- E134 over Haukeli er vegen å gå

Endeleg ei oppløftande vegmelding for vegforkjemparane i næringslivet: E134 over Haukeli er vegen å gå for utbetring av aust-vest-traséen. Lokale næringslivsaktørar har allereie starta diskusjonen om korleis dei kan bidra på (Haukeli-)vegen vidare.

Av Kari Aakra

- Ikkje overraskande, men svært gledeleg. Nå må me ikkje missa forspranget tilrådinga har gitt oss.

Dagleg leiar i Ølen Betong Svein Atle Berge, administrerande direktør Øystein Matre i Westcon Yards, styreleiar i Omega AS Sigmund Lunde, konsernsjef Leif Malvin Knutsen og teknisk leiar Inge Fatland i Fatland-gruppen, var samstemde under framlegging av rapporten torsdag kveld.

Ingen kroner er løyvde, og ingen sparetak er tekne, men likevel var rapporten verdt å spretta kransekaka for, samstundes som ho gav næring til diskusjonen om næringslivet si rolle i den vidare prosessen.

- I 2014 køyrde meir enn 2 000 bilar frå Ølen Betong på strekninga, og standarden er slik at me aldri kan vera trygge på om dei kjem fram. Det var jo ikkje overraskande det som kom frå Vegvesenet, utbygginga av E134 over Haukeli har jo i grunnen talt for seg sjølv i mange år. Nå er det berre om å gjera å halda presset oppe, seier Berge.

«Dette er ei melding frå Statens Vegvesen…»

Vegvesenet er klar i talen: "E134 bør byggjast ut mellom Drammen og Haugesund. Ein ferjefri E39 aukar betydninga av denne utbygginga", heiter det i tilrådinga. Blant 11 aust-vest-traséar som har vore under utgreiing , fekk E134 over Haukeli dei tre pallplassane som mest samfunnsøkonomisk vinnande:


  • E134 over Haukeli via Seljord
- Nettonytte*: - 1 mrd kr
- Reisetidsreduksjon Haugesund - Oslo: 1 time, 25 minutt
- Ny reisetid Haugesund-Oslo: 5 timar, 5 min








  • E134 over Haukeli via Rauland

- Nettonytte*: + 12 mrd kr.
- Reisetidsreduksjon Haugesund- Oslo: 1 time, 50 minutt
- Ny reisetid Haugesund-Oslo: 4 timar, 35 min







  • E134 over Haukeli med arm via Odda mot Bergen
- Nettonytte*:+ 26 mrd kr
- Reisetidsreduksjon Bergen- Oslo: 3 timar, 5 minutt
- Ny reisetid Bergen-Oslo: 5 timar


*Nettonytte:kva samfunnet får att målt i kroner når kostnadane ved det gjennomførte prosjektet er trukke frå nytten.

Gedigne utfordringar

Vegmeldingar frå Haukeli har ikkje vore av den gledelege sorten for bedriftene i Vindafjord, som dagleg er avhengig av å få leveransar over fjellovergangen året rundt.

- Men dette var ei utruleg gledeleg melding å få, og er noko me har jobba for i 15 år, poengterte teknisk leiar i Fatland-gruppen,  Inge Fatland, som også har vore involvert i arbeidet gjennom Haukelivegen AS.

- Dagleg køyrer meir enn 20 trailerar strekninga mellom Fatland Ølen og det sentrale austlandsområdet. Og utfordringane er gedigne. Når me har 12 timar på oss frå produksjon her i Ølen til varene skal vera framme hjå engroskundar på Austlandet, har me ikkje mykje tid å spandera på dårleg og vinterstengd veg. Det er store summar som går tapt, understrekar han.

Øystein Matre i Westcon Yards understrekar at ein ikkje må gløyma dei lokale delprosjekta i debatten: strekninga mellom Bakka og Solheim, og mellom Seljestad og Røldal, må ikkje framstå som flaskehalsar i fortsetjinga av prosessen rundt ny E134 aust-vest.

Premissgivande?

- Fjoråret var utfordrande, ein god del tungtrafikk tilknytte oss ble møtte av vintersteng E134 over fjellet og måtte ta Sørlandet for å komma fram. Det betydde forseinkingar i leveranse av delar og dermed dei ulempene det medfører for oss. Westcon har ikkje den største trafikken på denne strekninga samanlikna med mange andre selskap her i Haugalandsregionen, men likevel er E134 heilt essensielt å få på plass både for dei einskilde selskapa så vel som for den samla næringslivsregionen her på Haugalandet, poengterer Matre, og held fram:

- Næringslivet lokalt har ei viktig rolle å spela framover for at vegprosjekta ikkje skal missa trykket det har fått etter det klare signalet me har fått frå Vegvesenet nå, seier Matre, og får medhald frå Leif Malvin Knutsen.

- Det har vist seg tidlegare at næringslivet her kan bidra til å leggja premisser i den politiske diskusjonen. Me har  sett at haldningar til vegprosjekt politisk har endra seg etter påtrykk frå eit samla næringsliv, og eg trur me kan spela ei viktig rolle også nå, seier Knutsen.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden