Draumen om bustad

Kva må ein tenkje på når ein skal etablere seg med hus og lån? Silje Berge (25) er ei av dei som nett har realisert draumen om eigen bustad.


Silje Berge har lenge venta på moglegheita til å kjøpa seg sin eigen bustad, no har ho fått fast jobb og endeleg klart å spare opp nok eigenkapital. 25-åringen gjekk i juni til innkjøp av ein tomannsbustad i Vågshagen i Ølensvåg. Ho jobbar til dagleg som ingeniør i Omega Areal i Ølensvåg, ein jobb ho har hatt sidan august 2019. 

- Eg sette meg eit mål om å kjøpe bustad etter eg fekk meg fast jobb. Eg sparte ein fast sum kvar månad, eg trur ikkje det hadde gått viss eg ikkje hadde gjort det. I tillegg hadde eg BSU som kom godt med, fortel Berge. 

Banksjef i Sparebank 1 SR Bank i Ølen, Magne Christiansen meiner det er lurt å spare pengar, og at ein bør byrja så tidleg som mogleg. 

- Det som er den beste måten å spara til bustad på er BSU. Her får ein god rente på innskotet i tillegg til eit skattefrådrag kvart år for summen ein har spart opp. Ein må ha ei viss inntekt for å få skattefordelane, så ein bør venta med å spara i BSU til ein har det på plass. Du treng heller ikkje å oppløysa BSU-kontoen, om du vil spare fleire år på den, men du kan ta den med i utrekninga for eigenkapital når du kjøper bustad, forklarar Christiansen.

Korleis hjelper banken? 

Ifølge Christiansen kjem banken til å sjå på spørsmålet om huslån som ei heilskapsvurdering, og noko av det viktigaste er at du som kunde har vist at du kan spare og har ein såkalla «sunn» økonomi. 

- Me har alltid som utgangspunkt at me ønskjer å hjelpa dei som ønskjer å kjøpa den første bustaden sin. For oss er det viktig at me lyttar til kundane, utfordrar dei og gir gode råd i heile prosessen, seier banksjefen. 

Christiansen kjem også med klar oppfordring om å vere realistisk i bustadprosessen. 

 - Det som er smart er å setja seg godt inn i prosessen med å kjøpa bustad og kva det betyr for økonomien din. Ver realistisk og kjøp ein bustad som passar til økonomien din, ofte har du ikkje sjans til å kjøpa «draumebustaden» den første gongen din. Det som er viktigast er å ta eit møte med ein rådgjevar i banken, for å få svar på dei spørsmåla du sit inne med, få gode råd, rettleiing og ikkje minst få ei oversikt over kor mykje du kan kjøpa for.

«Him til Etne»

Også autorisert finansiell rådgjevar i Etne Sparebank, Anne Grete Hilt, meiner sparing av eigenkapital er det aller viktigaste ein må tenkje på som ung ny-etablerar. 

- BSU er som kjent den aller beste måten å spare til bustad på, og mitt tips for å klare å fylle kontoen er å ha god kontroll på forbruket ditt, kjøper du pølse på Shell tre gonger i veka blir det fort pengar av det. Sett deg opp eit budsjett, ver realistisk og ta små steg, rådar Hilt. 

Etne Sparebank har eit eige bustadlån for dei som er kunde i banken og som flyttar til Etne. Dette lånet har ei gunstigare lånerente dei to første åra. 

- Lågare rente har absolutt noko å seie for økonomien til ein første-gongsetablerar, me har ikkje stor pågang på dette lånet, så her er det framleis potensiale, slår ho fast og viser til at bakgrunnen for at lånet kom på plass var å skape vekst i bygda. 

Lokale rådgjevarar

Både i Vindafjord og Etne er det ledige tomter, og spanande husprosjekt i gang. Tomtselskapa i begge bygdene har oversiktlege nettsider som viser ledige tomter i alle grender. Husprosjekt er det vanskelegare å finne ei samla oversikt over. 

- Men det rører seg mykje på den fronten, fortel Morten Helland i Vindafjord Tomteselskap.

Seljar i Berge Sag, Ellef Kvalvågnes fortel at dei har stor pågang på husbygging, sjølv om dei ikkje har prosjekt med ferdighus i regionen nett no. Han meiner det er viktig å bruke fagfolk i byggefirma som gode rådgjevarar når ein har planar om å skaffe seg bustad.  

- Dei som er på førstegongsreis må finne ut kva hus dei kan bygge med dei økonomiske rammene dei har, det er viktig så ein ikkje går i gang med eit prosjekt som blir knust. Me kan vere med på den reisa, som realistiske og gode rådgjevarar, fortel Kvalvågnes som er at dei fleste som byggjer i regionen anten vil bu sentralt, eller så kjøper dei seg eit småbruk. 

- Me ser stor pågang etter koronatida, så det er tydeleg at mange har hatt god tid til å finne ut kor dei ynskjer å bu, og til å legge planar, fortel han. 

Også han slår eit slag for sparing til bustad, og økonomikunnskap som han meiner burde vere spelt ein langt større del i skulen enn den gjer i dag. 

Smarte husløysingar

Det er TG Bygg som skal stå for bygging av bustaden til Berge i Ølensvåg som skal være klar i november. TG Bygg satsar stort på smarthus og har gjort det til si «nisje». 

- Eg trur det er viktig at prisgunstige, moderne leilegheiter som har god vidaresalsverdi er klar til førstegongskjøperar. Då vil leilegheitene kunne brukast som eit fint springbrett inn i bustadmarknaden, fortel Dagleg leiar i TG Bygg, Thomas Gausvik, før han fortset:

Han fortel vidare at det har vært rolege tider på tomtesal i Vågshagen, men at det har losna bra dei siste to åra. 

- Me har selt fem bustadar i Vindafjord kommune sidan påske, der fire av einingane er selt til førstegongskjøperar. Det viser at konseptet vårt treff ganske nøyaktig der det skal, og at rundt dei nye bustadane veks eit miljø med yngre førstegong-etablerarar.

Klart i november

Silje Berge var ikkje i tvil om at det var i Ølensvåg ho skulle busetja seg. 

- Det er jo her eg har vakse opp. Både familie og venner er her så eg såg ikkje behov for å flytta vekk. I tillegg bur eg i gå-distanse til jobben, noko som eg også ser på som eit stort pluss. Eg gler meg mykje til å flytte inn i eigen bustad, dette har eg sett fram til lenge og det var heilt fantastisk at eg fekk det til når sjansen dukka opp, avsluttar Silje Berge engasjert. 

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden