Fekk 4,1 millionar til breidbandutbygging

Vindafjord kommune tok heile potten med tilskot til breibandutbygging i Rogaland. Samfunnsutviklar Erik Baust i kommunen seier det både er veldig gøy og overraskande.

Overraskande fordi Rogaland har så høg utbyggingsgrad på breiband allereie at det en vanskeleg å få tilskot. Vindafjord kommune har søkt ein gong før utan å få noko. 

Det er Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom) som deler ut statlege tilskot til betre breibandsdekning i Noreg. Breibandtilskotet går til område der kommersiell utbygging ikkje er lønsam. 102 søknadar frå 15 fylke kjempa i år om 126,5 millionar kroner. Først blei søknadane rangert av fylkeskommunane, og etter endeleg handsaming i Nkom fekk 30 prosjekt støtte. I Rogaland var det seks søknadar, og Vindafjord tok altså heile potten.

 - Eit godt stykke arbeid 

- Vi trudde i utgangspunktet ikkje at vi kom til å få støtte og er kjempeglade for at det slo til på denne måten. Årsaka trur eg ligg i eit godt stykke arbeid både med søknaden og kartlegginga som var grunnlaget for søknaden. Vindfjord kommune hyra inn Medvind Næringshage og Fikse Næringsutvikling til dette, og dei fortener all mogeleg ros for jobben dei har gjort, seier Baust. 

I Vindafjord er ein gode på å få ting til i lag, og det kan òg ha medverka til at kommunen stakk av med heile potten. I vurderinga av søknadane har nemleg Nkom lagt noko større vekt på lokal medfinansiering og kostnadseffektiv utbygging enn tidligare år. 

Inviterer til spleiselag 

4.103.000 kroner er på langt nær nok til å bygga ut fiberbreiband i dei fem områda som er med i søknaden. Pengane går inn i ei fordeling av kostnadar mellom utbyggar, kommunen og eventuelt andre. Baust håper at næringsliv og andre interesser ser verdien av å bidra i eit spleiselag. 

- Førebels er fem område prioriterte, men det kan bli fleire, seier Asbjørn Moe, dagleg leiar i Fikse Næringsutvikling. Foto: Ellen Marie Hagevik

- Vi vil ha mest mogeleg for minst mogeleg, og det trengs nok minst to-tre gonger meir enn fire millionar kroner for å bygga ut dei prioriterte områda. Breibandutbygging er både samfunnsutvikling og næringsutvikling. Fiber vil gjera det attraktivt både for private og bedrifter å busetja og etablera seg, seier Baust. 

Fem område førebels 

Kartlegginga av dei prioriterte områda Nerheim – Økland, Sandeid – Steinsland, Vikedal – Mo, Roa – Dreganes og Dørheim – Fikse viser at det er 333 potensielle fiberkundar i utgangspunktet. 

- Alle desse strekningane er gode prosjekt og forlenging av eksisterande dekning. Førebels er desse fem områda prioriterte, men det kan bli fleire. Om det ikkje blir fleire, vil andre prosjekt rykka fram i køen mykje raskare, seier Asbjørn Moe, dagleg leiar i Fikse Næringsutvikling. 

- Kor raskt vil utbygginga kunna komma i gang? 

- Så fort som systemet tillèt det. Først må Vindafjord kommune gjera utbyggingsvedtak, deretter er det å hiva seg rundt og skriva tilbodspapir, seier Moe. 

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden