Gullguten

Frå morellsal til oljeeventyr. Frå pantebuer til eigendomsselskap og bustadfelt i hundremillionarsklassen. Ein gang- og sykkelveg her, og eit byggfirma der. Ifølge han sjølv har han kun hatt ein finger med i spelet. Men alt den fingeren tar i blir til lokalt «gull»: bustader, arbeidsplassar og samfunnsbygging. Møt Ølensvåg sin eigen snikker Midas.

— Pass berre på at det ikkje blir for skrytete. Eg skal ikkje ha noko skryteartikkel. 

Det er første gong Arne Gunnar Habbestad blir portrettintervjua. Med eit lunt smil og snille auger er det likevel begrensa kor streng han kan bli. Travelt fokusert på ein altfor komplisert iPhone tassar han ut av hovudkontoret til Omega AS, selskapet som han var «litt involvert i», i følge eigen hukommelse. 

Men Omega er eit eige kapittel. Historien om samfunssnikker Habbestad startar med moreller. Då må me tilbake til 1986. Og til ein ungdomsgjeng på tur i Jondal. 

— KFUM og tensing samla det som kunne krypa og gå av ungdom i «mi tid». Eg valde å ta siviltenesta mi der. Tenkte at her kunne eg kanskje bidra med noko, fortel Arne Gunnar, tømrar av yrke, optimist av natur og ein aldri så liten Reodor Felgen innan samfunnsbygging. 

Jobb nr 1 i siviltenesta.: få orden på ein anstrengt økonomi. KFUM hadde tatt opp eit lån på 100 000 kroner. Inntektene kom frå alt frå bygging av trafostasjonar til kakelotteri. Det siste var gjerne ikkje hans sterkaste side, men alt som kunne snikrast kasta han seg raskt på. Så kom han over gullgruva. Kona til kompisen Sigmund Lunde hadde slektningar i Jondal. 

- Eit eldre par som lot oss gå berserk i morellhagen deira. Me køyrde inn fredag ettermiddag, plukka til laurdag føremiddag, køyrde heimatt på ettermiddagen. Søndag selde me moreller langs vegen. Resultatet enda på netto 25 000 kroner etter ei helgs arbeid. Og det var gode peng i 1986. Me blei rimeleg drivne i gamet og dreiv morell-business i fleire år. 

Arne Gunnar Habbestad var dagleg leiar i Omega frå 1997 til 2001. - Sigmund og Tor Erling hadde tru på meg og stola på at eg ville gjera ein god jobb. Galningar. (Foto: Jan nordtveit)

Etter eitt år i sivilteneste, kunne han kvittera med følgjande rekneskap: 400 000 kroner i inntekter til KFUM. Gjennomsnittleg 63 arbeidstimar i veka og eit særs oppegåande ungdomsmiljø med god økonomi. 


I 1995 kom førespurnaden og invitasjonen til eit næringseventyr utan sidestykke. Sigmund og broren Tor Erling tok kontakt. Om ikkje Arne Gunnar kunne tenkja seg arbeid i administrasjonen i selskapet deira, Omega AS? 

- Jo, det kunne han, vel, tenkte Arne Gunnar. Omega var den gong PC-bedrifta som fiksa datamaskiner og leverte system til nabobedrifter i Ølen. 

2.februar kl. 12.00 blei Arne Gunnar tilsett som nr. 17 i Omega. 

— Den første oppgåva eg fekk var å avvikla PC-butikken i selskapet. Det hadde utvikla seg ein kultur i bedrifta der dei gjorde pc-reparasjonar så og seia gratis for dei som trengte det. 

Men før han la ned data-butikken, fekk han og kollega Kjetil Espeland det til å gå i pluss. Tok rett og slett betaling for jobben som blei gjort. Men framleis skulle det leggjast ned. Nå skulle det satsast på utvikling av datasystem og utleige av konsulentar til olje- og gassindustrien. Dermed gjekk Pc-butikken ned med flagget til topps, og med pluss i rekneskapen. Dagens Omega såg samstundes dagslys. 

Knappe to år seinare byrja han som dagleg leiar. Året var 1997, selskapet hadde bikka 30 tilsette og like mange millionar i omsetning. No leverte dei programvare og konsulentar til dei store gutane i oljebransjen. 

— Det var kjempeskummelt, mimrar han og fortel vidare om nervepirrande møte der han sat med Statoil-sjefar utan å ha snøring på kva som blei diskutert rundt bordet. Og om vakenetter med anbodsarbeid på rammeavtalar som kunne bety vinn eller forsvinn for bedrifta i Vågen. 

— Sigmund og Tor Erling hadde tru på meg og stola på at eg ville gjera ein god jobb. Galningar. Men det gjekk jo. På eit vis, ler han. 

— Me hadde tidene med oss. Selde programvare og drog i land rammeavtalar for konsulentar til store oppdrag. I 1998 tilsette me 10 nye systemingeniørar.

Så kom smellen. I 2000 hamna oljeprisen under 10 dollar fatet. Mange i bransjen møtte veggen. Å halda økonomien flytande var ein ting, men å halda på folka våre var desto viktigare. Første bod i Omega er å ta vare på dei tilsette. Bevara kompetansen.

 — Me sleit med å finna oppdrag til dei, men sette dei i jobb der me kunne for å bevara teamet vårt: papirjobbar på kontoret, og i verktøyboder på Westcon og Offshore Maritime i Sandnes. Langt frå fagfeltet deira og langt under kompetansenivået. Men Omega gjekk inn i det nye året med samtlege ti framleis i staben. 

— Me gjekk til og med i pluss det året. 300 000 i overskot. 

I 2001 tilsette han nr. 80 i Omega. Men då var det nok, Arne Gunnar kjende det var blitt for mykje. Sigmund tok over som dagleg leiar. Og kva skulle ein då setja Habbestaden til? 

— Ikkje kunne eg programmera og ikkje kunne dei bruka meg som konsulent. Men eg kunne då preika med folk. 

Dermed blei han første avdelingsleiar for konsulentsatsinga, og fekk reindyrka denne biten av selskapet der service og rekruttering var hovudgesjeften. Ein avdeling på 30 personar, deretter ny avdeling med endå nye 30. Det balla raskt på seg. 

— «Keep them happy», var vårt motto. I dag har Omega avdelingskontor verda over. 1,6 milliardar i omsetning og meir enn tusen medarbeidarar i over 15 land. Fleire av dei hugsar framleis oppdraget i verktøyboda og på administrasjonskontoret då oljafatet låg under 10 dollar i 2000.

Han hadde aldri sett for seg kva som skulle veksa opp rundt han i Ølensvåg. Ikkje berre på Omega, men også i næringsnabolaget; Westcon, Ølen Betong, Berge Sag. — Me har ein kultur for å gjera kvarandre gode her ute. Når ein av oss får det til, blir ikkje naboen misunneleg. Tvert i mot. Me heiar på kvarandre. «Og dersom han får det til, kanskje kan også eg klara det?» Samarbeidet har gjort oss betre. Hadde det ikkje vore for Westcon, Ølen Betong og Berge Sag hadde nok aldri Omega kome seg ut av små-bedrift-kategorien, held han fram. 

Tomtenisse? — Å ha tomter og bustader tilgjengeleg i kommunar som dette er fyrsteprioritet. Det er ikkje mange stader som Vindafjord som kan skilta med netto innflytting, og då må me ha bustader klare for alle som vil, seier Habbestad. Det er alltid ein tomtetanke bak planane hjå Habbestad. (Foto: Jan Nordtveit.)


Og det var nok heller ikkje noko tilfeldighet at Vindafjord Næringshage - som fram til 2012 hadde vore eit luftslott - fall i hendene på Omega-klanen. Prosjektet hadde vore diskutert i årevis, men ingen hadde faktisk klart å dra det i gang. Næringshagen skulle gi starthjelp til småbedrifter, danna eit fellesskap av gründerar i oppstartfasen og næra grobotnen for ytterlegare næringsvekst i kommunen. Databedrifta i Vågen hadde etter kvart opparbeidd seg eit velunt rykte for ufråvikeleg gjennomslagskraft, og til slutt bad kommunen Omega ta styringa. Styret spurte om ikkje Arne Gunnar kunne leia arbeidet. 

— Jo det kan eg sikkert få til, sa Arne Gunnar. 

Eit lite år seinare overvar oljeministeren opningseremonien av næringshagen i Vågen. Nye kontorlokale var ferdigbygde og mange bedrifter hadde flytta inn. Skiltet var på plass over inngongen ved Kiwi-bygget. Snora blei klypt. Men sjølve søknaden om å få næringshage -status var enno ikkje innvilga i den offentlege forvaltninga. 

— Me må ta litt riskar av og til. For å få ting i gang kan me ikkje alltid venta på at alt er 100 %. Omega tok ein råsjans og føregreip situasjonen. For dette var eit nøkkelprosjekt for nærinsgutviklinga i kommunen. Vindafjord har aldri skåra høgt på nyetableringar. Dei fleste nye bedrifter er del av dei allereie store etablerte aktørane her. Men om nokre år trur eg somme av bedriftene i dagens næringhage kan vera vel så store.

Som dagleg leiar i næringshagen har Arne Gunnar fått 20 små bedrifter i kontorfelleskapen i andre etasjen over Kiwi i Ølensvåg. Med mottoet «har du ein gründer i magen?» klappar han seg noko sjølvironisk på eit heller godt utfyllt bukseliv, og presiserer 

— Me skal hjelpa deg i gong. 

Etter 12 år i byggeleiinga  i eit av dei største næringslivseventyra i regionen, var han klar for nye oppgåver. I 2007 hadde Omega nådd 250 tilsette. 

— Då gav eg meg, eg følte eg ikkje kunne gi stort meir. 

På bygda blei det sagt at Arne Gunnar skulle byrja snikra igjen. Men i god Habbestad-ånd låg det meir samfunnskremmeri bak det ny snikkeriet. Omega trengte meir plass, og Habbestad fekk fatt i 3-4 snikrar til å utvida kontoret. Samstundes stanga bustadmarknaden i Vindafjord i taket. Dei unge ville heim, og næringslivet ville ha dei i jobb. Deriblant Omega. Men det var vanskeleg å finna hus til vituge prisar. På denne tida var det heller ikkje lett å få tak i snikrar. Gjengen som var i sving på det nye Omega-bygget måtte ein prøva å halda på etter beste evne. Arne Gunnar hadde erfart kor viktig det var å halda på folket og på kompetansen. 

— Dette må me jo finna ei løysing på, tenkte Arne Gunnar. 

Han etablerte Omega Byggservice og slo to floger i ein smekk: Han gav snikrane jobb, og nytt mandat: bygg småhus til overkommeleg pris for unge heimflyttarar til Vindafjord. 

— Arne Gunnar klarer å tenkja ut løysingar så gode at folk ikkje klara seia nei til å bli med på det, blir det sagt i Vågen. 

Som å fiksa bustadmangel for sårt trengt arbeidskraft og kompetanse til dømes. Eller gang- og sykkelveg på trafikksprengt fylkesveg-strekning. 

Det var etter kvart blitt risikosport å ferdast på strekninga langs Riksveg 543 frå Statoil-krysset i Ølensvåg utover mot Bjoa. Ein salig mix av fastbuande mjuke og harde trafikantar, lærarar og elevar ved Lundeneset, 900 brakkebebuarar på Westcon og hundrevis av andre tilreisande att og fram mellom dei mange bedriftene langs strekninga. Og ein stadig tettare straum av tungtrafikk. Vegen hadde alltid vore skummel, og folk var gira på å få til noko. 

— Me må då kunna finna ei løysing på dette, tenkte Habbestad.

Initiativet kom heilt og haldent frå privat hald, Arne Gunnar leia an med Vindafjord Arbeidsgiverforum (VAF) i ryggen. 


— For å få noko slikt til, er første regel at alle må vera samde om å bli med, poengterer han.

Så tok han for seg dør for dør langs strekninga. Han fekk alle grunneigarar til å signera og gi vekk eigendom til 10 kr kvadraten. Ballen rulla. Etter nærare fire år var 1,4 km gang- og sykkelveg på plass. Nok ein gong hadde friviljugheita og næringslivet spelt på lag. Og fått gjennomslag. Som i så veldig mange tilfelle.

 I årevis hadde Ølen Idrettslaget diskutert nytt klubbhus. Fru. Habbestad sat i valkomiteen og sleit med å få inn folk i styret. 

— Ein av oss må stilla, sa ho til ektemannen. 

Arne Gunnar konkluderte raskt med at han truleg kunne bidra meir i idrettslaget enn han kunne i husarbeidet heime i Vågen. Så då stilte han. Og det gjekk mistenkeleg kort tid frå han tok plass i styret til flunkande nytt klubbhus var under oppsegling. Kunne du tenkja deg å vera byggleiar, lurte idrettslaget.

 — Ja, det kan eg sikkert, sa Arne Gunnar. 

Klubbhuset er forventa ferdig våren 2015. 

— Seier du nokon gong nei, Arne Gunnar Habbestad? 

Han smiler

- … ja. Nja. Om du spør kona, så… 

Men elles skal ein leita lenge etter dei som har fått negativ respons. Han har ubetinga tru på verdien av dugnadsarbeid og frivillighet. 

— Det er uvurderleg. Tenk om all dugnad og timar brukt på lags- og organisasjonsarbeid skulle vore løna kommunalt? Trenarar og oppmenn, til dømes. År ut og år inn på lag med born og ungdommar. Kommunane hadde aldri klart det, og laga får for lite tilbake for den samfunnsinnsatsen dei gjer. 

Det er sjeldan kritikk å høyra frå Habbestaden. Men her klarer han ikkje å halda seg. 

— Det aktive og samfunnsengasjerte næringslivet i Vindafjord er blitt ei sovepute for kommunen. 2,5 millionar frå VAF går til klubbhuset. Kommunen spyttar i 10 000. Det same med tomter- og bustadmarknaden. Også her har kommunen sove i timen. Næringslivet var dei som måtte ta tak i situasjonen. Og dei som løyste han. 

Og den situasjonen har han framleis stålkontoll på. Mellom bunkar av reguleringsplanar, tomtekart og kjøpekontraktar tar han i mot utbyggjarar, entreprenørar og bustadjegerar. Tomter og bustader er framleis noko som held han meir enn oppteken. Særleg etter oppstarten av Vikaneset i Skjold, eit bustadfelt med rom til 70 einebustader og båtplass til 120 båtar. 

— Eg såg potensialet der ute og fekk med meg Sigmund og Øystein Matre. Dette kunne me vel få til? 

I skrivande stund er neset i Skjold ei maurtue av gravemaskiner og lastebilar. Grunnmurane til dei første husa er på plass, og salet går godt. 

— Kva er det neste som står på planen?

 — Tja… Me skal vel til med ein bruktbutikk i Ølen snart. 

Javel? 

— Det nye klubbhuset treng jo pengar, og me kom på dette med bruktbutikk. Men me ville jo ikkje ta inntektene frå den årlege loppemarknaden til kyrkjetunet. Så me fann ei grei løysing på det. Me spleisar på butikklokale i Ølen, og deler inntektene. 

— Ja, men det er ikkje eg som styrer det altså. Eg har berre hatt ein finger med i spelet.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden