Frisk bris i næringshagen

Det bles opp til meir medvind i distriktet. Eit fornya styre med fleire nye eigarbedrifter i ryggen utvidar horisonten og inviterer endå fleire bedrifter inn i næringshagen, både frå Etne og Vindafjord.

- Me er opptekne av arbeidsplassar, innovasjon, næringsutvikling og ein attraktiv arbeidsregion. Kommune- og fylkesgrenser blir kunstige i den samanhengen, og det er naturleg for oss nå å sjå over Fikse og utvida næringshagen til å omfatta Etne, seier styreleiar i Medvind Næringshage, Sigmund Lunde. 

- Me har eit svært solid styre der medlemmene har brei kompetanse og allsidig erfaring, som me kan dra nytte av i den daglege drifta av næringshagen.  Det er utrtuleg kjekt å ha med seg så mange nye , samstundes som eg er ganske fersk i stillinga sjølv, seier dagleg leiar Merete Vårvik Matre som starta i stillinga i sommar. Frå  venstre: Merete Vårvik Matre, Per Fatland (Vindafjord kommune), Gunnlaug Habbestad (Westcon Yards AS), Sigmund Lunde (Omega AS), Tor Magnar Kambe (Fatland AS), Åse Tveit Samdal (Validé Haugesundregionen) og Leif Grindheim (Legria AS). 

Berre i løpet av tre år har Medvind Næringshage vakse til å omfatta ikkje mindre enn 24 bedrifter som i dag har kontoradresse i Medvind-bygget i Ølensvåg. I tillegg til å vera eit kontorfellesskap, tilbyr næringshagen starthjelp for verksemder i etableringsfasen og rettleiing for bedrifter som ønskjer vidare vekst og utvikling. 

Nå vil næringshagen femna om meir, både i geografi og i kompetansebreidde. 

Vil utvida fagbreidda

Næringshagen skal ikkje berre vera sentrert om næringslivsklynga i Vindafjord, meiner dagleg leiar Merete Vårvik Matre. 

- Me skal vera ein motor for næringsutvikling innan eit breitt næringsliv i eit større distrikt. Me vil gjerne ha med oss endå fleire, både på eigarsida så vel som del av Medvind-nettverket, seier Matre, som har med seg heile fire nye styremedlemmer når næringshagen nå utvidar horisonten. 

Nye i styret er Tor Magnar Kambe frå Fatland AS, Leif Grindheim frå Legria AS, Per Fatland som Vindafjord kommune sin representant og Åse Tveit Samdal frå Validé Haugesundregionen (tidlegare iPark Haugesundregionen). Styreleiar Sigmund Lunde frå Omega og styremedlem Gunlaug Habbestad frå Westcon held fram frå tidlegare periode. 

Saman med Matre er dei nå på offensiven etter å knyta til seg eit endå breiare næringsliv. 

- Det er allereie eit allsidig nettverk av bedrifter som er samla under same tak i Medvind-bygget. Desse verksemdene drar nytte av kvarandre sin kompetanse og erfaring frå kvar sine fagfelt. Likevel vil me utvida breidda av fagkompetanse. Dette vil styrka oss både som rettleiar for nyetablerte selskap, som bidragsytar for bedrifter som ønskjer vidare vekst, og som pådrivar for ytterlegare utvikling av næringslivet i distriktet, seier Matre. 

Opnar for Etne-bedrifter på eigarsida

Åse Tveit Samdal er fersk som styremedlem i næringshagen, men har god kjennskap til Medvind gjennom arbeidet sitt i Validé Haugesundregionene. Ho meiner Medvind står godt rusta for vidare utvikling. 

- Næringshagen i Vindafjord har eit ypparleg utgangspunkt med det sterke næringslivet i ryggen. Det er både kompetanse og vilje i og rundt næringshagen for å få dette til. Utfordringa framover blir å endå betre synleggjera kva tenester næringshagen tilbyr, og ta ein endå tydelegare posisjon som sentral aktør innan næringsutvikling og innovasjon i disktriktet, meiner Samdal. 

Også på eigarsida har næringshagen fornya seg. Knapphus Gruppen, Hatteland Group og Tveit Regneskap er nye i eigarskapet. 

Samstundes arbeider styret vidare med ytterlegare emisjon, og legg breisida til for å få bedrifter frå nabokommunen over Fikse inn i folden. Medvind Næringshage skal nå invitera næringslivet i Etne inn i hagen, anten som eigarbedrifter, målbedrifter eller som del av kontorfellesskapet. 

- Næringslivet i Vindafjord har ytra eit tydeleg ønskje om ein større kommune. Næringshagen i Vindafjord har vore ein suksess og eg er overtydd om at denne satsinga kan ha same positive effekten for næringslivet i Etne kommune også. Men for å få det til er me avhengige av viljuge krefter i Etne som kan dra i lag med oss om dette, poengterer styreleiar Lunde.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden