Turlaget inngår avtale med turistforeininga

Vindafjord Turlag og Haugesund Turistforening har signert ein samarbeidsavtale, som mellom anna inneber at alle medlemmer i Den norske Turistforening (DNT) med adresse Vindafjord automatisk òg blir medlemmer i Vindafjord Turlag.

Avtalen vart signert av leiar i turlaget, Arne Gunnar Habbestad, og Haugesund Turistforening sin leiar, Karl Andreas Knutsen fredag 15. juli. Signeringa fann stad på Medvindbygget i Ølensvåg. Begge leiarane sa seg godt nøgde med å ha fått på plass ein avtale som sikrar ei felles satsing med mål om å legge til rette for naturopplevingar for livet. 

Sjølvstendig turlag 

- Me vert framleis eit sjølvstendig turlag, men har forplikta oss til å følgje DNT sitt verdigrunnlag. I Vindafjord er det om lag 625 personar som er medlemmer i DNT, og som gjennom avtalen no òg er automatisk medlemmer i Vindafjord Turlag, fortel Habbestad. 

Han fortel òg at med dette medlemstalet har ein fleire medlemmer enn turlaga i Etne og Sauda til saman. Han både håpar og trur at endå fleire vil melde seg inn etter kvart som dei ulike turvegprosjekta fell på plass, og oppmodar alle vindafjordingar til å melde seg inn i DNT. 

- Eit kvar nytt medlemsskap i turistforeininga der medlemmen har bustadadresse i Vindafjord gir og kroner i kassen til turlaget. Med dagens medlemsmasse utgjer dette om lag 50-60 000 kroner i året som me kan nytta til opprusting av nye turvegar. Støtt lokallaget og få alle fordelane med å vera turistforeiningsmedlem med på kjøpet. Gå inn på www.dnt.no og meld deg inn i dag, oppmodar Habbestad. 

Opprusting av gamle og
bygging av nye turvegar 

Opprusting og bygging av turvegar er det Vindafjord Turlag har sikta seg inn på som sin hovudaktivitet – iallfall i denne omgang. Etter kvart kan det bli aktuelt å danne undergrupper som til dømes «Barna sitt turlag» og liknande, saman med turistforeininga. 

- Vindafjord Turlag sitt bidrag blir å knyte dei ulike bygdene i kommunen saman med godt framkomelege turvegar for folk flest, anten dei går, syklar, rir eller sit i rullestol eller i barnevogn. Me er alt godt i gong med førebuingane til opprusting av turvegen over Fikse, og opprusting av fleire meir eller mindre opparbeidde trasear mellom bygdene står på planen dei næraste åra. Heilt nye turvegar har me òg planar om å bygge der dette er naturleg for å gjera naturen rundt oss tilgjengeleg for flest mogleg, seier Habbestad. 

Turistforeininga tar seg av det administrative rundt medlemsskapa og blir elles svært gode å ha når det skal søkast om midlar til aktuelle tiltaka. Dei har ekspertisen på kor og korleis ein skal søke offentleg støtte, og skal gjennom samarbeidet være den som blir formell søkar.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden