Eit steg på vegen mot å bli ingeniør

Sjur Lunde er ein av fem frå Westcon Yards i Ølensvåg som for tida tileignar seg nye kunnskapar om hydraulikk. Målet er å bli ingeniør.

Av Torleif Heggebø

Det er stor interesse for tilboda gjennom Westcon Akademiet. Sjur Lunde er ein av dei som benyttar seg av akademiet på vegen mot å bli ingeniør.

Etter 10 år ved verftet, dei to første åra som lærling, og seinare som industrirøyrleggjar med fagbrev, er han svolten på ny kunnskap og nye utfordringar.

- Tilbodet om karrieresamtalar og tilrettelagt vidareutdanning via Westcon Akademiet var svært kjærkome, og no var det naturleg for meg å få litt meir kunnskap om faget eg driv med, seier Sjur Lunde.

-Eg har i alle år utført arbeid etter teikningar, men synes det er greitt å få meir kunnskap om korleis dei ulike komponentane fungerer. Det får meg til å skjøne jobben min betre, og gjere meg meir medviten på kvifor me gjer ting akkurat slik og slik.

-Eit positivt spark bak

Gjennom Westcon Akademiet deltek dei fem industrirøyrleggjarane på eit kurs ved Stavanger Offshore Tekniske fagskole. Kurset inneheld både teori og praksis, og går over fire vekesamlingar. Deltakarane får løn under studiane, og kursa er dekka av Westcon og Vindafjord Arbeidsgiverforum (VAF).

-Kan hende hadde eg tatt utdanninga på eiga hand ein gong, men det var ekstra lett å takka ja til eit fagleg og økonomisk godt tilbod. Utan tilbodet ville kanskje vegen fram mot målet om å bli ingeniør blitt ein god del lenger. Tilbodet har gitt meg sparket bak som måtte til for å ta eit steg vidare. 

Tilbodet har gitt meg sparket bak som måtte til for å ta eit steg vidare.

På eige initiativ tek eg no kveldskurs i matematikk og fysikk ved AOF i Haugesund for å kvalifisera meg til ingeniørstudiet litt fram i tid, fortel industrirøyrleggjaren.

Større behov

HR-direktør Stein Fridfeldt (t.v.) legg til rette for at Sjur Lunde og andre Westcon-medarbeidarar kan ta vidareutdanning via Westcon Akademiet.

HR-direktør Stein Fridfeldt fortel om stor interesse for vidareutdanning gjennom Westcon Akademiet.

-Behovet er nok framleis større enn det me kan dekke, og ønska om kurs er mange. Me tilrettelegg for vidareutdanning i kombinasjon med ønska frå dei tilsette og verksemda sitt behov for kompetanse. For tida har me gåande ei opplæring av prosjektleiarar i tillegg til kursinga innan hydraulikk. Opplæringa er i regi av Vindafjord Arbeidsgiverforum og førelesarane er frå BI i Stavanger. Av totalt 16 deltakarar kjem heile 11 frå Westcon - 8 frå Westcon Yards og 3 frå Westcon Power & Automation, fortel HR-direktøren.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden