Legg ein kald klut på krisa

Det er det ingen grunn til panikk, sjølv om det blir tre tøffe år med mindre investeringar og lågare oljeprisar, meiner seniorøkonom i DNB Markets, Kjersti Haugland. – I 2018 blir det bånn gass igjen. Me er langt frå noko krise. Me er inne i ein omstillingsprosess.

 - Her lokalt i Vindafjord, så vel som nasjonalt, har folk vore opptekne av fallet i oljeprisen og frykta om at «nå kjem nedturen». Denne bodskapen vil eg moderera: Me går ikkje inn i noko krise. Det vil ikkje vera vedvarande nedgang eller nedbygging av oljebransjen. I 2018 vil situasjonen vera tilbake til det normale igjen. Men me kan ikkje venta at oljeboomen når dei same toppane igjen, innleia ølensbuen og seniorøkonom Kjersti Haugland. 

 Fredag var ho tilbake på gamle trakter i Ølen med føredraget «Oljebremsen knekker ikke norsk økonomi», i regi av Vindafjord Arbeidsgiverforum. Blant publikum var representantar frå næringslivet i Vindafjord og Etne. 

 

Får bukt med kostnadssirkuset

I 2012 var 250 000 arbeidstakarar tilknytt petroleumsnæringa. 150 000 var direkte sysselsette i bransjen, blant anna ved skipsverft, på riggar, hjå utstyrsleverandørar og innan seismikkselskap. Ytterlegare 100 000 arbeidstakarar var indirekte sysselsette gjennom næringar som nå også opplever følgjene av oljebremsen innan IT, transport, bygg og anlegg, finans og juridisk. 

 - Norsk økonomi har gått så det susar dei siste 20 år grunna oljebransjen. Oljenæringa har til nå stått for 9 prosent av sysselsetjinga av  fastlandsøkonomien i landet. Årleg har det vore investert 200 milliardar i oljeprosjekt. Denne investeringstakten vil gå ned med 30 prosent innan utgangen av 2017. Hadde det ikkje vore for Johan Sverdrup-prosjektet ville nedgangen vore endå større, påpeikar Haugland. 

 Johan Sverdrup-feltet er det 5. største feltet funne på norsk sokkel. Medan investeringane i den norske oljebransjen samla har vore på 200 milliardar i året, vil Sverdrup åleine utgjera meir enn 20 milliardar. 

 - Kontraktane for jobbar på Sverdrup er i ferd med å bli tildelte, og norske leverandørar ser ut til å klara seg bra, fortel Haugland. 

 I løpet av 2000-talet blei oljeprisen firdobla, og i same periode var det ville tilstandar i kostnadane på norsk sokkel. I løpet av dei ti siste åra har det blitt dyrare å henta opp olje, og nå kjem kutta. Men dette skal me kunna sjå på som ein positiv effekt, påpeikar Haugland.

 - Dersom me greier å får kostnadane ned, vil me får ein balanse som igjen vil føra til fleire investeringar. Investorane og bankane er leie av å høyra om at prosjekta skal gje vekst. Prosjekta skal vera lønnsame, seier ho. 

 Står seg godt 

Så, korleis er ståa på Vestlandet? Av dei som er direkte tilknytte oljesektoren er meir enn 29 000 busette i Rogaland, over 28 000 i Hordaland. Sysselsetjinga i olja utgjer 15 prosent i Stavanger-regionen, medan regionen Haugalandet/Stord ligg på ein god andreplass, der 13 prosent blir sysselsette i oljenæringa. 

Og for å dra det ned på endå meir lokalt nivå: På Stord er 30 prosent direkte sysselsette i oljebransjen, medan Vindafjord har nærare 20 prosent tilknytt næringa. Men ølensbuen Haugland er positiv på vegne av heimkommunen sin. 

 - Dei som vil stå seg best gjennom omstillingsprosessen dei neste åra, er dei mest produktive bedriftene. Dei som klarer å snu seg mot andre marknadar. Og dei er det mange av i Vindafjord, seier Haugland. 

 Investeringslysta i resten av det norske næringslivet dabbar naturleg nok noko av når ein så stor motor som olja stoppar opp. Men for dei næringane som til nå har vore i skuggen av olja, vil denne bremsen kunna opplevast som noko positivt. Olja vil ikkje nå opp til same prosentdel av den norske økonomien som bransjen har utgjort til nå. Andre krefter vil få ein større bit av denne kaka, meiner Haugland.

 - Utanlandske produkt vil bli dyrare for oss, og norske produkt vil bli billigare for utlandet. Eksportprisane vil auka, og endeleg vil me sjå ein vekst i fastlandseksporten. I tillegg vil også bygg- og anleggsbransjen få mykje å gjera framover, og me ser at investeringane innan kraft blir stadig større, påpeikar ho.

 God handel 

Veksten i norsk økonomi vil falla, men 2014 har tatt seg av den verste bøygen. Om nokon bekymrar seg over nedgangen her til lands, minner Haugland om at ståa er for grei til at det er behov for krisepakkar. 

 - Veksten dette året vil synka til 1,2 prosent, men det vil også vera det svakaste. Til neste år vil veksttakten tilta mot eit normalt nivå. Me vil ikkje ha ei netto auke arbeidsplassar i år, men sjølv om me når ein arbeidsløysetopp, vil framleis 36 prosent av alle nordmenn ha ein jobb å gå til. Me må hugsa at svært mange EU-land ville vore lukkelege for å vera i ein slik situasjon, held Haugland fram. Sjølv om forbrukaren har blitt stadig meir forsiktig, har han ikkje tatt skrekken. I forkant av finanskrisa feira den norske forbrukaren med kjøpefest og lite sparingsvilje. Dette har moderert seg. Varehandelen vil få greie år framover. Det vil ikkje bli noko ny kjøpefest, men heller ingen kollaps, seier Haugland.

 - Forbrukarane står for ein veldig viktig del av veksten. Norsk forbruk ha gått ned, men me er framleis solide på forbrukssida. Nordmenn har spart godt dei siste åra. Det tok seg opp etter finanskrisa. Me har brukt anledninga med låge renter til å betala ned, seier Haugland, som meiner det er all grunn til å senka skuldrene og heller sjå på dei positive ringverknadane av bremsen.

 - Oljeprisane og kostnadane kunne ikkje halda det same nivået som det har gjort. Fram mot 2018 vil bransjen og andre næringar omstilla seg og komma tilbake til eit meir normalt og levedyktig nivå. Fram mot dette vil forbrukaren kjøpa som før, eksportprisane vil auka og andre bransjar vil veksa. Næringslivet i Noreg kjem ikkje til å gå på noko smell. Me er kun inne i ein tilpassingsperiode mot normalisering, seier Haugland.   




Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden