Tar første spadetak på Roa 2

Når framtida skulle byggjast i Ølen, var førstevalet Roa. Nå byggjer Boriss Bauke første huset på utvidinga av Roa-feltet, og mange med han går med planar om hus med sjøutsikt i Ølen. Tomtene går unna i Vindafjord, og bustadfelta blir større og fleire.

Det viktigaste er på plass for Taisija Bauke (7) i det ho ventar på sin nye heim på Roa 2-feltet i Ølen. Leikeplass med reilestativ er godkjent og allereie tatt i bruk, og tar snart foreldra Boriss og Alla første spadetak på tomt nr. 11.

- Eg kom til Ølen i 2010, familien min flytta hit halvanna år etterpå. Me fann raskt at det var her me ville byggja framtida vår, neste steg var då å finna ein stad å byggja huset vårt. Det er nok av tomter å velja i Vindafjord, men det var i Ølen me ville bu, og Roa var førstevalet. Nå startar bygginga så snart som mogleg, fortel Boriss, snikker frå Latvia, og snart nyetablert ølensbu med sjølvbygd hus som ein av dei første i den ferskaste tomteklynga på Roa.

Familien Bauke er klar for ei framtid i Ølen. Førstavalet var Roa. Til sommaren håpar dei å flytta inn i nytt hus på Roa 2. Foto: Kari Aakra

Og familien Bauke vil ikkje vera nabolause lenge. Feltet kjem i forlenginga av det snart fulle Roa 1-feltet. Tomtesalet i Vindafjord går som det susar og behovet for nye bustadfelt ser ikkje ut til å stagnera med det første, seier dagleg leiar i Vindafjord Tomteselskap, Morten Helland.

Utvidar med Roastrand

- Det er stor pågang, og behovet vil etter alle solemerker halda seg høgt. Roa-felta er eit godt bevis på nettopp det, og ettersom det nærmar seg fullt opp her, jobbar me nå med vidareutvikling av fleire bustadtilbod i same område, deriblant Roa 2 og Roastrand. Vindafjord er blitt ein attraktiv kommune å busetja seg i, seier Helland.

Dei siste fem åra har tomtene gått unna på Roa 1. Av total 42 tomter er 35 selde, og utvidinga med Roa 2-feltet var tydelegvis kjærkome. Av dei 14 tomtene lagde ut for sal på Roa 2 er allereie 10 selde. Og allereie er det nye tilbod for dei som vil busetja seg langs strandlinja. Snart byrjar nemleg bygginga på Roastrand.

- På nedsida av Roafeltet ska me til byggja ut 30 bueiningar, både einbustader, tomannsbustader og leiligheter. Me hentar inn prisar i desse dagar, og satsar på byggjestart i løpet av våren, seier Helland. Utbyggjar av Roastrand er Roa Tomteselskap, oppretta og eigd av Vindafjord tomteselskap, Omega Hus og Berge Sag. Prosjektet har ikkje vore marknadsført utover tomteselskapet sine nettsider, men fleire har allereie vist si interesse.

- Det har kome ein del telefonar allereie. Området her har visst seg svært populært i tillegg til at det også har vore behov for mindre nøkkelferdige bustader, ikkje kun tomter, meiner Helland. I 2009 var tomtesituasjonen i kommunen prekær. Næringslivet kokte, og arbeidsplassane følgde grafen oppover. Men ein stad å bu for dei som ønska å etablera seg i arbeidskommunen var det verre med. Fleire bustadfelt låg i planane, men få var regulert og endå færre utarbeidde. Tilgangen til tomter i sentrale strok av kommunen sto det dårlegast til med.

Roafeltet hadde vore omtalt og planlagt i nærare 12 år. Feltet kunne romma totalt 42 tomter og var ein av dei større bustadfelta utvikla i Vindafjord dei siste åra. Det ville langt på veg kunna møta behovet for bustader sentralt i Vindafjord. Samstundes som tilgangen på tomter stanga i taket, vaks behovet for ein motor som kunne driva fram tomteutvikling, halda presset på regulering, utbygging , sal og sørgja for å stetta behovet.

Løysinga blei Vindafjord Tomteselskap, med eigarar frå både privat næringsliv og kommune. Roafeltet og Tomteselskapet utløyste kvarandre gjensidig i 2009, og markerte starten på slutten av tomtemankoen. Sidan etableringa har tomteselskapet bidrege til å opparbeida og regulera 125 tomter i kommunen.

- Situasjonen i dag er ein heil annan, og det har skjedd mykje sidan satsinga i 2009. Det var nok avgjerande den gong å setja ein eigen ressurs til kun dette føremålet. Tomtemangelen har løyst seg, og me klarer å møta behovet. Me har tilbod til alle som ønskjer å byggja og bu i kommunen, og per i dag har me tilgjengelege felt i fleire bygder, seier Helland som tok over som tomteutviklar i selskapet i 2011.

Utbygging i fleire bygder

I løpet av åra har det vore eit jamt tilsig av nye tomtefelt og tilbod frå tomteselskapet. I tillegg til Roa, har prosjekta i Vågshagen i Ølensvåg og Vikaneset i Skjold stetta godt oppunder eit breitt tomtetilbod i kommunen. Vikaneset er til nå største bustadfeltet under utvikling i kommunen med til saman 69 tomter for einebustader.

- Det er størst pågang etter tomter langs E134 og som følgje av dette har me også halde ekstra press på utviklinga i desse bygdene. Men sjølv om mange difor trur at hovudvekta på tomteutviklinga ligg på dei meir sentrale områda i Vindafjord, er det ei like stor prioritering for oss å ha eit breidt og godt tilbod for busetjing i alle bygder, seier Helland. Blant dei store prosjekta under arbeid nå er vidareutviklinga av allereie etablerte kommunale felt. 

På Tomteselskapet sin agenda for dei komande åra står utviding av fleire kommunale felt i Vindafjord-bygdene.

Og nå som både framtid og hus skal byggjast i Ølen, er det eige firma som står på planen for Boriss Bauka. I dèt han signerte tomtekontrakt på Roa, etablerte han også eige snikkerfirma.

- Eg jobbar hjå Tørris Bjarne  Heggen i dag og trivst svært godt, men har lyst å satsa vidare med eige selskap, fortel han.

Og med dèt startar Bauke eigen bygge-business. Første oppdrag blir eige hus på Roa.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden