Overvakingsfartøy til kai hos Westcon Yards Florø

Etterretningstenesta sitt nye overvakingsfartøy skal vera i operativ drift frå 2016. Frå midt i januar har fartøyet vore innom Westcon Florø.

Foto: Forsvaret

- Det er ikkje store jobben. Ei lita vekes arbeid under sjølinja som dei ikkje kan utføra hos Vard Langsten, som har kontrakten på bygginga av skipet, seier verftsdirektør Gustav Johan Nydal.

Skipet erstattar dagens overvakingsfartøy, som óg heiter «Marjata».

Nybygget vart døypt av statsminister Erna Solberg i desember i fjor. Skipet blir ein viktig brikke i vidareføringa av Etterretningstenesta sine oppdrag i nordområda.

Mellom dei mest avanserte

– Aktiviteten, utviklinga og satsninga i nordområda er aukande. Kontroll med denne utviklinga er strategisk viktig for Noreg. Stortinget si avgjerd om å investera i nytt overvakingsfartøy er óg eit viktig signal om at kontinuerleg norsk nærvære i nordområda blir høgt prioritert, seier sjef for Etterretningstenesta, Kjell Grandhagen til forsvaret.no og legg til:

– Noreg har fått eit av dei mest avanserte overvakingsfartøy i verda, som skal bidra til å følgja med på denne utviklinga. Bildetekst: Nye «Marjata» blir eit av verdas mest avanserte overvakingsfartøy. 

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden