Nytt fellesløft for Sjoardagen

Dette året har fleire aktørar samla seg om felles arrangement under Sjoardagen i Ølen. Motortreff, Roatoppen Opp, kommunesamanslåingsdebatt, auksjon, barneaktivitetar og kveldsunderhaldning står på programmet 27.august.


Sjoarløpet er fast post på programmet for Sjoardagen. Dette året blir det også ei rekkje andre aktivitetar forn born og vaksne i alle aldrar. Foto: Svein Egil Økland

Handelsnæringa i Ølen, Frisk, JoaKari, Etne & Vindafjord Motorklubb, Roatoppen Opp og Fikse Næringsutvikling drar i lag for Sjoardagen dette året. Saman satsar dei friskt på eit endå meir allsidig arrangement i Ølen sentrum. 

- Sjoardagen har blitt ein tradisjon i Ølen, men i år har me prøvd å løfta det ytterlegare blant anna ved å dra inn fleire samarbeidspartnarar og arrangement som me køyrer parallelt same dagen. Slik trur eg me vil trekkja endå fleire deltakarar denne dagen, seier Magne Christiansen, styremedlem i Ølen Handel & Service. 

Motbakkeløpet til Roatoppen opp blir arrangert på Sjoardagen, start frå Frisk treningssenter i Ølen. Foto: Svein Egil Økland

Meir for alle 

Borna skal få endå meir å bryna seg på under Sjoardagen i år. I Sjoargata får dei yngre besøkande blant anna sin eigen vesle aktivitetspark med båtbasseng, levande fotballspel og bompicars. 

Og tradisjonen tru, skal born i alle aldrar få testa farten under Sjoarløpet. 

- Målet er at alle frå 1 til 90 skal finna noko som engasjerer. Me har satsa endå litt meir på aktivitetar for born, i tillegg til fleire større programpostar for vaksne både på dagtid og om kvelden, fortel Christiansen. 

Ordførararne i Etne og Vindafjord stiller til debatt om kommunesamanslåing. Det blir sett søkelys på følgjene for landbruk og næringsliv i ei eventuell samanslåing i debatten, der statssekretær i Landbruks- og matdepartementet, Terje Halleland og Westcon-gründer Øystein Matre også sit i debattpanelet. 

Ordførar Ole Johan Vierdal i Vindafjord, ordførar Siri Klokkerstuen i Etne, statssekretær Terje Halleland i landbruks- og matdepartementet og Westcon-gründer Øystein Matre stiller til debatt om kommunesamanslåing på Sjoardagen. 

- Dette er eit høgaktuelt tema, og mange ønskjer å veta meir om kva me kan venta oss av ei eventuell samanslåing. Me trur denne debatten kan fengja, seier Christiansen. Nytt av året er også auksjon, som skal haldast ved Byggmix. 

- Auksjonar har blitt svært populært, så dette trur me vil slå an blant fleire aldersgrupper, seier han. 

På kvelden blir det også underhaldning med dans og matservering i telt bak Frisk treningssenter. 

Motortreffet i Ølen går av stabelen på Sjoardagen med eige program for alle motorentusiastar. Foto: Svein Egil Økland

Samarbeid med motor- og fjellentusiastar 

Etne & Vindafjord sitt årlege Motortreff har vakse seg større og stadig meir populært. Dette året blir treffet arrangert på Sjoardagen med utstilling, køyretøykonkurranse, premiering og «cruising». 

Publikum er også inviterte til å bli med på motbakkeløpet Roatoppen Opp som del av Sjoardagen. Både turgåarar og løpsentusiastar er inviterte til å prøva seg på den 2600 meter lange løypa opp 502 meter over havet. 

I tillegg till arrangementa denne dagen vil handelsnæringa ha eigne aktivitetar på kvar sine butikkar. Christiansen trur Sjoardagen dette året kan bli eit trekkplaster for endå fleire publikummarar enn før. 

- Me har ei flott sjoargate i Ølen som det er viktig at blir tatt i bruk. Dette er eit arrangement som skal løfta aktiviteten i sentrum, og som i løpet av dei siste åra har blitt ein kjærkommen dag for mange. Nå vil me løfta det endå nokre hakk med endå fleire aktørar som drar i lag. Me håpar og trur satsinga vil slå an, seier Christiansen.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden