Lunsj med norsk økonomi på menyen

Har du tenkt deg ut til lunsj fredag 6. februar, er det ein god idé å leggja den til Ølen vidaregåande skule. Kjersti Haugland, seniorøkonom i DNB Markets og ølensbu, skal snakka om norsk økonomi og korleis oljeprisfallet påverkar den.

Det blir frå mange hald hevda at oljeprisfallet og nedgangen i oljebransen vil knekka den norske økonomien. Haugland er ikkje blant desse, og det kjem ho til å snakka om når Medvind Næringshage og VAF arrangerer lunsjmøte.

- Konklusjonen på føredraget er at det kjem til å bli ei forholdsvis mjuk landing. Andre økonomiske forhold vil bidra til å dempa alt det negative som er venta dei neste tre åra, seier Haugland.

Kjersti Haugland, seniorøkonom i DNB Markets, serverer norsk økonomi når Medvind Næringshage og VAF inviterer til lunsjmøte på Ølen vidaregåande skule.

Ekstra relevant for Vindafjord

Smertefritt blir det det ikkje, og Haugland meiner utviklinga i den norske økonomien er ekstra relevant for Vindafjord.

- Det er lett å setja det eg skal snakka om inn i ein lokal kontekst. Her har store verksemder som Westcon og Omega – og andre mindre bedrifter – vore med på oppturen i oljebransjen og ringverknadane av denne. Dei har sitte i oljeboomen, no merkar dei reversen, seier Haugland.

Ølensbuen er ein anerkjent analytikar og fekk jobb i Noregs Bank rett etter utdanninga ved Handelshøgskolen i Bergen. Jobben gjorde at ho flytta til Oslo i 2003, og ho har sidan budd i hovudstaden.

Noregs Bank og DNB

- I Noregs Bank jobba eg med pengepolitikk inn mot rentefastsetjing. Ein viktig del av det var å laga rentebanar som danna grunnlag for kva rente som vart sett. I 2010 byrja eg i DNB. Då gjekk eg over til «den andre sida» og jobbar no mellom anna med kva Noregs Bank kan komma til å gjera med renta, seier Haugland.

I Haugesund hevdar enkelte at ho er haugesundar. Det vil Haugland ikkje ha på seg.

- Eg er i Haugesund med jamne mellomrom i samband med jobben, men det nærmaste eg kjem å vera haugesundar er at eg er født der. Eg er ølensbu!

For påmelding, gå til Vindafjord Arbeidsgiverforum sine nettsider

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden