Sjølvstendig 95-årsjubilant i Kvaløy

Det er ikkje mange sjølvstendige samyrkjelag att i landet. Eitt etter eitt har dei gått saman med, eller blitt slukte av større lag. Men i Kvaløy i Imsland held dei stand. Den 1. september kan dei feira 95-årsjubileum som sjølvstendig lag.


- Me har ingen planar om å gå saman med dei større, og ikkje har det stått friarar på døra heller, fortel handelslagsstyrar Odd Bjarte Åbø. 

- Me er nok altfor små til å vera interessante for dei større, og ikkje ønskjer me oss friarar heller. Eit slikt ekteskap ville nok medført kroken på døra etter kort tid, legg han til. 

Minst av dei minste 

Coop Marknad Kvaløy er eitt av få – og kanskje det minste – sjølvstendige samyrkjelag att i landet. 

- På Haugalandet er me eitt av dei siste. Av andre sjølvstendige butikkar eg kjem på er Sandeid og Røldal dei næraste. Me er nøgde med å vera små. Eller akkurat passe, som me likar å tolka det. Målet er å driva ein butikk som går i balanse, og etter toppåret i 2012, med ei omsetning på godt over 16 millionar kroner, har me stabilisert oss på dette nivået. Av dette utgjer om lag 4,2 millionar kroner omsetning av daglegvarer over disk i butikken, fortel Åbø. 

I tillegg får bøndene òg daglegvarer levert i bulk, og som blir fakturert saman med landbruksrelaterte varer. 

Ei stor jernvareavdeling 

Ein godt gøymt løyndom; butikkstyrar Odd Bjarte Åbø er stolt over den store jernvareavdelinga ved Coop Marked i Kvaløy. Her kan kundane få det utrulegaste av jernvarer og landbruksbaserte produkt. Det dei ikkje har på lager kan skaffast. Foto: Torleif Heggebø

- Me leverer ein del driftsmiddel for landbruket; mjøl og gjødning, og drivstoff til framkomstmiddel og maskinar på land og til sjøs. Totalt sel me om lag 125 000 liter drivstoff i året. Dessutan har me ei ganske stor jernvareavdeling kor kundane kan finna det utrulegaste. Jernvaren har vel i grunnen vore ein godt gøymt løyndom, men her kan ein finna varer ein sjeldan finn ved mange andre utsal. Og det me ikkje har, kan me stort sett skaffa, seier Åbø. 

Han fortel om mykje å gjere. Medan me sit på pauserommet i andre høgda kan me konstatere ein jamn straum av kundar, skal ein døme etter ringeklokka som stadig kimar når nokon passerer i dørene til butikken. Åbø sjølv har ikkje så mykje av arbeidet sitt mellom daglegvarene. Det er det medhjelparane hans som tek seg av – to damer med årelang fartstid bak disken. Åbø held seg mykje i jernvareavdelinga eller på lageret for landbruksrelaterte varer når han ikkje er på kontoret eller lossar bilar og båtar som kjem med varer. 

Utviding på dugnad 

På kontoret legg han planar for framtida. Han har nokre tankar som han vil lufte på styremøtet seinare i haust, men vil ikkje dele dei med oss i dag. Han har tru på framtida og utvikling av butikken. I vår gjorde dei det han kallar eit lite stunt. 

- Me stengde dørene i halvanna veke og gjekk laus på ei over 1000 timars dugnadsøkt. Me trong meir plass til varene og bestemte oss for å utvida butikken. Leveransane av daglegvarer kjem med bil ein gong i veka, og sidan me ikkje har særleg lagerplass må alt inn i hyllene same dagen. Etter utvidinga har me fått ein tredel større butikk. Arealet er auka frå 75 kvadratmeter til 100 kvadratmeter. Det er kanskje ikkje så stort, men for oss er det fantastisk å ha fått så mykje meir plass å boltre oss på, smiler styraren. 

Han fortel om stor dugnadsinnsats; mest av styremedlemmene, men og frivillige frå bygdene som stilte opp. Særleg då golvet skulle rivast opp. 

- Me hadde ikkje invitert til dugnad, men då golvet vart meisla opp, nytt støypt og fliser lagt, stilte fleire av bygdefolket opp. Det var folk både frå Kvaløy og Ølmedal, 15 – 20 i talet. 

Støtta av Merkur-programmet 

Åbø takkar Merkur-programmet for at dei har kunna bygd på butikken og skifta ut inventaret. Coop og regionsleiaren i kjeda får òg ros for å støtte opp om nærbutikken i Kvaløy. Sistnemnde har røtene sine i Imsland og er kunde ved butikken når han er på hytta si. 

- Då Merkur skulle vurdere bidrag til utviding av butikken, la dei mellom anna talet på hus og hytter i området til grunn. På strekka mellom Skipevåg og Hogganvik – innan ti minuttars avstand frå butikken – er det registrert 182 hus og 275 hytter med potensielle kundar til butikken. 

Inga stor feiring i år 

Butikkstyrar Odd Bjarte Åbø er mest å finne ute i jernvareavdelinga eller ved drivstoffpumpene når han ikkje har kontorarbeid å gjere. Årleg vert det omsett omlag 125 000 liter drivstoff ved Coop Marked i Kvaløy. Foto: Torleif Heggebø

Den 1. september 2016 er det 95 år sidan Henrik Nygaard stilte seg bak disken og ønskte dei første kundane velkommen til opning av krambua på Kvaløyberget. Dei siste to åra er det Åbø som har styrt butikken. 

Åbø har ikkje planar om noko stor jubileumsfeiring i år, og har heller ikkje rokke å tenke så langt som fem år fram i tid. Men han ser for seg å vera butikkstyrar meir enn dei neste fem åra. Han gler seg til å vera med på 100-årsfeiringa når så langt kjem. 

- Eg stortrivst i jobben, som eg var heldig å få i godt vaksen alder. Her vonar eg å bli til eg blir pensjonist, og det skal bli flott å få med seg feiringa av ein ærverdig 100-åring i 2021, seier den tidlegare bankmannen med fleire tiår bak seg i bankbransjen.

Litt om historia til handelslaget.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden