho. 

Dessutan har Inger Karin ei eineståande evne til å kopla av etter hektiske dagar. Ho er, ifølgje seg sjølv, veldig «god på å sova». 

– Når eg kjem meg i seng, så sovnar eg. Eg koplar av med søvn og bok, seier Inger Karin. 

Ho les alt. Litteraturen tømmer hovudet, gjer at ho nullstiller seg. Ti minutt i ei bok er nok til å senka skuldrene, ein slags meditasjon. 


Då er ho klar for ny dyst igjen, klar for å oppfylla det mandatet Inger Karin har gitt seg sjølv. Ho meiner at bygda treng eit hotell. Hotellet er ein viktig møteplass i sentrum, mellom generasjonar, hyttefolk, tilreisande og fastbuande. Her er dåp, bryllaup, minnestund, julebord, konfirmasjon, eldretreff. Neste veke er den store solfest som feirar at sola er tilbake i Skånevik. Bluesfestival og Pippi-festival trekk folk frå land og strand om sommaren. Som stadig større motorsykkeldestinasjon, er det fleire landstreff planlagt i år. Og Inger Karin gjer alt ho kan for at Skånevik fjordhotell skal bestå, vera ein del av sentrum. Samheldet er sterkt mellom butikkar og bedrifter i sentrum, som speler kvarandre gode. 

– Min jobb er å rigga hotellet så godt at andre har lyst å driva det i framtida, seier Inger Karin. 

– Unnskyld? 

Ei dame har eit gastronomisk spørsmål. 

– Eg berre lurte på, har du noko mat eg kunne ete nå i farten? 

– Som er ferdig nå? spør Inger Karin. 

– Ja, eit eller anna, same kva det er. 

Inger Karin spurtar til kjøkkenet. 

 

Ho kjem like raskt tilbake. 

– Det som motiverer meg, er at eg vil at Skånevik skal ha eit hotell – og det vil eg veldig sterkt, seier ho. 

I tillegg er folk den store drivkrafta. Inger Karin elskar folk. Gjestfridom er ein verdi ho held høgt. Alle skal ha det beste. 

– Eg plar seia at eg rusar meg på folk. Under pandemien heldt eg på å gå på veggene, for då var eg jo nesten åleine her. Einaste folka eg såg, var dei som kom på trappa og henta ta heim-mat, eller eg leverte mat til ferja. 

Gjestfridommen til Inger Karin kjem i retur også. Ho har eit heilt nettverk av folk som gir av tida si til Skånevik fjordhotell. Det er fleire som kjem innom, nokon dagleg, for ein kopp kaffi og spørsmål om det er noko dei kan hjelpa til med. Ein kompisgjeng frå Bergen har hengt opp julepynten. Dei same kjem vår og sommar for å gjera hagearbeid. Ein annan gjeng kalla Olsenbanden, er også høgt og lågt med alle typar arbeid. Det gir energi til Inger Karin. 

Så ringjer telefonen. Igjen. 

– Skånevik fjordhotell? Ja, hei! 

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden