Snart 25 år bak disken i Kvaløy

Liv Norunn Bakkedal kjenner dei fleste kundane som stikk innom Coop Marked i Kvaløy. Mange av dei har ho ekspedert i godt over 20 år.

- Eg er litt usikker, men eg har vel passert 23 år som butikkmedarbeidar ved butikken, seier ho når me spør om fartstid. 

- Det er mest stamkundar, fastbuande imslandsbuar og hyttefolk, men rett som det er stikk det òg innom ein og annan reisande som finn vegen nedom. Spesielt tyskarar ser ut til å finne fram litt utanfor allfarveg, fortel ho. 

Då Medvind24 stakk innom butikken hadde ho nettopp tatt imot vekas levering av daglegvarer, og var i ferd med å få desse på plass i butikken. 

- Me får daglegvarer ein gong i veka og bestiller stort sett slik at me får alt på plass i butikken same dagen som me får det inn, sidan me ikkje har så stor lagerplass til slike varer, seier ho og hentar fram ein kasse eple som skal i hyllene. 

Trivst bak disken

Ho trivst mellom hyllene og bak disken i imslandsbuen sin nærbutikk; så godt at ho ikkje har tenkt på ferie ein gong. 

- Eg har ikkje dei store planane. Blir nok verande i bygda – for det meste – og kanskje ein og annan snarturen heimanfrå nokre dagar, ler ho. 

På spørsmål om ho har mange gode historier å fortelje, hendingar frå alle åra som butikkmedarbeidar; nei, då kjem ho ikkje på noko spesielt – iallfall ikkje som ho vil fortelje oss noko om. 

- Eg kjem ikkje på noko spesielt. Eller kanskje; me lo iallfall godt av det sjølve. Eg hadde eigentleg stengt butikken og jernvarebygget, men måtte bortom jernvaren ein ekstra tur. Medan eg var inne hadde ein av naboane til butikken òg funne vegen inn. Me gjekk om einannan og lite ante eg at eg låste han inne då eg gjekk ut att. Det blei litt dunking på døra før han fann ut at han kunne låse seg ut frå innsida sjølv, fortel den blide butikkmedarbeidaren.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden