- Planen er å bli sveisar 

Karrierevegane er mange i Vindafjord. Næringslivet gjer framstøyt mot tiandeklassingar og vidaregåande elevar, og dommen frå ungdommen er klar: Ein treng ikkje reisa langt for å oppfylla karrieredraumen.  Orathai Foss har oppdaga dei mange moglegheitene som ventar  for ein framtidig sveisar i Ølensvåg. 

 Det vrimlar i vandrehallen på Ølen vidaregåande skule. Travle 10.-klassingar travar puljevis mellom klasseromma. Det er skulen sin årlege «Open dag» der studietilboda blir presenterte for framtidige elevar. Dette året får både komande og nåverande elevar ved Ølen vgs litt ekstra påfyll om moglegheitene som ventar etter skulegang og vitnemål. Karrieremoglegheitene lokalt er mange, men veit alle elevar faktisk kor allsidige moglegheiter det er her? 

Moglegheitene for vidareutdanning innan sveisarfaget er det mange av. Orathai Foss har allereie byrja å tenkja på spesialisering etter at fagbrevet er i boks. Foto: Kari Aakra

Nokre av Vindafjord Arbeidsgiverforum (VAF) sine største bedrifter står oppstilte «gatelangs» i vandrehallen, og ungdomsklikkane stoppar gjerne for ein drøs om yrkesvegane vidare. 

 Ved Westcon-standen går praten godt om sveising, riggreparasjon og elektronikk. Moglegheitene ligg og ventar like over fjorden for Sander Totlandsdal, framtidig Tip-elev industriarbeidar. 

 - Eg skal starta på Tip til hausten, og målet er eit yrke innan industrielt arbeid, kanskje platearbeidar. Eg har allereie høyrt ein god del om Westcon, og vurderer det etter eg er ferdig på skulen. Her i bygda treng me treng ikkje reisa langt for å finna jobben me ønskjer. Moglegheitene er mange på Westcon, meiner Totlandsdal. 

 Og dei er kanskje fleire enn mange er klar over, meiner personalkonsulent Gunnlaug Habbestad ved Westcon. 

- Me fokuserer jo ein del på utplassering og lærlingplassar for elevar på Tip, IKT og innan elektrofag. Men det er også viktig å fremma dei yrkesvegane me kan tilby for dei som vel studiesepsialisering også, mellom andre ingeniørar og tilsette i administrasjonen, seier Habbestad. 

Saman med Berge Sag, Helgevold Elektro, Tveit Regnskap, Ølen Betong og Omega, informerte Westcon forbipasserande elevar om yrkesvegane som ligg og ventar i heimkommunen. Og ikkje alle er like klar over kor allsidige jobbmoglegheitene i nabolaget er. 

 

 10.-klassing Ingvald Hansen frå Skjold har så vidt starta å utarbeida framtidsplanane: Først blir det elektrolinja, deretter vidare mot noko innan data, kanskje systemutvikling. Han stansar naturleg nok ved Omega og slå av ein prat med systemutviklar Jan Christian Brataas. 

 - Eg var i grunnen ikkje klar over at Omega her i Vindafjord dreiv så bredt innan systemutvikling og programmering, så det har gitt meg litt å tenkja på. Det er nok mange elevar som tenkjer at dei må reisa bort herifrå for å finna nettopp desse jobbane, men det stemmer jo ikkje, seier Hansen, før han hastar vidare til neste bedrift. 

 Det er mange som allereie har planen klar for både studiar og yrkeskarriere vidare. Ved Helgevold Elektro sin banner står Morten Lærdal, som så langt allereie har høyrt at Helgevold er med i mange sine planar om vidare vegval. 

 - Me tar imot ein god del lærlingar kvart år, og mange som har vore innom har oss i tankane om lærlingplass og framtidig arbeidsgjevar. Slik sett verkar me godt kjende blant elevane, seier Lærdal. 

Side ved side står Ølen Betong og Westcon med sine standar i vandrehallen. Elevpuljene stansar med jamne mellomrom. Kjeledressane bær preg av ein allereie aktiv jobbkvardag på skulen for Jone Lillemo, Stian Gullhaug og Sigmund Risøy. Dei har stansa opp ved Ølen Betong. Sjølv om ikkje planane er heilt klare, blir det moglegvis nokre år borte frå heimkommunen Vindafjord. Deretter vil det vera nok å finna på om dei kjem tilbake att, konkluderer Tip-trioen. 

 - Det er ikkje mangel på jobbar for oss her, og me treng på ingen måte reisa langt. Men det er kanskje greitt å få «lufta» seg litt, og då er det godt å veta kva me kan koma tilbake til av jobbtilbod her heime, seier dei tre. 

 Orathai Foss, TiP-elev ved Ølen vgs har samla med seg rekrutteringsbrosjyrar frå Westcon. Planen er å bli sveisar, og Westcon står på lista som mogleg arbeidsplass etter utdanninga 

- Eg var ikkje klar over kor mange tilbod det finnest for etterutdanning gjennom Westcon-akademiet. Det er godt å veta at me har moglegheiter for å spesialisera oss innan det me ønskjer å driva på med. Fagbrev er jo berre ein start på yrkeskarrieren, seier Foss.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden