Pilene peikar oppover i Vindafjord

- Det går ganske så bra for næringslivet i Vindafjord. På mange område peikar pilene oppover. Yrka å velje mellom er mange for dei som søker seg hit. Her er det behov for meir enn ingeniørar, IT-guruar og kontormedarbeidarar.

Dagleg leiar i Fikse Næringsutvikling, Asbjørn Moe, har bodskapen klar når han i slutten av september dreg til Bergen for å møta studentar, utflytta sambygdingar og potensielle nye innbyggarar. For tredje året på rad representerer han bedrifter og kommune på arrangementet «Møt Haugesundsregionen»

- Det går bra for bedriftene, sjølv om me heller ikkje i Vindafjord kan seie at det går så det susar. Eg er optimist, mellom anna fordi Vindafjord-bedriftene viser både vilje og evne til å gjere endringar i takt med tida me lever i. Det er ein god bodskap å formidle. Vår oppgåve i Bergen blir å synleggjere mangfaldet bedriftene i kommunen har å by på, fortel Moe. 

Ikkje berre utflyttarar 

Det har vore mykje fokus på å hente heim studentar og unge arbeidstakarar i etableringsfasen, men Moe understrekar at målet er både å få heim dei med røtene sine i Vindafjord-bygdene og å lokka til seg nykomarar som kan tenke seg å etablere seg på desse kantar av landet. 

- Me har ganske klare tilbakemeldingar frå bedriftene våre om at dei prioriterer folk med lokal tilknytning. Det aukar sjansen for å få napp og for at dei som blir tilsette blir verande her over tid. Samstundes er det viktig å få nye til å etablere seg i kommunen. Det er bra for næringslivet, men òg for utviklinga av lokalsamfunnet. Mange nye søker seg til lag og foreiningar på fritida for å bygge seg lokale nettverk. Gjennom frivillig arbeid er dei med og held liv i, og utviklar bygdene våre, meiner Moe. 

Tar tempen på arbeidslivet 

Nyleg har Fikse Næringsutvikling tatt tempen på arbeidslivet i Etne og Vindafjord og sett på kva stillingar og i kva bransjar ein kjem til å trenge fleire arbeidarar i tida framover. Dette er noko av det Moe ønskjer å fortelja dei han møter i Bergen. 

- Me har bede bedriftene i Vindafjord og Etne om å setje opp ei oversikt over stillingane dei har i dag, og om dei kjem til å ha behov for fleire arbeidstakarar i tida framover. Sjølv om me ikkje har fått svar frå alle, og heller ikkje fått analysert resultata av undersøkinga enno, så finn me mykje nyttig informasjon å ta med oss i møte med studentar og andre i Bergen i neste veke, fortel Moe.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden