- God tur, Hoksrud! 

Med ei klår ordre frå Vindafjord friskt i minnet sette statssekretær i Samferdseslsdepartementet, Bård Hoksrud seg i trailerhytta for å bli med Fatland over fjellet tysdag. I skrivande stund får statssekretæren sjølv kjenna vintervegane mellom Haugesund og Oslo på kroppen. 

Hoksrud-turnèen starta i Bergen tysdag morgon, med kurs mot Oslo. Frå Ølensvåg haikar han vidare med Fatland-traileren som har kurs austover. Og med vêrvarslinga sine åtvaringar om særdeles vanskelege køyreforhold over fjellet tysdag og onsdag, blir det moglegvis ein lengre tur enn planlagt for statssekretæren. Før turen gjekk austover, svinta Hoksrud innom Ølensvåg, der ein samla delegasjon frå næringsliv og politikk venta. 

Vegvesenet sitt konklusjon der E134 blei dregen fram som det overlegent beste alternativet til hovudtrase mellom aust og vest, blei teken i mot med stor jubel i regionen. 

 

På tysdag var politikarar og næringsliv frå Haugesund, Vindafjord, Etne og Odda samla med ei felles appell til statssekretær og regjering: Følg for all del den faglege konklusjonen. 

 - Vegvesenet sitt råd i denne saka er sjølvsagt viktig, men nå vil me også høyra frå næringsliv og politikarar lokalt rundt denne saka, innleia Hoksrud før han gav ordet vidare til næringslivet som sjølv kjenner vegproblemtikken både på klokka så vel som rekneskapet året gjennom.

Før han kasta seg inn i passasjersetet med Inge Fatland bak trailer-rattet, fekk blei han oppdatert på E134-status for transportnæringane i Vindafjord.  Fatland driv sjølv eit selskap som dagleg sender 20 vogntog i døgnet frå Ølen til Oslo og Trondheim. Blant dei meir belastande strekningane for transporten er mellom Seljestad og Røldal, påpeika Fatland. 

 - Gjennomsnittleg på turen frå Ølen til Oslo brukar eit vogntog 5,5 liter diesel på mila. På strekninga Oslo – Trondheim går det til samanlikning med 3,1 liter per mil, fortel Fatland. 

 Berre på strekninga frå Røldal til Røldal skisenter går det med mellom 25 – 30 liter per mil. Så kjem slitasje og driftskostnadar utanom drivstoff i tillegg: Medan eit vogntog held ut 1,2 millionar km på strekninga Oslo – Trondheim, vil eit vogntog som køyrer ruta Ølen – Oslo halda kun til like over halvparten, ca 700 000 km. 

 Geir Arild Søndenå ved Ølen Betong påpeikar at vegstandarden aust-vest er eit hinder for selskapet i ein stadig skjerpa konkurransemarknad. 

 - Me har totalt 120 køyretøy på vegen dagleg, av desse går mellom 6-8 over fjellet kvar dag. Austlandet er ein stor del av marknaden vår, og for å framleis vera konkurransedyktige etter kvart som andre selskap frå både Danmark og Sverige pressar seg på, vil me vera sterkt avhengige av å utvida marknaden vår austover, seier Søndenaa. 

Om ikkje Westcon har eigne trailerar som køyrer strekninga dagleg, merkast vegstandarden godt også på verftet i Ølensvåg, når leveransefristane blir brotne grunna forseinka varer frå austlandet 

- Det er om lag 20 trailerar nedom vårt anlegg kvar dag. Grossistane våre har lager i sentrale strøk i landet, og ein av våre største bekymringar er om varene våre er her neste dag som planlagt. I vinterhalvåret risikerer me å måtta venta 2-3 dagar på varer me er avhengige av for å fullføra riggprosjekt. Dagsbøtene ballar på seg om ikkje me får levert som avtalt, seier Arne Matre i Westcon. 

 Store deler av strekninga Stordalen – Solheim er allereie under utbetring, og sjølv om ny veg på heile E134 mellom Haugesund og Oslo er på toppen av ønskelista, er likevel strekninga mellom Seljestad og Røldal klar for oppstart allereie nå. 

 - Desse vegplanane er så klare at dersom regjeringa vil forsera dette, og kutta høgdemetrane for transporten på denne strekninga vil berre dette vera ei betydeleg forbetring for både næringsliv og miljø, påpeiker Petter Steen jr.  


Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden