Kronikk: Ei økonomisk krise, men ingen grunn til panikk

Image
Utvandra vindafjording, Kristian Heggebø er forskar ved velferdsinstituttet NOVA. Foto: OsloMet.

Etter ein lang periode med omfattande mediefokus på smittespreiing og risikogrupper, har pandemien si innverknad på økonomien fått stadig meir merksemd. Etterspørsla etter arbeidskraft har minka drastisk lokalt, nasjonalt og internasjonalt, og dei sosiale konsekvensane av korona – i form av arbeidsløyse og inntektstap – er no tydelege.  

Me veit godt at arbeidsløyse kan opplevast vanskeleg, og føre til svekking av både mental og fysisk helse. 


Me veit godt at arbeidsløyse kan opplevast vanskeleg, og føre til svekking av både mental og fysisk helse. I tillegg er det dessverre slik at dei som har såkalla «arr» på CVen, i form av tid utanfor arbeidslivet, har større vanskar med å få innpass på arbeidsmarknaden igjen. For somme kan derfor arbeidsløyseperioden bli langvarig, og ein risikerer å hamna i ein ‘vond sirkel’ der tilknytinga til arbeidsmarknaden vert svakare over tid, samstundes som helsetilstanden vert verre.

Også næringslivet vil gå vanskelege tider i møte. Tap av arbeid betyr som regel eit markant dropp i inntekt, og mange personar må derfor justere ned levestandarden sin, i alle fall på kort sikt. Dette vil slå negativt ut for mange firma, for eksempel dersom mange familiar set oppussingsprosjekt på vent og/eller dersom andre bedrifter vegrar seg mot å ta på seg oppdrag som ser meir risikable ut på grunn av covid-19 viruset. Ei generell kjensle av utryggleik vil dirfor føre til mindre økonomisk aktivitet og konsum, noko som igjen betyr lågare inntening for mange bedrifter (sjølvsagt med viktige nyanseforskjellar mellom arbeidsmarknadssegment). Det er altså eit temmeleg dystert bilete som teiknar seg av den økonomiske krisa me no står midt oppi.

Men pust med magen, dette kjem til å gå heilt fint!

Og kven veit, kanskje desse nye bedriftene får ein vesentleg grønare profil? 

Norsk økonomi har tidlegare vist stor evne til omstilling, og det same vil forhåpentlegvis skje i månadane og åra framover. At somme bedrifter ikkje overlever er berre ein del av kapitalismens natur, men ny-etablerte føretak og firma vil igjen skapa nye arbeidsplassar, eit fenomen omtala som ‘kreativ destruksjon’ av Joseph Schumpeter. Og kven veit, kanskje desse nye bedriftene får ein vesentleg grønare profil? I så tilfelle kan me endeleg starta arbeidet med å løyse den definitivt mest alvorlege krisa: klimakrisa.

Men ein må, som kjent, læra seg å krabba før ein kan springa om kapp med Karsten Warholm, og her er eit par små tips som kanskje kan bidra til å gjere denne utfordrande tida ørlite grann lettare:

Men ein må, som kjent, læra seg å krabba før ein kan springa om kapp med Karsten Warholm.


Til jobbsøkerar: For å lukkast på ein jobbmarknad med få ledige stillingar og sterk konkurranse må ein vera innstilt på å senda enda fleire – og betre – søknader før ein kan forventa noko positiv respons. Les deg godt opp på din potensielle arbeidsgjevar, be venner og familie lesa og gi tilbakemelding på søknadsutkastet ditt, og bruk NAV sin kompetanse aktivt.

Til arbeidsgjevarar: Ikkje berre tilsett personar med perfekt CV! Det er mange flinke folk som har opplevd uflaks eller helsetrøbbel, og som derfor har merkbare hål i CVen sin. Personar med ein ‘smårufsete’ CV kan vise seg å vere det beste valet for nettopp din bedrift/organisasjon.

Personar med ein ‘smårufsete’ CV kan vise seg å vere det beste valet for nettopp din bedrift/organisasjon.


Til lokalpolitikarar: Bruk den unike moglegheita me no har til å legga (mykje) betre til rette for grøn omstilling. Ein treng ikkje venta på at Stortinget skal ta til vet, det er mykje ein kan gjera i kommunane allereie i dag. Ta grep!   

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden