Klipper 1000 tonn stål i veka

Med verdas største stålsaks på plass på Raunes, har AF Offshore Decoms Miljøbase i Vats ikkje berre kutta 4000 tonn stål den siste månaden, men også kutta vesentleg i både produksjonstid og gassforbruk.

Mellom stablar av tjukke stålrøyr, på om lag ein meter i diameter, ruvar den nye klippemaskina på AF Offshore Decoms Miljøbase i Vats. Ein gigantmaskin med krefter av stål, bokstaveleg talt. 

I følgje leverandøren Louritex er maskinen verdas største, med ei styrke i klypa på 2500 tonn. I løpet av ein dag kan saksa klippe opp vel 380 tonn stål, opptil 25 cm tjukt.

-  Stålsaksa representerer ny teknologi for oss, først og fremst på grunn av skalaen. Saksa går 12 timer i døgeret og gjer hele prosessen meir industriell og effektiv. Målet vårt er å fjerna og dela opp plattformene på ein sikker og miljøriktig måte, med så høg grad av gjenvinning som mogleg. Til saman er 175 000 tonn stål blitt gjenvunne ved Miljøbasen, tilsvarande stålet til 22 Eiffeltårn. Med denne saksa blir også det manuelle arbeidet redusert. I tillegg reduserer vi ikkje berre tid, men også vesentlege mengder gass ved å la maskinen ta seg av kuttinga, seier plassjef Stein Espen Bøe. 

 

Kuttar stål, arbeidstid og gass

Det er mest folketomt på Miljøbasen i Vats i desse dagar. Storparten av dei tilsette er offshore for å førebu B11-plattformen for  avreise frå tysk sektor til Raunes for opphogging, der anlegget sin nyaste supermaskin ventar.

Stålsaks-maskina vert driven via PC frå et kontrollrom med utsikt over saksa. Stålrøyr på omlag 7,5 meters lengde vert lagde ned i eit kammer, mens ei skuffe dyttar røyret fram mot ein «giljotin» i enden, som kuttar røyret opp i passande lengder.

- Tidlegare har veldig mykje av denne opphoggingsjobben vore avhengig av skjærebrenning. Med den nye maskina unngår vi mykje av den manuelle jobben, og reduserer gassforbruket betydeleg då stålsaksa vil overta mykje av arbeidet som tidligare måtte gjerast med skjærebrenning, fortel HMSK-ingeniør ved Miljøbasen, Audhild Rygg.

- Så er heller ikkje skjærebrenning det mest ergonomiske arbeidet, så den nye maskinen sparer medarbeidarane våre for mykje tungt og krevjande arbeid utandørs, seier Rygg.

Offshore-førebuingar før anløp

Frå stålsaksa var på plass i november har maskinen tatt seg av restane etter installasjonar frå Ekofiskfeltet som såg sine siste dagar på Raunes. Restane av desse installasjonane ligg nå i ein stålhaug som blir lasta om bord på skip med kurs for Mo i Rana der det skal smeltast om til armeringsjern, som får nytt liv i nybygg.

Den neste store klippe-jobben vert B11-plattforma, der dei ulike modulane vil bli sende til Raunes i tre skipingar ut over våren. Då skal saksa ta seg av understellet på plattforma, blant anna gamle stållegger og strukturrøyr.

- Tidlegare har vi brukt ei mobil saks som også var avhengig av ein god del manuelt arbeid i tillegg til den maskinelle. Med den nye stasjonære saksa har me et konkurranseføretrinn då det effektiviserer kuttejobben betydelig, meiner Bøe, som er klar for nye klippejobbar ved Raunes.

- AF er stolte av å ha utvikla ein teknologi som gjer at materiala som vert frakta til anlegget i Vats blir resirkulert og brukt på ny. Ikkje-resirkulerbare materiale og farleg avfall blir separert på ein sikker måte og sendt til godkjende mottak for slikt avfall, fortel han.

No først skal B11-plattforma i saksa, deretter kjem Murchinson-plattforma frå britisk sokkel. Den plattforma er ei av de største stålunderstellsplattformene i Nordsjøen, og AF Offshore Decom byrjar offshore-førebuingane i 2016.

  


Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden