Dobla anlegg for dobbel produksjon

Fatland har investert nærare 300 millionar i Ølen, og dobla produksjonen med nytt og utvida anlegg. Men Fatland er langt frå ferdig utbygd. Allereie går slakteriet med planar om ytterlegare utbygging.

Av: Kari Aakra

Publisert: 22. september 2016

Fatland i Ølen skal bli enno større. Nyleg opna slakteriet eit 300 millionar kroner nytt anlegg, men går med planar om ytterlegare utbygging. 

For ein månad sidan var det offisiell opning av det nye Fatland-anlegget i Ølen, der det er investert nærare 300 millionar kroner på 12 000 nye kvadrat over tre etasjar. 

Nok eit nytt byggesteg er planlagt, og Fatland førebur seg på utbygging for meir effektiv produksjon i Ølen. 

- Sidan 1974 er anlegget i Ølen blitt utvida 15 gonger, men det er ein heilt anna dimensjon på utbygginga denne gongen. Nå konsentrerer me oss om å få på plass alt av utstyr og system i dei nye lokala. Om eit par år skal me utvida med nytt automatlager og fryseri i tillegg. Me vil nok aldri bli ferdige med å byggja, seier dagleg leiar ved Fatland Ølen, Svein Fatland. 



Satsar på automatisering 

Med sesongarbeidarar er det 370 tilsette ved Fatland Ølen. I dag blir det produsert om lag 27 500 tonn ved slakteriet. Totalt vil det nye anlegget ha kapasitet til å produsera 50 000 tonn kjøt når alle delar av anlegget er ferdigstilt. Og det med same tal på tilsette som i dag. 

Automatisering er nøkkelen til framtidsretta produksjon, seier Fatland. 

- Kongstanken er å få mest mogleg kjøt gjennom Ølen og ut i Noreg. Det skal ikkje vera dyrare å produsera bacon i Noreg enn i Polen. Det er slik me ønskjer å bidra til å sikra norsk landbruk. Me skal vera eit effektivt ledd mellom bonde og kjedene, seier Fatland. 

Sjølv om det nye anlegget er opna, står det framleis att å installera og setja i drift nytt utstyr og nye system for fleire av avdelingane. Nye system skal sørgja for at linja frå lager til transport går automatisk utan handkraft. 

Me vil aldri slutta å byggja. Det gongen me blir ferdige med det, er me verkeleg "ferdige"
- Svein Fatland

Med det nye automatlageret, som er tenkt på plass i løpet av dei neste to åra, vil pakkeliner frå alle tre råvareavdelingar gå automatisk. Frå slakteavdelinga, skjereavdelinga og salte- og røykjeavdelinga skal varene automatisk bli pakka og levert til transport ut til industrikundane. Kundane sine ordrar vil gå direkte inn i systemet som dermed skreddarsyr leveransen som går ut. Frå varene forlét pakkemaskinen til sjåføren hentar varene ferdig pakka og emballert, er det ikkje ein einaste person som tar i vara. 

- Dette sparer oss for enormt med arbeid, og sørger for sikrare leveransar til kundane. Det blir ei ny verd når det nye informasjonssystemet mellom oss og kunde er oppe og går. Kundane vil heile tida sjå kva me held på med, kva me har på lager og kva me produserer til ei kvar tid, fortel Fatland. 

Treng større volum 

Frå 2000 – 2016 har Fatland hatt 10 prosent vekst kvart år, med unntak av fjoråret då veksten nådde rekordhøge 20 prosent. 

- Når me får automatisert linjene våre, og utnytta dette utan å auka arbeidskrafta vil slakteriet her vera på linje med dei fremste i Europa. Men Europa slår oss på volum, seier Fatland. 

Slakteriet arbeider for å sikra seg endå større volum for å halda kostnadane nede. Fatland ser mange moglegheiter med automatiserte anlegg, men for å utnytta dette til fulle trengst det større volum. 

- Det er bøndene som heile vegen har vore i botnen for det me har utvikla her. Me er heilt avhengige av råvareleveransar. Me kan ikkje basera oss på å kjøpa slakt, då vil me missa konkurransekrafta i marknaden, seier Fatland.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden