Ny butikk på rekordtid 

Gamle Tors Kolonial stengde dørene 30. mai. Allereie tysdag 2. juni opna den nye butikken. – Berge Sag og alle andre har gjort ein fantastisk jobb, seier innehavar Tor Sørhus. 

 

Far til Tor Sørhus starta opp butikken i Åmsosen i 1935. Sørhus byrja i butikken då han var 20, og for 28 år sidan vart butikken flytta til Knapphus. Han driv butikken saman med kona Laila og dottera Audhild Lindanger. Tysdag var det ein ny milepæl for Tors Kolonial, eller berre «Tors» som mange vatsbuar seier. Då opna den splitter nye Joker-butikken på Knapphus, og «heile» Vats kom for å handla, feira, høyra talar og korpsmusikk, og ikkje minst eta kake og is. 

- Det har vore veldig hektisk, men skikkelig kjekt. Laurdag for halvanna veke sidan stengde butikken klokka 16.00. I løpet av helga var heile familien i arbeid og tømde butikken for varer og innreiing. Me syntes det var for gale at gode ting skulle kastas, så alt som kunne brukast gav me vekk. Alt forsvann, frå kjølelager til hyller. Det var til og med for lite hyller i høve til etterspurnaden, smiler Tor Sørhus. 

Han er svært nøgd med Berge Sag, prosjektleiar Øystein Lærdal og alle dei andre involverte sin innsats, og gjev ros for både velvilje, kunnskap og godt samarbeid. 

Meir boltreplass over to etasjar.

- Det har vore mange byggemøter, og dei har alle enda med «ja, det fiksar me». No har me fått dobbelt så stort butikkareal, og golvflata er på 500 kvadratmeter. Me valde å byggja to etasjar for å ha litt å gå på. Dermed fekk me også flytta opp tekniske rom, samstundes som det gav oss 200 kvadratmeter areal som kan brukast til det som måtte dukka opp, sier Sørhus. 

Planering av tomta til den nye butikken byrja i november i fjor. Så var det stillstand nokre månader før arbeidet skaut fart i februar/mars. Sidan har det gått fort. Den nye butikken reiste seg heilt inntil den gamle, og blei nesten bygd over gamlebutikken. Sist laurdag vart den gamle riven, og arbeidet med utearealet gjort unna i rekordfart. Full fart var det også på innreiing og plassering av varer, og den nye butikken er blitt topp moderne og innhaldsrik. 

Berge Sag i Ølensvåg har teikna og prosjektert butikken og vore hovudentreprenør. 

- Dette er ein av dei kjekkaste jobbane eg har vore med på. Tor har heile tida vore klar på kva han vil ha, og ikkje minst at det skulle brukast lokale folk og firma. Bygget har ei litt spesiell form og er tilpassa tomta. Uteområdet er også blitt veldig bra, og det er lagt til rette for at det kan byggast tak over parkeringsplassen slik at folk etter kvart kan gjera tørrskodd handel, sier Øystein Lærdal, avdelingsleiar for byggfornying i Berge Sag. 

«Snorklypping» med coctail 

Sørhus fortel at det var åtte butikkar berre i Åsmosen då faren starta for 80 år sidan. Ordførar Ole Johan Vierdal kom fram til at han kunne hugsa sju i Vats den tid han har levd. No er det to att, og begge er på Knapphus. 

- Det er det fagfolk kallar klyngesynergi, og det trur eg er bra for begge butikkane. Ikkje minst slepp vatsbuen å bestemma seg for om dei skal blinka til høgre eller venstre når dei skal å handla, sa Vierdal og hausta humring for dei mange frammøtte. 

Han trekte fram god service og frukt og grønt som det folk nemner når det er snakk om Tors. Utkøyring av varer er også noko som blir sett pris på. 

- Hald fram med det, sjølv om omfanget har minka. No følgjer andre etter, sa Vierdal. 

Så var det tid for offisiell opning. Og Tor hadde sjølvsagt funne på noko anna enn ei snor. Ordføraren blei utfordra med ein boks fruktcoctail og boksopna – og tok oppdraget på strak arm. 

- Eg har drøymt om denne butikken lenge. Vi opna dørene klokka 07.00, og det har vore folk innom sidan. At så mange har tatt turen til den offisielle opninga er overveldande. Dette har vore ein strålande dag, men klokka 19.00 er det kveld for både butikken og oss, seier Sørhus og ler. 

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden