Ny Joker i Vikebygd

Gunn Vikingstad er ny eigar og dagleg leiar av Joker i Vikebygd. Allereie har ho planar for vidareutvikling av landhandelen, men først skal ho læra seg alle Joker-triks i boka.


1.oktober overtek Gunn Vikingstad drifta av Joker i Vikebygd. - Tanken på å driva butikk hadde ikkje slått meg ein gong, da Rolf tok kontakt. Men eg fann ut det var ein moglegheit eg veldig gjerne ville gripa, seier Vikingstad. 

- Eg har nokre tankar og idear om ting eg kunne tenkte meg å gjera med forretninga, men først må eg setja meg inn i alt eg må kunna som kjøpmann, seier Vikingstad. 

Ho overtek drifta av Joker-butikken i Vikebygd 1.oktober, når Rolf Alne sluttar av etter 17 år som kjøpmann av landhandelen. Etter ei årrekkje som tilsett i Vindafjord kommune, dei siste åra som prosjektleiar, takka Vikingstad av frå kommunal sektor i mai. Planen var eit år i tenkeboksen før ho tok neste steg på yrkesvegen, men «friåret» blei brått avbrote då Alne kontakta henne om overtaking av butikken. 

- Eg hadde ikkje tenkt tanken på ein kjøpmannsjobb ein gong. Men då eg fekk førespurnaden, fann eg raskt ut at dette var noko eg ville. Det er viktig å ta dei sjansane som byr seg. Eg tenkjer som Pippi, at dette har eg aldri gjort før, så det vil eg nok heilt sikkert klara. 

Lojale kundar 

Grunna helsemessige årsaker har Alne vald å runda av som kjøpmann. Om ingen hadde overtatt verksemda ville butikken stengt dørene til hausten. 

Rolf Alne har ein månad att som kjøpmann i Vikebygd. Deretter øverlet han roret og kassen til Gunn Vikingstad. - Om ikkje Gunn hadde tatt over ville nok alternativeet vore stengde dører til hausten, seier Alne. 

- På mindre stader som her i Vikebygd har den lokale butikken ei viktig rolle. Det handlar ikkje berre om ein stad å kjøpa seg mjøl og brød, men om ein samlingsplass og eit knytepunkt. Mange ser på butikken som ein sosial arena, det er eit lim i lokalsamfunnet. Difor er også innbyggjarane svært opptekne av å bruka det tilbodet som er her. Det ville nok vore eit sakn om butikken forsvann, trur Vikingstad. 

Frå fastbuande vikebuar så vel som turistar og ferierande hytteigarar har det vore mange spørsmål om Joker-framtida i Vikebygd den dag Alne kastar inn handklede som kjøpmann. 

- Det er mange tilreisande som har spurt meg om det blir vidare butikk. Jokeren i Vikebygd aukar handelen med 40 prosent i løpet av seks veker på sommar halvåret, så for svært mange ferierande her har nok butikken ein viktig funksjon, trur Alne. 


Fleire jokerar i ermet 

Daglegvarehandelen er hovudgeskjeften på Jokeren i Vikebygd. I tillegg til dette skal butikkleiaren også drifta catering, utkøyring av varer og  Joker-butikken sitt eige treningssenter. 

Daglegvarebransjen er tøff for ein landhandel som Joker i Vikebygd. Det er mange som reiser ut frå bygda på jobb dagleg og dermed kan ta daglegvarehandelen til dømes i Ølen eller Skjold. 

- Heldigvis har butikken  svært lojale kundar som vel å handla lokalt her hjå oss. Me har mange moglegheiter for meir vekst, meiner Vikingstad, som ikkje vil avsløra kva tankar ho har om vidareutvikling enno. 

Nå er det først og fremst opplæring som står på agendaen før ho om ein månad blir butikkeigar. Utanom daglegvarehandel med post og medisinutsal er det fleire andre tilleggstenester å drifta, som blant anna treningssenter, bok i butikk, catering og utkøyring av varer. 

 - Nå gler eg meg til ny kvardag på Jokeren. Eg har med meg tre damer som arbeider her fast og som er godt kjende med drifta. Det blir nok varierte dagar med mange ulike oppgåver, og trivelege folk rundt meg. Eg trivest best når det er travelt, seier Vikingstad. 

Og det kan avtroppande kjøpmann garantera at det blir. 

- Det er nok ein livsstil like mykje som ein jobb dette. Det har ikkje heilt gått opp for meg enno, men 1.oktober blir ein vemodig dag, når eg går ut av dørene som butikkeigar for siste gong, seier Alne. 

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden