Westcon på Kunnskapsdagen 

Kva gjer ein for å fanga interessa til 120 elevar? Nyttar litt sjølvironi og byr på quiz og ei fysikknøtt henta frå ei praktisk utfordring i den mangslungne kvardagen i Westcon.  

@{ var weekDay = DateTime.Now.Date.ToString("dd MMM yyyy"); }

Kunnskapsdagen vart arrangert for andre gong på Høgskolen Stord/Haugesund (HSH) fredag. Målet er å fremma interesse for realfag og få fram at vitskapsfaga er viktige i veldig mange jobbar. Kunnskapsdagen er eit samarbeid mellom HSH, Rogaland fylkeskommune og bedrifter frå heile distriktet. Rektor ved HSH, Liv Reidun Grimstvedt, og Asbjørn Velde frå fylkeskommune sto for den offsielle opninga av dagen. Deretter hadde fysikar Andreas Wahl elevane i si hule hand i ein time. Wahl, som er kjend frå ei rekkje program på TV, avslutta med å laga ei sky i auditoriet. 

Ikkje lett å ta over i eit kjedelig klasserom etter ei slik forestilling. Men maskiningeniør William Park i Westcon Yards sørga for at elevane på første trinn frå Ølen, Kopervik og Vardafjell vidaregåande skular fekk kunnskap om kor allsidig Westcon er som arbeidsplass. Dei fekk dessutan bryna seg på ei praktisk utfordring og ein quiz der svara var å finna i foredraget hans. 

 

Fekk oppgåve

Westcon var ei av ni bedrifter som presenterte seg for elevane. Dei andre var Gassco, Eramet Norway, Hydro, Haugesund vannverk, Veidekke, Statoil Kårstø, FMC-Biopolymer og Marine Aluminium. Park, som sjølv byrja på ingeniørutdanning ved HSH då han var 35 år, opna med å fortelja at han framleis ikkje er sikker på kva han skal bli når han blir stor. Med det lokka han fram latteren, og isen var broten. 

Midt i foredraget ga han elevane ei oppgåve: Kranen på ei plattform er løfta til maks høgde, og objektet som skal løftast på plass kjem ikkje over eit fastmontert rekkverk. Korleis skal ein løysa dette? I dei tre første klassane var det berre ei som hadde rett svar; Vippa plattforma. 

- Det er få som klarer å løysa dette så raskt. Vil du ha jobb? spurte Park. 

Mange har bestemt seg

Lydia Vikre i klasse 1 STA ved Kopervik vgs takka nei med eit smil. 

- Eg hadde høyrt om Westcon, men visste lite om bedrifta. Det har vore interessant å læra meir. Eg synest realfag er spennande og kjem til å studera det vidare. Westcon er nok ikkje aktuell som arbeidsplass, for eg skal bli arkitekt, seier Vikre. 

Park var litt overraska over at så mange av elevane var bestemte på kva dei ville bli. Og blant dei første 60 var det berre ein som kanskje kunne tenkja seg å jobba innan offshore. 

- Det er viktig for Westcon å vera til stades på slike kunnskapsdagar og yrkesmesser. Både for å profilera seg og rekruttera. Om få eller ingen av elevane som deltok i dag kjem til å jobba for Westcon, vil truleg fleire av dei komma borti Westcon gjennom andre jobbar. Då vil dei ha litt bakgrunn etter denne dagen, seier Park.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden