Tour des Vindafjords langs ny løype

Dette året er de inviterte til sykkelfest langs ny Tour des Vindafjords-løype. Tour des Fjords-etappe 2 går gjennom Vats, Sandeid og Ølen torsdag 1. september.



Også dette året legg Tour des Fjords løypa innom Vindafjord, men held seg unna store delar av E 134 gjennom kommunen. Startskottet for rittet sin andre etappe startar i Leirvik på Stord klokka 12.40, når ryttarane set kursen mot målgang i Odda, der dei er forventa å passera målstreken om lag klokka 18.00. 

Dei siste åra er løypa lagt til E 134 gjennom store delar av Vindafjord. Dette året går Tour des Fjords gjennom Nedre Vats mot Sandeid via fylkesvegane. Frå Skjoldastraumen kjem syklistane til Vats der dei følgjer Riksveg 46 til Sandeid. Vidare går etappen mot Ølen på Fylkesveg 514, der dei deretter følgjer E 134 gjennom Etne på veg mot målstreken i Odda. 

Dei siste åra har vindafjordingane markert rittet med eigen folkefest – Tour des Vindafjords – langs løypa, og også dette året er publikum oppmoda til å heia syklistane fram gjennom bygdene. Som tidlegare år reknar reknar me med at heiagjengar i Vindafjord vil laga liv langs vegen. 

 Til inspirasjon, gir Medvind24 eit knippe glimt frå tidlegare Tour des Vindafjords: 


Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden