Digitaliseringsløft gav vekst

Tveit Regnskap gjennomførte eit stort digitaliseringsløft i 2019, samstundes auka rekneskapsbyrået i Skjold inntektene med godt og vel 15,5 millionar kroner samanlikna med året før.

Dagleg leiar Jarle Haugen er godt nøgd med veksten i fjoråret, sjølv har han lang erfaring frå bedrifta, men vart tilsett som ny dagleg leiar hausten 2019. Resultatet for Tveit Regnskap før skatt i 2019 enda på 11 millionar i pluss, mot godt og vel 10 millionar i 2018. 

- I fjor feira me 50-årsjubileum, samstundes som me gjennomførte eit stort digitaliseringsløft, der om lag 600 kundar blei digitaliserte. Me auka og satsinga på sal og marknad i jubileumsåret, me ser jo effekt av det no. Og har me det bra, så går det også godt for næringslivet rundt oss, meiner Haugen.

Tveit Regnskap vart stifta av Jarle og Marit Tveit i 1969. I dag har firmaet 215 tilsette totalt, ved hovudkontoret i Skjold og dei 19 avdelingskontora. Den sterke distriktsprofilen til bedrifta er framleis viktig, tanken er at ein leverer betre tenester om ein er tett på kunden.

- Me har vekst og sunn økonomi som eigne mål. Når me leverer tenester innan økonomisk rådgjeving er det viktig å rydde i eige hus. Liv og lære heng saman, meiner Haugen.

Tettare kundekontakt

Digitaliseringa i rekneskapsbransjen fører til at dei tilsette i Tveit blir stadig meir rådgjevarar og bruker mindre tid på sjølve rekneskapsføringa. Målet er at dei skal kunne gi dagsferske råd om kva som er viktig for at bedriftene skal kunne utvikle seg i ein sunn økonomisk retning. Med 4000 unike kundar, der framleis mange er i landbrukssektoren er rådgjevingsbiten viktig.

- Digitaliseringsløftet gir oss tettare kontakt med kundane våre, no kan me fylgje den økonomiske utviklinga dag for dag. Me ser at rekneskapssystem som tradisjonelt har vore bygd for store konsern, no også er meir tilpassa dei mindre aktørane.

- Mange av dei som jobbar her har inntatt den rådgjevingsrolla for lenge sidan, me veit at rekneskapsføraren er ein viktig rådgjevar i mange vanskelege situasjonar, meiner Haugen og legg vekt på at bedrifta tidlegare har gjennomført kompetansehevingsprosjekt for å løfte opp rådgjevingstenestene i tillegg til dei digitale produkta.

Bedrifta har utvikla eit skybasert system som gir live-oppdatert informasjon om tala, Tveit har også fått på plass si eiga IT-avdeling som tilbyr kundane gode systemløysingar. Haugen slår fast at investeringa med å løfte opp digitalisering blant kundane kom godt med når nyåret og korona-viruset slo inn over landet.

- Midt i denne krisa klaffa investeringa vår godt. No har me alle tal ferske når bedriftene skal søkje på krisepakkar og kontantstøtte. Sjølv om dette har forenkla kvardagen for mange kunder, så er det framleis dei som ynskjer rekneskap på papir, det skal dei sjølvsagt få lov til, meiner Jarle Haugen.

Tveit Regnskap er som dei aller fleste andre heller ikkje upåverka av koronasituasjonen som rår i næringslivet og samfunnet elles. Sjølv om alle avdelingskontor har vore opne gjennom perioden baserte dei seg raskt på ei ordning der dei som ville det kunne ta heimekontor når Noreg stengte ned, noko som også gav sine utfordringar.

- Dette er jo høgsesong for oss, nå skal årsrekneskap og rapporteringar i mål. For oss er det viktig at me held oss friske og ikkje er ein risiko for kundane våre. Men me ser jo at det ikkje er så effektivt å føre rekneskap medan ein var heime med barnehagebarn eller dreiv heimeundervisning. Så me har ein del me må ta igjen no framover, heldigvis fekk me utsett fristen for innsending til 31. august.

I byrjinga av krisa var det mange telefonar inn frå kundar som frykta framtida.

- Me såg og at dette kunne bli veldig kritisk for mange, etter som tida gjekk og regjeringa la fram ein del tiltakspakkar fekk me og trua tilbake på at det kunne bli ein normal kvardag igjen. Men det kjem garantert til å ta tid.

- I denne perioden er det mange som har lidd, me har jo rekneskapstenester for mange av dei som har hatt problem, til dømes reiselivsbransjen og frisørar. Medan landbruksnæringa er så godt som upåverka.


Symbolsk kontantstøtte

Tveit Regnskap jobbar også strategisk mot nettopp frisør - og velværebransjen, dermed har dei og god kontakt med mange av næringane som no måtte stenge ned. Jarle Haugen meiner tiltak som å utsetje betalingsfristen for arbeidsgivaravgift og moms var gode, men etterlyser samstundes ein kontantstøtteordning med meir kraft i.

- Me ser jo at det er mange av dei store som vinn fram i kontantstøtte-ordninga som vart sett ned på grunn av korona. 10 000 kroner når ikkje langt når du har stengt ned og permittert alle dei tilsette, det blir nesten symbolsk.

- Reiselivsbransjen har eg hatt veldig vondt av. Mange der har bygd seg opp over mange år, og endeleg begynt å sjå ei viss inntening, og så blir ein sett 10 år tilbake på eit knips.

Samstundes meiner Haugen at koronasituasjonen også har sett ein del i perspektiv, både miljømessig og økonomisk.

- Det er kjekt å sjå at mat på bordet har fått ein ny verdi, og at ein kan ofre nokre flyreiser for maten. Det er strengt tatt lettare å digitalisere eit møte enn matproduksjon, slår han fast.



Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden