Fem nye breibandsprosjekt i Vindafjord

Styresmakter på høgaste hald har i fleire år snakka om breiband til alle. Breitt breiband. Og då er det fiber som gjeld. Iallfall med dagens teknologi.

I Vindafjord har om lag halvparten av husstandane tilgang på breiband i fiber. Går det som samfunnsutviklar Erik Baust vil, så kan i overkant av tre hundre fleire husstandar få tilbod om fiber i løpet av dei næraste par åra. 

- Me må ha eit mål om breitt breiband til alle, men ulike utfordringar gjer at det med dagens teknologi vil ta noko tid. I dei mest grisgrendte områda vert kostnadane per eining for store til at fiberutbygging kan forsvarast i denne omgang, men frå kommunen si side vil me gjere det me kan for å få til ei breiast mogleg utbygging, seier samfunnsutviklar Erik Baust i kommunen, utan å gå inn på kor mykje kommunen kan legge i potten og kor mykje andre aktørar må bidra med for at dei kommersielle utbyggarane skal sjå seg mon i prosjektet. 

Kartlagt aktuelle prosjekt 

Kommunen har gitt Medvind Næringshage og Etne & Vindafjord Næringsutvikling (Fikse) i oppdrag å kartlegge og vurdere aktuelle utbyggingsprosjekt. Kartleggarane har konkludert med fem aktuelle område som kan byggjast ut med overkommelege tilskot frå det offentlege og andre bidragsytarar. 

- Det er dei kommersielle aktørane som kan og skal stå for utbyggingane, men i område der kostnadane per kunde blir for store til at det er interessant for utbyggarane å tilby fiber, må kommunen med samarbeidspartnarar bidra. I denne omgang har me kome fram til fem område der ein kan forsvare ei utbygging med overkommeleg bruk av tilskot, seier Baust. 

Fem aktuelle strekningar 

Dei fem områda er strekninga Nerheim – Økland, Sandeid – Steinsland, Vikedal – Mo, Roa – Dreganes og Dørheim – Fikse. På desse strekkene har ein potensielt 333 kundar utifrå kartlegginga næringshagen og Fikse har kome fram til. 

- Det blir opp til dei kommersielle aktørane å kome i gong med utbygginga, men med midlar frå kommunen, og kanskje frå Vindafjord Arbeidsgiverforum og nokre andre rike onklar, så vonar eg me kan vera i gong med det første prosjektet alt til hausten. Eg vonar me kan ha eit tilbod til alle på desse strekkene i løpet av eit par år, seier ein optimistisk Baust. 

Han er òg optimistisk med tanke på dei som ikkje får tilbodet denne gongen. 

- Den teknologiske utviklinga går heldigvis fort, og sjølv om ein med dagens teknologi ikkje godt kan forsvara utbygging til dei mest avsidesliggande kundane, så trur eg framtida vil gjera det mogleg å tilby dei aller fleste – om ikkje alle – eit breitt breiband, trur samfunnsutviklaren.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden